Bok
Eit stritt land for mennesket
Framom døden er ein skakande roman og ei kunstnarleg bragd.
William Cuthbert Faulkner (1897–1962) er rekna som den store modernisten av dei amerikanske forfattarane i si tid.
Foto: Carl Van Vechten / Skald
Kinesarane, i alle høve somme av dei, seier at ei sak har tre sider, mi side, di side og den rette sida, og det er jo ein artig påstand, sjølv om eg trur det kjem litt an på saka. Her kan ein formulera ei generell lov om fenomenet og hevda at talet på faktiske sider i ei sak alltid er lik talet på involverte pluss éin.
I romanen Framom døden av William Faulkner vert handlinga presentert brotvis etter fasettmetoden. Teksten er ein mosaikk av synsvinklar, medvitsstraum, avbrotne setningar, klår tale, krangel og hjartesukk. Perspektivet skiftar ofte, men alle slike endringar er markerte som nye kapittel, der tittelen er namnet på den som legg fram tankane eller opplevingane sine.
I romanen ligg kvinna Addie Bundren for døden, så døyr ho, og eit problem melder seg: Mannen hennar, Anse Bundren, har ein gong lova at ho skal verta gravlagd der ho kom frå, i Jefferson. Men dit er det langt, og frakta av den døde vert ei tragisk og forferdeleg reise, bokstaveleg tala gjennom eld og vatn, med eit muldyrspann, kista på vogna og heile familien med på ferda: Far Anse og neste generasjon, fire brør, dei tre eldste er snikkaren Cash (som arbeider med likkista til mora medan ho framleis er i live og kan høyra saga gå, det er just som «Slipsteinsvæilsen» hjå Prøysen), den bråe og heller usympatiske Jewel, og Darl, som er den som oftast kjem til orde, og som mot slutten er på veg til galehuset, endå han i mangt tykkjest mest fornuftig i flokken. Vidare er det systera Dewey Dell og minsteguten, Vardaman.
Uhyggjeleg
Ferda med kista, mellom anna hindra av flaum, vert ei uhyggjeleg reise frå det fattigslege livet på landet og til byen, der fleire av dei har ærend i løynd. Det mest overraskande er ærendet til Anse, i tillegg til gravferda, og for å få dette gjort tek han dei pengane som dei andre skulle nytta, til sine føremål. Det mest gripande av desse løynlege ærenda er det jenta Dewey Dell som har. Skildringa av henne når ho freistar å få fatt i eit remedium til fosterfordriving, er absolutt meisterleg og nesten uhyggjeleg gripande. Ho har noko viktig ho må få sagt, men det kan ikkje seiast direkte.
Dei ulike røystene har sine talemåtar, nokre kjem til kort i freistinga på å gje uttrykk for opplevingane sine, men stundom er det just då dei er mest uttrykksfulle, som guten Vardaman. Han har fanga ein stor fisk, og på eit vis vert fisken og den døyande mora til eitt for han, noko som syner vakkert og klokt att i omslagsillustrasjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.