JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ferdaminne frå Austerrike

Pål Veiden fortel seg på kryss og tvers gjennom eit land som trass alt har eigenskapar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pål Veiden er sosiolog ved Oslomet.

Pål Veiden er sosiolog ved Oslomet.

Pål Veiden er sosiolog ved Oslomet.

Pål Veiden er sosiolog ved Oslomet.

5456
20180907
5456
20180907

Sakprosa

Pål Veiden:

Landet uten egenskaper – et essay om Østerrike

Abstrakt forlag

Det er to slag sosiologar: Dei som mest elskar tal og abstrakte strukturar, og dei som mest og best fortel historier. Båe strategiar kan ordna erfaringane våre, men den siste er kan hende meir truverdig, ettersom han gjev oss direkte innsyn i korleis samfunnet fungerer. Akkurat slik store romanar viser oss det. Særleg om ein meiner at det er folk og ikkje strukturar som utgjer samfunnet. Eilert Sundt, til dømes, samtalte og fortalde historier om seg sjølv og om dei han møtte. Som om han var sosialantropolog ute i feltarbeid midt inne i ein framand stamme. Slik har også Vilhelm Aubert og Ottar Brox vore litterære sosiologar. Då hjelper det at dei har eit rikt språk å bruka som forskingsinstrument.

Gode språkgåver

Pål Veiden er ein sosiolog med særleg gode språklege gåver. Med desse har han sidan 1987 drive feltarbeid (ofte på kafear) i den framande stammen Austerrike. Arbeidet har resultert i eit doktorarbeid om systemet for forhandlingar partane i arbeidslivet der brukar. Då har han sikkert brukt mange abstrakte ord. Men no har han skrive ei eller mange forteljingar om Austerrike med normale ord, i form av eit (litterært) essay, der han ifølgje seg sjølv «kan unngå bastante påstander, skifte standpunkt, argumentere mot seg selv, og velge innganger eller metoder som i andre sammenhenger ikke passer».

Kva minner dette om? Sjølvsagt om det tvisynet journalisten Vinje brukte på si reise til Trondheim. Typisk nok inneheld boka eit underkapittel som heiter «Medaljens forside og bakside». Dette minner om måten Hans Magnus Enzensberger skildrar sju europeiske land i Akk, Europa! på, ved å henta ut typiske forteljingar frå livet i desse landa. Veidens bok kunne like gjerne heitt Akk, Austerrike!.

Utan faste grenser

Men boka heiter altså Landet uten egenskaper, ein tittel stolen frå ein nolevande forfattar, Robert Monasse, som sjølv har noko uklåre eigenskapar. Tittelen viser dessutan til ein roman av den avlidne Robert Musil. Og forståeleg: Austerrike har opp gjennom historia aldri hatt faste grenser, og landet har alltid vore del av større konstruksjonar: Det tysk-romerske keisarrike til etter Napoleonskrigane, og dinest det sentraleuropeiske imperiet Austerrike-Ungarn til etter første verdskrig. Nazistane meinte Austerrike berre var ein provins i Stor-Tyskland: Ostmark. Dei snakkar jo ikkje austerriksk, men tysk.

Etter krigen vart Austerrike eit lite (evig) nøytralt land utan deltaking i korkje den kalde krigen, Nato eller EU. Slik var særleg Wien eit stort hovud på ein liten kropp utan eigenskapar? Sjølvsagt ikkje i bokstaveleg forstand: Dette er eit metodisk-retorisk knep Veiden brukar for å få auge på eigenskapar som er i ferd med å vakse fram, og som han hentar fram gjennom ei historisk vandring.

Samstundes: Når ein sosialantropolog skriv om ein framand kultur, skriv han mykje om sin eigen. I dette tilfellet gjer Veiden det heilt medvite. Boka er òg eit åtak på norske fordommar om Austerriket, slik media framstiller dei: Hos dei har Austerrike heilt tydelege eigenskapar: Austerrike er og vil alltid vera eit land som ikkje har teke eit oppgjer med den nazistiske fortida si, og som difor i dag har eit stort naziparti.

Eigentleg er det omvendt: Noreg fryktar sjølv at vi er eit land utan eigenskapar: Vi er jo sjukleg opptatt av kva utlendingar meiner om oss: Kva (gode) eigenskapar meiner dei vi har? Den norske utgåva av Akk, Europa! måtte ta inn eit kapittel om Noreg, som ikkje var med i originalutgåva. Og når det gjeld vår nazifortid, tok vi eit for stort oppgjer med henne: Som einaste land gjorde vi det straffbart å ha vore medlem i nazipartiet, og vi innførte lover med tilbakeverkande kraft.

Tvisyn

Undervegs er Veiden ikkje berre litterær; han gjev mykje faktakunnskap. I hovudsak er boka ordna historisk-kronologisk, særleg frå 1918 av, slik at vi får justert fordommar om den første republikken i mellomkrigstida, sjølv om Veiden stadig skyt inn tvisyn. Eg trur særleg mange vil finna nytt stoff i framstillinga av den første etterkrigstida, då landet vart usynleg i skuggen av den kalde krigen. Vi vert også tilført mange tradisjonelle sosiologiske innsikter, særleg om det karakteristiske austerrikske forhandlingssystemet i arbeidslivet, som kan minna om det norske trepartssamarbeid, om enn eit par hakk meir korporatistisk, men med same gode resultat.

Har eg ikkje noko negativt å seia om boka? Tja, Veiden kunne kan hende ha skrive meir om framhaldet av kulturlivet i Wien. Framleis finn vi der det beste symfoniorkesteret i verda. Og i forlenginga av dette: Etter kvart kapittel gledde eg meg til det neste, men så var det brått ikkje fleire kapittel. Boka er for kort!

Om (litterær) kvalitet – og ikkje ideologi – tyder noko, kjem boka til å verta innkjøpt av ordninga for sakprosa. Dinest vonar eg at forlaget tar eit initiativ andsynes Norla, eit statleg organ som fremjar omsetjing av norsk litteratur. Ein skal ikkje sjå bort frå at det amputerte landet Austerrike liknar på Noreg i det at austerrikarane òg gjerne vil lesa om korleis utlendingar ser på seg.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Etter kvart kapittel gledde eg meg til det neste, men så var det brått ikkje fleire kapittel. Boka er for kort!

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis