JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit storverk om Nansen

Med Nansen. Utfordreren har Harald Dag Jølle fullført nærstudien om livet til Fridtjof Nansen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6685
20201016
6685
20201016

Biografi

Harald Dag Jølle:

Nansen. Utfordreren

Gyldendal

Med Nansen. Utfordreren har Harald Dag Jølle sluttført biografien om Fridtjof Nansen. Jølles biografi rokkar ikkje ved biletet av Nansen som nasjonalhelt: Som internasjonal nordmann og humanitetens forsvarar er Nansen utan sidestykke. «Arven etter Nansen» kan brukast som meir enn ein talemåte, og minnestøtter over Nansen treng ikkje verta rivne ned.

Vi får eit bilete av ein plaga mann. Medan ettertida ser eit liv som var fylt av handling og handgripelege resultat, var Nansen sjølv i tvil om verdien av eigen innsats. Forholdet til borna var i beste fall problematisk, og det same galdt openbert Sigrun, elskarinne og deretter hustru: Å fri til Kathleen Scott og så gifte seg med Sigrun Munthe nokre veker seinare var kanskje ikkje den beste opptakta til eit ekteskap. Denne sida av Nansens liv kjem i boka fram gjennom omfattande attgjevingar og sitat frå Nansens dagboksnotat og brev. Det var heller ikkje berre Nansen sjølv som kunne vera ulukkeleg i familien på Polhøgda. Dette verkar brutalt ikkje minst i sonen Odds nedteikningar frå det sjølvvalde eksilet hos familien Lange (Christian Lous Lange – den andre av Noregs to mottakarar av Nobels fredspris).

Arbeidsam og produktiv

At Nansen gjennom alt dette må ha vore uhyre arbeidsam og tilsvarande produktiv, går framfor alt fram av arven han etterlét seg – frå starten på eit internasjonalt flyktningregime over serien av meir eller mindre sjølvbiografiske bøker, til vitskaplege og storslegne populærvitskaplege verk, alt gjerne med eigne illustrasjonar.

Nansen var oppteken av «handlingens menn», og han såg seg nok sjølv som ein av dei: I vala mellom vitskap og praktisk handling var det gjerne handlinga som vann fram. Nansens venn Jacob Worm-Müller noterte at Nansen kunne seia «banaliteter som irriterer de intellektuelle», og ein kunne ikkje «ubetinget si han er intelligent». Kathleen Scott ottast ved eit høve at han skulle servere «for mange selvfølgeligheter». Båe fråsegnene peikar i same retning – Nansen var neppe nokon stor tenkjar på alle felta han engasjerte seg i eller uttala seg om.

Dette gjeld openbert rolla hans i norsk politikk, eller rettare andre sine freistnader på å gje han ei rolle i politikken. Nansen står her fram som lite anna enn ein refleks av borgarleg tankegods i samtida: Oppgjeven over manglar ved eit partibasert parlamentarisk system og med trua på «de store ånder» eller sterke menn trugar han med å bikka over i antidemokratiske haldningar; han ser Arbeidarpartiet som «kommunistisk» lenge etter at partiet hadde brote med Moskva; han har ei absolutt visse om at «økonomien», det vil seia statsfinansane, måtte vera i orden før ein, med Jølles parafrase, kunne prøva seg på «nye kostbare eksperimenter». Men Nansens politiske naivitet verka alle vegar: Lenin var for Nansen «en klok og begavet mann og av moderat tilsnitt, en idealist», om enn «av den type som mener at alt som står i veien, må slås ned». Nansen tenkte vel her, som russarane seier, at ein ikkje kan laga omelett utan å knusa egg.

Uføreseieleg alliert

Synet på Lenin antyder òg noko meir: Nansen var ein uføreseieleg alliert for dei borgarlege venene sine. Han var ein gjennomført internasjonalist, i ordets beste tyding. Politikarar og akademikarar langt inn i liberale krinsar engasjerte seg for Noregs «sak» i striden med Danmark om retten til Grønland. Nansen hadde ingen sans for ein slik nasjonalisme. Om Grønland skulle tilhøyre nokon, måtte det vera eskimoane.

Han var òg ein konsekvent forkjempar for internasjonal rettargang, også når dette kunne ramma norske interesser. Han gjennomskoda det underliggjande antijødiske motivet bak kampanjen for å forby den tradisjonelle jødiske slaktemetoden ved å kutta pulsåra på dyret. At han var inne på noko her, vart stadfest i motåtaka. Nationen åtvara på leiarplass om at striden om slaktemetoden kunne utvikla seg til «en kamp om hvorvidt jødene skal faa fortsætte aa bo her i landet». For Nationen var det nok tale om ei von meir enn ei åtvaring.

Også for samtida stod Nansen fram som eit menneske fullt av motsetnader. Aftenposten undra seg over at formannen i Norges Forsvarsforening samtidig kunne vera medlem i Norges Fredsforbund. Nansen heldt livet ut fast ved trua på militærtenesta som disiplinerande og oppdragande, i positiv forstand, samstundes som han gong på gong uttrykte avsky for krigen og alt det han førte med seg. At krigens vesen kanskje slår inn også i militærtenesta før krigen, synest å ha vore ein framand tanke.

Uttala rasisme

For mange lesarar vil vel det mest urovekkjande ved Nansen, slik han er skildra i Jølles biografi, vera den uttala rasismen hans, mest tydeleg i omtalen av dei svarte i USA. Dette er knapt overraskande på bakgrunn av tidsånda i imperialismens gullalder. Dei som har lese Nansens første ekspedisjonsskildring, På ski over Grønland, vil også ha lagt merke til den nedlatande omtalen av ekspedisjonens to samiske deltakarar, Samuel Balto og Ole Nilsen Ravna. Nansens ordval i brev til forfattaren Nini Roll Anker er likevel utriveleg lesnad, slik det er utriveleg å lesa Hamsuns refleksjonar over det same i Fra det moderne Amerikas aandsliv.

«Negerspørsmålet» i USA er for Nansen uløyseleg – og «negerspørsmålet» dreiar seg ikkje om den kvite rasismen og den lange undertrykkinga av svarte amerikanarar, men om problemet med å handtera ein mindreverdig rase. Dessutan var det fare for raseblanding – å halde dei svarte «rendyrkete», med «det arbeid som passer for dem», ville neppe la seg gjera. «Blandingen» gjekk derfor vidare, «tross alle motsetninger». Nini Roll Anker, elles ein progressiv forsvarar av undertrykte folkeslag, sa seg ikkje berre einig med Nansen, men utbroderte med eigne grelle formuleringar.

Trass i alt dette – Nansen var eit storslege menneske. Dei atterhaldslause appellane hans om å hjelpa krigsoffer, flyktningar og sveltande står i grell kontrast til ei haldning som til dømes vart formulert i Aftenposten: Kvifor hjelpe sveltande i Russland når det finst naud her heime? «Lad os først lindre den nød, vi har i vort eget land.»

Harald Dag Jølle har fullført eit storverk. Biografien seier ikkje alt om verknadene av Nansens virke. Det er knapt ein mangel. Jølles nærstudie av Nansens liv slik det utfalda seg, er eit godt utgangspunkt for alle som vil læra meir.

Sven G. Holtsmark

Sven G. Holtsmark er professor ved Institutt for forsvarsstudiar ved Forsvarets høgskole.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

For mange lesarar vil vel det mest urovekkjande ved Nansen, slik han er skildra i Jølles biografi, vera den uttala rasismen hans.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis