Elegi over avliden far
Arbeidet med biografien blir ei slags dagbok der Hilde Hagerup registrerer sorg
og saknad undervegs, og ser også sitt eige liv i eit slags tids- og dødsperspektiv.
Hilde Hagerup har skrive bok om faren Klaus.
Foto: Niklas Lello
Biografi
Hilde Hagerup:
Like fint å jobbe som å danse. Om Klaus Hagerup
Aschehoug Forlag
På omslaget til biografien Hilde Hagerup har skrive om faren, lyrikaren, skodespelaren, dramatikaren og barnebokforfattaren Klaus Hagerup (1946–2018), ser vi ein ung far i «samtale» med ein jentebaby (ho har rosa klede) han held på fanget. På TV-apparatet i bakgrunnen stirer ei byste av Lenin på dei. Slik forstår lesaren at boka skal handle om det nære tilhøvet mellom ein far og dotter hans, men også om hans eller deira tilhøve til marxismen.
Det gjer ho òg. Men boka handlar like mykje om leik, spel, teater, burlesk humor, tøys og tull. Tittelen Like fint å jobbe som å danse er litt misvisande. Han er henta frå «Ellinors vise», sluttsongen Klaus Hagerup skreiv til teaterstykket Dikt å førbainna løgn (1976), og er ei hyllest til arbeidsfolk. Men Hilde Hagerup er meir oppteken av den leikande faren, slik han viser seg i heimen og i ungdomsromanane sine. Tilhøvet mellom far og dotter er likevel det viktigaste.
Bakgrunn
Etter gravferda hans i januar 2019 bestemmer Hilde Hagerup seg for å prøve å rekonstruere historia hans, «slik han fortalte meg den, slik han skrev den, slik jeg husker den». Ho har hatt mange kjelder: bøkene hans, brev, foto, avisintervju, samtalar med folk som kjende han, TV-opptak og så bortetter. Slik kan ho følgje livet hans.
Først oppveksten i Oslo med foreldra, det kjende diktarparet Inger og Anders Hagerup, og det radikale ungdomsmiljøet på gymnaset. Han sat i det første sentralstyret for Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF), som seinare blei Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene), AKP (m-l). Som vaksen utdanna han seg til skodespelar, først i England og seinare ved Statens teaterskole i Oslo. Denne blandinga av politisk aktivisme og kunnskap om dramatikk og teater førte til at han var blant dei som starta Hålogaland Teater i Tromsø i 1971. Han verka ved teateret der fram til 1977 og flytta deretter til Fredrikstad med familien. Sidan arbeidde han i NRK som husdramatikar og etablerte seg som forfattar.
Hilde Hagerup tar òg føre seg somrane på Kiljordet ved Risør, der det var mykje spel, leik og avansert amatørteater saman med dei radikale diktar- og skodespelarvenene til foreldra: Eva og Aksel Sandemose, Elisabeth og Eilif Armand, Torolv Solheim og Rønnaug Eliassen. Klaus Hagerup har sjølv skrive om dette i biografien om mora (Alt er så nær meg. Om Inger Hagerup, 1988). Det var denne leiken med teater som vekte farens interesse for skodespel og dramaturgi, meiner dottera.
Tvisynt forfattarskap
Men etter kvart tok skrivinga over. Etter ei lang rad med høyre- og skodespel gav han ut 34 barne- og ungdomsbøker, seks av dei saman med dottera Hilde. Serien om Markus Simonsen, som starta med Markus og Diana. Lyset fra Sirius (1994), vart ein stor suksess. Klaus Hagerup var tydeleg inspirert av «fantastiske» forfattarar som Lewis Carroll og Eric Linklater, men hevda òg at boka han skreiv om mora, gjorde at han oppdaga barndomen på nytt og ville halde fast på denne tida.
Dottera har ei meir eksistensiell forklåring: «Gjennom barne- og ungdomsbøkene sine gjorde faren min dødsangsten sin til et levebrød, men ikke bare det, han gjorde den lettere å bære. Døden var ikke til å holde ut, forgjengeligheten var ikke til å holde ut, derfor skulle det leves intenst.» Det «litterære fingeravtrykket hans» er eit språk som vekslar mellom humor og melankoli, meiner ho. Det kan kanskje forklåre at ungdomsbøkene vart så populære. Dei tek ungdommens problem på alvor, men tek ikkje motet frå dei.
Sorgarbeid
Ei historie om korleis veslesystera til Hilde bad mora stanse høgtlesinga av Eric Linklaters roman Det blåser på månen halvvegs i boka, illustrerer mykje av Klaus Hagerups eige syn på føremålet med å skrive. Midtvegs i Linklaters bok er den gylne pumaen ikkje død ennå, men stadig levande. Faren likte dette: Stansar lesinga midtvegs, stansar tida, eller det gir i det minste håp – ein kunne jo byrje på nytt! Ei av bøkene til Klaus Hagerup heiter Landet der tiden var borte (1989).
Historia om høgtlesinga kastar òg lys over skrivearbeidet dottera er i gang med. Ho har grudd seg for å sjå ein dokumentarfilm om faren, men det blir fint. Faren er då midt i livet: «Nå er pumaen fortsatt levende.» Ho nøyer seg ikkje med å rekonstruere livet hans, ho vil halde han fast: «Nå, mens jeg skriver, lever han for meg. Men når dette er forbi, er han borte for bestandig. Han finnes ikke mer, og da er det ikke mer jeg får gjort.»
Etter kvart blir arbeidet med biografien ei slags dagbok der ho registrerer sorg og saknad undervegs, og ser også sitt eige liv i eit slags tids- og dødsperspektiv. Ein kveld ho sit ved senga til den sovande sonen, tenkjer ho at «han ikke mangler noen ting, og så skal det ikke vare».
I epilogen fortel Hilde Hagerup ein draum om faren. Han seier at han slett ikkje er død. Det er en feil, seier han og smiler. Med denne boka har dottera langt på veg lukkast i å halde han fast, gjennom eit levande og kjærleg portrett av ein far som ikkje var som alle andre.
Jorunn Hareide
Jorunn Hareide er professor emerita
i nordisk litteratur
ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hilde Hagerup er oppteken av den leikande faren.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.