Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit varsel om ei utvikling på avvegar

Det eineståande er at ein stortingsmann, politikar og røynd Ap-mann vandrar i byen blant folk flest og opnar auga våre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4636
20201023
4636
20201023

Sakprosa

Jan Bøhler og Einar Haakaas:

Østkantfolk

Kagge Forlag

Jan Bøhler er kjend for arbeidet sitt med ungdom i drabantbyane, særleg dei med innvandrarbakgrunn, som han meiner langt på veg er fanga i eit nett som hindrar mange av dei retten til å velje eigen livsveg, kjærast og dei normene om fridom og humanisme som er ein del av vår felles arv. Difor skriv han, med hjelp av journalist og forfattar Einar Haakaas, om tvangsekteskap og mannsdominans, om familievald og ungdomsgjengar, om klankultur og ein kultur bygd på ei mistydd oppfatning av kva ære inneber. Han auser av eiga røynsle, og vandringa gjennom Groruddalen, Ellingsrud, Tøyen og Holmlia vert difor ei personleg ferd skriven med medkjensle og solidaritet.

Bøhler samtalar med ungdomane i gjengane, med ungdomsleiarane, med politiet, med fedrane, mødrene, brør og systrer av dei som anten blir ramma av vald eller sjølv utøver vald. Han vev også inn minne om eigen oppvekst, som var prega av det same samhaldet, sjenerøsiteten og pågangsmotet som eg kjenner frå min eigen barndom på Kampen i 1950-åra.

Må lære norsk

Bøhler er oppteken av det språket mange av dei lærer seg som barn, og som mange pedagogar og politikarar også har meint dei skulle ha som fyrste skulespråk, særleg i 1970- og 1980-åra, og som difor vart innført som eit kraftfullt andrespråk mange stader, mellom anna i osloskulen.

Bøhlers credo er at barn fyrst og fremst må lære seg norsk, og lære det så godt at dei meistrar det som sitt eige idiom, slik at det vert så uttrykkssterkt, nyanserik og smidig at barna ved hjelp av det kan meistre den kompliserte røyndomen som yrkeslivet og samfunnslivet i dag krev av oss alle. Språket må gi makt og sjølvstende, ikkje avmakt og framandkjensle. Difor må alle institusjonar nyttast i innlæringa av norsk: barnehagane, venekrinsen, skulen, idrettsplassen, fritidsklubbane. Dersom ikkje det skjer, vil ungdomen tileigna seg ein innskrenka og nyansefattig kode. Dei blir skuletaparar, droppar skulen, fell utanfor og driv inn i gjengane og kriminaliteten. Derfor er samværet for ikkje å seie samlivet med norsktalande så viktig.

Bøhler kjem ikkje bort frå, skriv han, at kriminaliteten blant dei unge med innvandrarbakgrunn er større enn blant ungdomen sett under eitt. Men samstundes understrekar han at det er gale å skjere alle over ein kam. Det er store forskjellar mellom dei ulike etniske gruppene, og i alle fall utgjer dei kriminelle ungdomane, også i dei mest utsette innvandrarmiljøa, berre eit lite mindretal. Dei fleste vert gagns menneske både for seg sjølve og for andre.

Men likevel er dei kriminelle gjengane i ferd med å øydeleggje livsmiljøet i enkelte bydelar. Bøhler fortel om elleveåringane som driv omkring som godt betalte tenestegutar for narkolangarane, og dermed vert freista av eit flottare liv utanfor skulen. Han skriv om ungdom som tenner på søppelkasser og kastar stein etter dei som går vakt om natta for å skape ro og tryggleik, og om mobbing og vald mot politiet. Han skriv også om dei mange bilbrannane som blussar opp tid om anna, seinast i sommar. Og ikkje minst skriv han om æresdrapa som er i ferd med å bli også ei norsk røynsle.

Med sarkasme siterer han Raymond Johansen som seier at Oslo er ein trygg by, og at det vert teikna eit altfor negativt bilete av tilhøva i byen. Han kritiserer også andre politikarar som ikkje tek gjengkriminaliteten på alvor gjennom eit meir systematisk oppgjer med organisert kriminalitet. Ein har fått dei lovparagrafar ein treng for å nedkjempe dette. Men korkje politiet eller politikarane brukar dei lovheimlane dei har fått, og kriminaliteten i nokre av bydelane våre er i ferd med å bli ein verkebyll som lammar det frie livet for mange.

Samanheng

Det mest synberre ved framstillinga er når Bøhler syner korleis tinga heng saman: overvakinga, einsrettinga i klesdrakt og livsstil, tvangsekteskapa, valden i familien, kvinneundertrykking, æresdrap, utviklinga mot organisert kriminalitet og kartell. Alt dette er ulike sider av same sak.

Det er eit mørkt bilete som vert teikna, for mørkt vil nokre seie. Likevel er vandringsmannen sjølv ein ukueleg optimist som ikkje vil slutte å brenne for ideala sine. Han fell for freistinga i slutten av boka til å sitere dei som rosar han mest. Det treng han ikkje. Dette er ei bok som står fjellstøtt gjennom den viktige bodskapen sin.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er eit mørkt bilete som vert teikna, for mørkt vil nokre seie.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis