Bok
Familie som fangenskap
Kjersti Kollbotns oppfølging av debuten frå 2009 krev enda ei oppfølging.
Kjersti Kollbotn tek opp tråden frå debutromanen i den nye romanen.
Foto: Marie Haugen / Cappelen Damm
Kring Forfattarstudiet i Tromsø er det skapt eit litterært miljø som dei siste tiåra har fått fram ei rad av habile forfattarar. Kjersti Kollbotn er ei av dei, men ho har selskap med Ingvild Solstad-Nøis, Ingvild Holvik, Sigbjørn Skåden, Morten Wintervoll og Michel Rindahl, for å nemne eit knippe. Liv Lundberg var drivkrafta i Forfattarstudiet i Tromsø frå starten på 1990-åra. I dag er Anne Oterholm leiar.
Kjersti Kollbotn debuterte i 2009 med romanen Eg er mamma. Eg skal vere god. Romanen vekte oppsikt med ei nærgåande skildringa av omsorgssvikt gjennom ei mor som var meir opptatt av eige driftsliv enn av dei to barna sine på tre og seks år, L og S. Nokon far fanst ikkje.
Manipulerande mor
No grip Kollbotn tilbake til debuten og følgjer denne vesle familien vidare. Barna S og L er tidleg i 20-åra, har flytta heimanfrå og til ein annan by for å studere, mens mora prøver å kontrollere dei over telefon, gjennom tekstmeldingar og personlege oppmøte. Men ingen ting er i vater hos desse folka, og Tordis eller Dis, som jenta heiter, har store problem med seg sjølv i møte med andre. Studia går fort i vasken, konsentrasjonen sviktar, ho prøver ein butikkjobb, ho blir kasta ut av hybelen, ho drikk og forfell og prostituerer seg tydelegvis for å få pengar. Broren greier seg betre, men symbolsk nok har han fått lærlingplass i eit gravferdsbyrå.
Men det overordna problemet er den dominerande, invaderande og manipulerande mora som heile tida heng over dei og drar dei tilbake eller støyter dei bort, alt etter som, og når dei prøver å konfrontere henne med sin eigen oppvekst, får dei tilbake at «fortid skal gløymast, gøymast».
Poetisk språk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.