Bok

Fakta og fiksjon

Elisabeth Beanca Halvorsen peiker på det åndelege slektskapet mellom forfattar og litterær karakter.

Elisabeth Beanca Halvorsen er forfattar og omsetjar, busett i Oslo, Wien og ved Isesjø.
Elisabeth Beanca Halvorsen er forfattar og omsetjar, busett i Oslo, Wien og ved Isesjø.
Publisert

Elisabeth Beanca Halvorsen har tidlegare skrive opplysande portrett av dei to kvinnelege nobelprisvinnarane Elfride Jelinek og Doris Lessing: Piker, Wien og klagesang. Om Elfride Jelineks forfatterskap (2010) og Doris Lessing. En litterær forfølgelse (2016). Ho held seg både til det strengt biografiske og ei friare, essayistisk tilnærming, og dette grepet nyttar ho også i årets bok.

I Flyktning i paradis oppsøker ho dødsstaden til sju kjende forfattarar som døydde mellom 1901 og 2001, men denne gongen lar ho litterære karakterar frå kvart forfattarskap presentere sin skapar. Dei sju er, kronologisk ordna etter året dei døydde, Dagny Juel, August Strindberg, Edith Södergran, Franz Kafka, Stefan Zweig, Karen Blixen og Tove Jansson.

Å gå inn i eit forfattarskap gjennom fiktive karakterar som forfattaren sjølv har skapt, er eit nokså uvanleg grep, men hos Halvorsen fungerer det svært godt, for ho lar karakterane vere både sjølvstendige og audmjuke i forhold til opphavet. Ja, tidvis lar ho også eit kritisk blikk sleppe til, slik barn og unge møter foreldra sine. Dei er tidlaust til stades, men ute av stand til å gripe inn eller endre noko; dei er no prisgitte Elisabeth Beanca Halvorsens fiksjon, slik dei før var prisgitte han eller ho som skapte dei.

Innlevande fantasi

Først ut er Ivi frå Dagny Juels einaktar Når solen går ned. Halvorsen har plassert henne på ein balkong utanfor rom 4 i det som i 1901 var Hotel Tiflis i Tbilisi, hovudstaden i Georgia. Her lar ho Ivi bli vitne til det som hende 5. juni 1901, da den polske familievennen Wladyslav Emeryk skaut og drap Dagny og seg sjølv i rommet innanfor. Ivis oppgåve blir å verne om Dagny Juels korte biografi, og sjølv om ho meiner at ho får altfor liten plass i Når solen går ned, er ho lojal mot forfattaren.

Så lojal er ikkje portnaren frå August Strindbergs Svarta handskan. Han er ein slags vaktmeister i Falkners pensjonat i Drottninggatan 85 i Stockholm, der Strindberg levde dei siste åra i «Blå tornet». Portnaren har sjølv litterære ambisjonar i konkurranse med Strindberg, og Halvorsen lar han skrive skodespelet Abu Casems tofflar (1909) og gi det ut i Strindbergs namn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement