JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ekte eksotisk

Alf van der Hagen har skrive eit levande Brøgger-portrett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Suzanne Brøgger seier at boka til Alf van der Hagen er det næraste ho kjem til å kome ein sjølvbiografi

Foto: Danske Gyldendal

4832
20191220
4832
20191220

Lytt til artikkelen:

BIOGRAFI

Alf van der Hagen:

Suzanne Brøgger. Samtalememoarer

Oktober 2019

Det året Suzanne Brøgger fylte 35 år, heldt ho eit «blått ball» i den gamle skulen i landsbyen Løve på Sjælland, der ho stadig bur. Blant dei 200 inviterte kulturpersonane frå Danmark og utlandet var òg ein ven av meg. Han gløymde aldrig festens clou, den augneblikken fødselsdagsbarnet, relativt lettkledt, steig opp av ei diger blautkake, og, trur eg, gav seg til å danse.

Dette ballet er eitt av mange minne Suzanne Brøgger fortel om i boka Alf van der Hagen nyleg har gjeve ut, Suzanne Brøgger. Samtalememoarer. Med dette blautkakestuntet omkring halvveges i livet, etter tre oppsiktsvekkjande bøker, kan ein vel seie at Suzanne Brøgger spikra fast det biletet mange hadde av henne til då, som ei sexy, frigjord kvinne med mange elskarar, ei som ikkje lét seg binde av konvensjonar, men tvert om gjorde eit frekt opprør. Slik såg òg vi unge feministar på henne i syttiåra, då vi slukte dei første bøkene hennar, Fri os fra kærligheden (1973, på norsk 1975), Kærlighedens veje & vildveje (1975, på norsk 1976) og Creme fraîche. En føljeton (1978, på norsk same år). Her var noko nytt og revolusjonerande.

Eksistensiell krise

Sidan datt eg og mange med meg litt av lasset. Årsaka kan ha vore at dei neste bøkene hennar var mindre provoserande og eggjande, meir jordnære, meir søkjande. Med det blåe ballet ville ho eigentleg ta avskil med sitt tidlegare utagerande, eksponerte liv. Ho var i ei slags eksistensiell krise, måtte få eit anna liv, utan heilt å vite kva, og kasta seg ut i ulike religiøse og mystiske tankeretningar, fortel ho Alf van der Hagen.

Bøkene hennar vart likevel omsette nokså regelbunde til norsk fram til byrjinga av 1990-åra, deretter meir tilfeldig. Eit bestillingsverk, ei slags reisebok frå Noreg, Norsk omelet. Epistler & notater (2018, på norsk same år som Omelette norvégienne) var kanskje eit framstøyt for å auke interessa for henne her heime, men ho lukkast ikkje heilt. Som ein meldar skreiv: Boka er ikkje så mykje ei bok om Noreg som ei bok om Suzanne Brøgger sjølv, ein slags selfie.

Kanskje vil denne nye boka gjere susen, for Alf von der Hagen har tidlegare hatt stor suksess med samtalebøker om til dømes Dag Solstad og Kjell Askildsen. Rett nok er svært mykje av stoffet i denne boka kjent for dei som har lese bøkene hennar. Ho skriv ikkje fiksjon, men refleksjonar over det ho har vore med på, og det kan bli noko repetisjon av både minne og meiningar. «Bekjendelseslitteratur» kalla ho bøkene sine før; no er det viktig å få slått fast at ho var først ute med røyndomslitteraturen, lenge før ein Knausgård.

Eit utanforskap

Alf van der Hagen styrer samtalen etter ei kronologisk line og byrjar med den eksotiske slektshistoria til Suzanne Brøgger. Etter ei oversikt over den like eksotiske oppveksten hennar i Bangkok, der ho kom inn i eit miljø av seksuelt frigjorte surrealistar og anarkistar, følgjer samtalar om livet som mannekeng, skodespelar og frilansjournalist, til ho i 25-årsalderen kjøper det gamle skulehuset i Løve og byrjar å skrive for alvor.

Jamsides med presentasjonar av bøkene hennar snakkar dei to om menn, ekteskap og barn, om kriser og kriseløysingar, om litteratur, kunst og musikk. Eit emne som elles går att, er kjensla av å vere annleis og utanfor, ei kjensle som går attende til barndomen med den sjukelege, merkelege mora – eitt av dei sterkaste innslaga her – og seinare dei uortodokse ungdomsåra. Å flytte på landet, til noko ho samanliknar med eit mellomaldersamfunn, gjer ikkje denne kjensla mindre, men på eit vis kjenner ho seg òg teken vare på i eit miljø av snille bønder og arbeidsfolk.

Alf van der Hagen og Suzanne Brøgger når altså over det meste i livet hennar, inklusiv meiningar om politikk og feminisme. Dei politiske og moralfilosofiske partia kan bli noko lange, uklåre eller sjølvsagde. Ho strør elles om seg med kjende namn frå Cicero og Hildegard von Bingen til Susan Sontag, via Kierkegaard, Nietzsche og Freud til William James, og sjølvsagt òg ei rekkje forfattarar frå si eiga tid som ho har kjent personleg, frå Henry Miller til Vigdis Hjorth.

Boka er sympatisk, underhaldande og hyggjeleg lesing. Alf von der Hagen har ikkje vore ute etter å avsløre Suzanne Brøgger, om han av og til skyt inn eit meir nærgåande spørsmål. Alt i alt gir han eit levande portrett av ei godt vaksen kvinne med eit mangslunge liv bak seg, ei som har reflektert mykje over kvinnesak, religion, politikk, kjærleik og død. Suzanne Brøgger seier sjølv at denne boka nok er det næraste ho vil kome ein sjølvbiografi.

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emerita i nordisk litteraturvitskap og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er sympatisk, underhaldande og hyggjeleg lesing.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis