Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Biografi
Ole Paus:
For en mann. Opptakten til en selvbiografi
Utfyllande etterord av Asbjørn Bakke
Kagge Forlag
Ole Paus (1947–2023) var kjend som visesongar og frå program på fjernsyn gjennom åra. Han var ein pioner i visesongbylgja i Noreg. Når det no kjem ut ein sjølvbiografi av songaren, knyter det seg derfor stor forventning til stoffet. For mange er Paus òg interessant for den unike politiske posisjonen sin, han steig fram som «borgarleg anarkist» midt i ei tid med knallraude protestsongar.
Her på berget har rolla som avantgardekunstnar til tider vorte monopolisert til venstresida. Paus vart dermed for mange eit sandkorn i maskina – ein enfant terrible, vanskeleg å setja i bås, som sparka i alle retningar, men aldri nedover. Ja, for ein mann, kunne vi seia, som tittelen er på sjølvbiografien, men biografien er dessverre eit delvis uferdig produkt.
Ole Paus tok til på biografien i 2018, men kom ikkje lenger enn halvveges i livssoga, då han gjekk bort for snart eit år sidan. Forlaget, Kagge, skriv at dei likevel vel å gje ut boka, og då med eit etterord av Asbjørn Bakke, slik at lesaren kan få eit overblikk over den mangfaldige kunstnarskapen til Paus, som det heiter i føreordet. Det er eit godt val, for Bakke er kjend for den gode biografien om Erik Bye. I år er han også aktuell med ei bok om Ole Paus’ diktarbror: Sånn er’n bare – en biografi om Øystein Sunde.
Aristokraten Von Paus
Det er ei kjend sak at mange kunstnarar har borgarleg bakgrunn – jamvel dei mest sjølvproletariserte forfattarane på 1970-talet – men Ole Paus tek likevel kaka, med bakgrunnen sin i austerriksk aristokrati. Slekta Paus er ei av dei eldste embetsmannsslekter i Noreg, med band til andre nyare familiar, som seig inn over landet under dansketida, som Ibsen-ætta.
Difor fekk farfar til visesongaren, Thorleif Paus, ein livsveg typisk for overklassen: ei militær utdaning. Det er i seg sjølv ikkje unikt. Men det tok av då han i 1902 vart tilknytt det svensk-norske konsulatet i Wien, der han seinare fekk stilling som nestleiar, og der Paus vart adla og kunne leggje til «von» mellom føre- og etternamnet, og der han også gifte seg inn i ein jødisk kjøpmannsfamilie. Farfar, som enda opp som godseigar i Skåne, levde eit eventyrleg, men uansvarleg liv. Far til visesongaren, Ole Otto Paus, gjekk på militærskule for born av aristokratiet, og kom til å få ei framskoten rolle i Noreg under krigen, i etterretninga i London, og var med og bygde opp Forsvaret etter krigen.
Denne fyrste delen av biografien, om barndomen og ungdomen til visesongaren, er i grunnen den mest interessante. Ikkje berre på grunn av dei utrulege slektshistoriene Paus fortel, med sin typiske lakoniske penn. Om grandonkelen Otto, som døydde som soldat under fyrste verdskrigen, heiter det: «han hadde bare én svakhet i livet, han led av en ustoppelig begeistring for kasinoer og veddeløpsbaner».
Men også fordi Paus’ eige liv er styrt av slektsbakgrunnen: «Jeg kjenner meg igjen i bestefaren min. Uansett hva han begynte med, endte det med et fluktforsøk.» Slike sjølvkritiske refleksjonar gjev eit bakteppe til den andre delen av biografien – der vi høyrer om visesongarkarrieren, som er merkt av økonomiske svingingar og familiære oppbrot.
«Kanskje drev han med dobbeltbooking av konserter og kjærlighet», som Asbjørn Bakke skriv – med like stor teft for råkande kommentarar. Ole Otto Paus tok avstand frå sonen sin på grunn av den bohemske livsstilen hans, men dei vart forsona til slutt.
«14 kilo hatbrev»
Også i den andre delen av livssoga kjem Ole attende til slekta, no med gripande forteljingar om familiemedlemer på sida til mor hans, Else Corneliussen, og vener og inngifte i familien, som motstandsmannen Kai Holst som døydde på mystisk vis. Skildringa av hans eige liv, som satirikar, poet, visesongar og NRK-vert, blir litt tam i jamføring med slektshistoriene.
Men her er også flust med underhaldande anekdotar og gode karakteristikkar, som omtalen av kritikken han tok imot frå sjåarar då NRK spela dei satiriske songane hans: «NRK kunne fortelle om mer enn 14 kilo hatbrev». Vi blir òg kjende med andre personlegdomar i kulturlivet, frå Alf Cranner og Jens Bjørneboe til medlemer av bandet Motorpsycho.
Mange episodar frå livet blir fortalde fragmentarisk av Paus. «Elverum er en grøft til høyre for Hamar et sted», syng Paus i ei av dei mest kjende nidvisene sine. Han skriv dette om songen: «Jeg vet ikke hvor sangen kom fra. Elverum var absolutt ikke i tankene mine.» Far til Paus hadde kontoret sitt i Elverum, og familien budde der. Kanskje kan vi forstå songen ut frå Paus’ barndom?
Kor som er, ei samanhengande livshistorie får vi fyrst med etterordet til Bakke, frå debuten i viseklubben Dolphins i Oslo, gjennom albumet Paus-posten, med tekstar som moderne skillingsviser, der Paus kommenterer dagsaktuelle tema, fram til samarbeid med musikarar som Ketil Bjørnstad og Jonas Fjeld, og salmane han skreiv mot slutten av karrieren. Bakke har hatt tilgang til opptak av samtalar mellom Ole Paus og Jon Niklas Rønning frå 2023, så innimellom er det enno Paus som fører ordet i denne delen òg.
Asbjørn Bakke har bakgrunn som musikkjournalist, og den gode teften hans for poesi og song kjem godt med, for Bakke kommenterer og siterer frå forfattarskapen til Paus gjennom etterordet sitt. Som skillingsviser knytte til samtidsdebattar ville ein kanskje tru at songane ikkje hadde kvalitetar utover si tid, men der tek ein feil.
Lyrikken til Paus glimtar ofte til med poetiske bilete, som desse verslinene frå kjærleikssongen «Engler i sneen»: «Og la meg/ bli til en del av deg,/ låne kropp og sjel av deg/ til himmelen revner igjen./ Og englene i sneen vender hjem».
Ronny Spaans
Ronny Spaans er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement