JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Fetteren til Odradek

Asbjørn Stenmark skriv som ein depressiv Kafka rusa på lystgass.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Asbjørn Stenmark er forfattar, busett i Stjørdal.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

3628
20220318
3628
20220318

Roman

Asbjørn Stenmark:

Krill

Solum Bokvennen

Krill er vanlegvis namnet til eit lite krepsdyr og favorittmat hjå bardekvalar, men i den litterære verda til Asbjørn Stenmark er det vanlege suspendert, og Krill er ein slags person. Rett nok vert han ved eitt høve mellombels kvalmat, men i kvalmagen møter han eit par fiskar og ein gamal profet, og der inne i kvalen har dei slikt å gjera: «Dagene fordrives med bordtennis og diskusjoner om hvorvidt det er legitimt å si nei til livet.»

Elles lever Krill i lag med ei forferdeleg bestemor, og skulle ein ta teksten for god fisk, ville ein ha sagt at boka skildrar barnemishandling, vald og brotsverk, men alt slikt, og det er det mykje av, vert presentert som om det ikkje har konsekvensar av noko slag. Her er også ein heller ynkeleg engel som tek seg mange røykepausar, og ein djevel i form av ein tysktalande friskus i blå joggedress.

Boka er inndelt i ei uhorveleg mengd stutte kapittel og kan slik sjåast som ei samling kortprosatekstar, men sidan alt handlar om Krill og personane han møter, utgjer korttekstane ein heilskap, med kinaputtsprang hit og dit, som regel ut i det imaginære.

Fantasiar

Kurt Vonnegut jr. meinte at hovudpersonen i ei bok skulle ha lyst på eitkvart, om ikkje meir enn eit glas vatn, og at forfattaren helst burde vera ein sadist, altså at han eller ho ikkje skulle tykkja synd i personane sine.

Stenmark lever godt opp til dette, for det går ikkje så godt med han Krill, men han har eit motiv, noko han vil finna ut av, og det er kva det er som står på ein gul lapp i handveska til bestemora.

Men den handveska er det ikkje råd å få fatt i. Krill tenkjer seg at det står fine ting om han på den lappen, han fantaserer om å lesa han, og er såleis ikkje ulik hovudpersonen i boka Dorés bibel av Torgny Lindgren, ein analfabet som etter mange år får eit brev frå far sin. Men her er også eit element av I straffekolonien av Kafka, ei kjensle av at det er dommen over livet som er skriven på ein stad eller eit vis som gjer skriftstykket utilgjengeleg.

Surrealistisk

Dei mange stutte tekstane sprett hit og dit, og sjølv om ein stundom ser dei som fine, små prosadikt (til dømes kapittelet «Arvegods»), er tonen heller munter, til dels komisk, med eit skrudd perspektiv, som når Krill har opna ei merkeleg ambulerande pølsebu med isbilmusikk, og ungane spring hylande straks dei ser han. Men dei spring då bort frå pølsebua.

Sjølv om innhaldet er tungt, er lynnet tidt lystig, som om boka er skriven av ein Kafka som har sniffa på lystgassen. Tekstane er absurde, burleske, surrealistiske, snodige og litt konstruerte som noko som absolutt må vera annleis. Krill er det ikkje råd å få eigentleg tak på, han er som ein slektning av det merkverdige vesenet Odradek hjå Kafka, men han er det i så enormt mange situasjonar at han berre vert meir og meir diffus. Ein tek seg i å lengta etter ein kontrast, eller at Krill rett og slett skal vakna opp frå den serien av draumar som livet hans ser ut til å vera.

Boka er velskriven, Stenmark har makt over språket, leikar med det stundom og har funne sin eigen stil og tone, men sjølv om ein kan ana element av undertekst, som barnet som ikkje vil verta vaksen, tradisjonens makt og lengten etter å verta sosialt akseptert, er Krill heile tida framand for lesaren, og etter kvart så grundig presentert at mystikken, som gjer han interessant, løyser seg opp.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Stenmark har makt over språket, leikar med det stundom og har funne sin eigen stil og tone.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis