Får folk i tale
Høegh gjennomfører prosjektet sitt med stor kunnskap og på ein unorsk måte.
Elida Høeg er journalist og skribent, busett i Barcelona.
Foto: Ángel Valiente
Bokmelding
Elida Høeg:
Håpet er i gatene. Historier frå Barcelona
Fanfare
I forordet presenterer forfattaren si eiga tilknyting til Barcelona, og bokprosjektet «går ut på å sette seg ned med ulike mennesker, skru på opptakeren og lytte». «På de neste sidene får folk tid til å fortelle hva som står på spill for dem, og hvorfor de handler som de gjør.»
Fire kapittel
Direkte og uformidla forteljingar til opptakaren, kan det sjå ut til, og så er boka også noko meir. Ho er delt i fire kapittel, i kronologisk orden og med definert konflikt:
«2008–2011: Å bli kastet ut hjemmefra» fortel om bustadbobla og krisene som oppstod då ho sprakk, og om folk som vart kasta ut or bustaden sin i Barcelona.
«2011–2014: Å okkupere en plass» fortel om då dei som mista heimen sin, gjekk saman på Placa de Catalunya med gjeldsoffer, arbeidslause, studentar og aktivistar og mobiliserte til kamp mot lokal og nasjonal sparepolitikk og korrupsjon.
«2014–2017: Å presses ut av sentrum» dreier seg om kamp mot turistifisering, gentrifisering og privatisering av offentlege rom i sentrum av Barcelona.
«2017–2020: Å fylle gatene med flagg» dreier seg om kamp for sjølvstende for Catalonia, politisk uro og konfliktar mellom lokale og nasjonale styresmakter. Forfattaren innleier kvar del med realkunnskap, med slike historiske, politiske og sosioøkonomiske fakta som plasserer og forsterkar innhaldet dei innfødde forteljarane legg fram.
Vidgjetne kvinner
Her er ikkje mange kjendisar blant informantane, men Simona Levi vart lokalt og nasjonalt kjend då ho avslørte korrupsjon i Bankia og bankens utdeling av rause kredittkort til fri bruk blant bankfolk, politikarar og fagforeiningsfolk. Og Victoria Álvarez Martín vart viktig i avsløring av korrupsjon rundt og i familien til Jordi Pujol, president i Catalonia frå 1980 til 2003.
Forfattaren må dra til fengselet der Carme Forcadell sit. Ho var president for parlamentet i Catalonia frå 2015 til 2018, kjempa for sjølvstyre for Catalonia og vart vidkjend då ho i oktober 2018 vart dømt til fengsel i elleve år og seks månader for opprør og oppvigleri.
Desse vidkjende kvinnene får same høve som alle andre informantar til å tale fritt. I eit etterord tek forfattaren opp att viktige tema, og her bommar ho ein gong på fakta når ho skriv at «det ble kjent at den spanske kongen hadde gjemt unna penger i skatteparadis, og brukt offentlige midler som egentlig var øremerket veldedige stiftelser på seg selv». Dette galdt gamlekongen Juan Carlos I (som no er i eksil i Abu Dhabi som gjest hos kongefamilien der), medan noverande kong Felipe VI ser ut til å ha gått fri for slike skuldingar.
Elida Høegh gjennomfører prosjektet sitt med stor kunnskap og stor innleving og på ein unorsk måte. Ho lèt forteljarar og informantar få tale fritt, ho støttar folk i kampar mot overmakt, og teksten er herleg fri for norsk, nordisk eller nordeuropeisk besserwissen eller arroganse overfor folk i middelhavsland og folk i kriser i Barcelona.
Birger Angvik
Birger Angvik er professor emeritus i latinamerikansk litteratur ved Universitetet i Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Teksten er
herleg fri for nordeuropeisk besserwissen.
Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB