JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eksistensen er ein vond draum

Prosessen er endå eit storverk i den flotte klassikarserien frå Skald forlag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Franz Kafta (1883–1924) vart fødd og voks opp i Praha i noverande Tsjekkia.

Foto: Ukjend / Skald forlag

3605
20220506
3605
20220506

Roman

Franz Kafka:

Prosessen

Omsett av Jon Fosse
Skald forlag

Dei fleste lesande folk har vel kjennskap til denne romanen, men for å ha alt på plass kan ein fort slå fast at Prosessen handlar om prokuristen Josef K. som ein morgon vert arrestert utan å få vita kvifor. Lesaren forstår at det ikkje spelar noka rolle, det viktige er at han er sikta, og at ein rettsprosess er innleia mot han. Brotsverket vantar, men vert ikkje sakna, ein har då ein person i staden!

Sjølv om Josef K. er arrestert, vert han ikkje fengsla. Han lever som før, men no med prosessen hengande over seg. Han får uklåre innkallingar, går gjennom korridorar og finn fram til snodige rettssalar, alltid på eit eller anna loft. Og sjølv når han går ein stad av årsaker som ikkje har noko med prosessen å gjera, kjem han opp i noko som likevel er relevant for saka.

Marerittaktig

Det er tidt eit element av blautkakekomedie i det som skjer, og somme hendingar er av ein slik karakter at dei minner mest om eit mareritt. Til dømes skal dei to vaktarane som arresterte han, piskast som straff for saker Josef K. har klaga på. Dette får han vita når han opnar døra inn til eit pulterkammer i banken der han er tilsett. Der inne står dei, saman med han som skal utføra straffa. Josef K. prøver å hindra det, men det er fåfengt.

Når han ein dag seinare opnar døra att, er scena der inne framleis akkurat den same, ingenting har skjedd i mellomtida. Ein kan godt seia at det ikkje finst noka mellomtid, og lesaren forstår at det som går føre seg der inne, alltid vil vera det same. Det er som i ein repeterande draum, eller eit rom i sinnet, eit rom ein ikkje vil vera i.

Josef K. gjer kva han kan for å betra saka si, litt på slump vert ein advokat engasjert, og han kjem i kontakt med ein kunstmålar som har kjennskap til prosedyrane ved domstolen. Via nye korridorar og gjennom mørke rom kjem Josef K. stadig fram til nye stader der han overraskande nok har noko å gjera, og ein del hendingar som kunne ha vore viktige, flyt berre ut i tullball, som nokre merkelege eskapadar med tenestejenta til advokaten, Leni.

Som alltid når ein les Kafka, ser ein helst på hendingane og tilhøvet mellom dei hjelpelause einskildpersonane og den utilgjengelege makta som styrer lagnaden deira.

Sjølvhøgtideleg

Personane kan tidt verka mindre interessante som individ enn som døme på eitkvart med generell tyding, men går ein dei litt etter i saumane, er der stundom noko å finna.

Josef K. får ein rett nok ikkje vita så mykje om, men ein kan sjå at han er oppfarande og sjølvhøgtideleg, han irriterer seg over ein konkurrent i hierarkiet i banken, han ser at andre menn har få moralske skruplar når det gjeld kvinner, men han ser ikkje at han sjølv er av same slag. Det er berre prosessen, marerittaspektet ved alt saman, som liknar ein dommedag han held over seg sjølv, og ikkje ei medviten sjølvransaking.

Så har også tolkingane av boka gjerne konsentrert seg om samfunnsfenomen, religion, framandkjensle og så vidare. Apropos samfunn: Når den geistlege i domkyrkja mot slutten av boka seier at ein ikkje treng å sjå på alt som sant, berre som naudsynleg, kallar Josef K. det ei sørgjeleg meining, og han konkluderer såleis: «Lygna blir gjord til verdsordning.»

Boka er omsett utan plett og lyte av Jon Fosse, som har funne gode nynorske ord og vendingar og gjort språket så turt og sakleg som det skal vera hjå Kafka.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er omsett utan plett og lyte av Jon Fosse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis