JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit storverk
er kome i hamn

Forlag og alle medarbeidarar fortener mykje åtgaum for Flatøyboka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flatøyboka ligg føre i seks band.

Flatøyboka ligg føre i seks band.

Foto: Saga Bok

Flatøyboka ligg føre i seks band.

Flatøyboka ligg føre i seks band.

Foto: Saga Bok

2972
20191129
2972
20191129

For første gong sidan verket vart skrive ned på Island i 1380-åra, er samleverket Flatøybok utgjeve i ei folkeutgåve i seks band på norsk.

Dei to siste banda ligg føre, blant dei den storslegne og truverdige soga om Håkon Håkonsson teikna ned av Sturla Tordsson. Ho er ikkje fortald med den kunstnariske svipen som nokre av ættesogene eig, ikkje minst i Heimskringla av Snorre Sturlusson, men er drivande god journalistikk, ei samtidssoge om haldningar og kongefilosofi, om krig og fred frå 1200 til 1267, og ikkje minst om det norske samfunnet i den første helvta av 1200-talet.

Det siste bandet presenterer også ei soge som er mindre lesen og mindre kjend, nemleg soga om Harald Hardråde, som tvillaust står i gjeld til Snorres forteljing om Harald, men er meir mangslungen og auser av andre kjelder enn Snorre, også dei som kan forføre ein lesar.

Nasjonalklenodium

Men for all del. No er det berre å heve glaset og slå på skjolda for Saga Bok forlag, både for tiltaket og for dei mange levande innføringane undervegs, om bakgrunnen for dette verket, om opphavssoga til det, om dei ulike innfallsvinklar, og ikkje minst om teoriane om kva årsaka var til at Jon Håkonsson tok initiativet til å få skrive ned sogene og samle dei.

Flatøybok er eit islandsk nasjonalklenodium og eit norsk eit også. Det vart ført heim som eit sigerstrofé frå København etter verdskrigen, medan folk jubla. Kan hende er det ein myte at Jon Håkonsson lét det skrive ned som eit slags kongsspegel for den norske tronarvingen til trona, Olav Håkonsson, som døydde som 18-åring i 1387. Utgjevarane skal ha ros for at dei i siste boka dreg inn vitnemål som svekkjer den tidlegare teorien og gjer han mindre truverdig enn den gongen dei byrja å sjøsette verket. Men i alle fall opnar lesinga av Flatøybok eit storfelt og fengjande historisk utsyn mot Grønland og landa lenger vest, mot Orknøyane og jarlane der ute, mot Færøyane og Hjaltland, i det heile mot vegen vestover i det store havet. Verket er ei skinande krønike over vesthavsveldet meir enn over Noreg, der dei sogene som frå før er mest kjende, er fletta inn og lyser i vevnaden.

Utfyller biletet

Også dei små forteljingane, tåttane vi ikkje finn andre stader, utfyller dette biletet av ei historie om riket vestpå som aldri vart ein del av Noreg.

Saga Bok, Torgrim Titlestad og alle medarbeidarane fortener mykje åtgaum for verket og for alle dei gode kommentarane, blant dei den stutte, men gode utgreiinga om dei opphavlege illuminasjonane til Flatøybok, som er bilete som har illustrert norske historieverk og sagatida og mellomalderen i alle år, og som i seg sjølv er fengslande kultur- og mentalitetshistorie. Eg vil aldri gløyme biletet av den vonde sjølv og den dømde tjuven som blir hengd i galgen slik at tunga fell ut av munnen som ein stor, slapp slange.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis