JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit ope sår

Sverige har sitt Palme-drap. Noreg har attentatet mot forlagssjef William Nygaard som sitt opne sår. Odd Isungset gir oss ei nyttig og veldokumentert påminning om det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forlagssjef William Nygaard blei skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo 11. oktober 1993.

Foto: Jon Eeg / NTB

5651
20231027
5651
20231027

Sakprosa

Odd Isungset:

Blodspora frå Dagaliveien

Samlaget

I desse dagar er det 30 år sidan skota mot William Nygaard fall i Dagaliveien. Men det er berre eit år sidan Salman Rushdie blei knivstukken i Chautauqua i USA og blei blind på det eine auget. Attentatmannen i USA var 24-årige Hadi Matar. Han vaks opp i USA, men blei radikalisert.

Dødsdommen mot forfattaren og forleggarane hans er skremmande aktuell. Isungset gir ei imponerande og heilskapleg framstilling av historia heilt frå fatwaen blei framsett. Som gravejournalist har han vore med i granskinga nesten heilt frå starten. Dette er ei lærebok i godt journalistisk arbeid frå ein mann som har vore grenselaust uthaldande i nærare 30 år. Det fortener respekt.

Undervegs har han laga prislønte dokumentarar for TV 2, og dette er den tredje boka han skriv om temaet. Her er det endå fleire detaljar om spora som aldri blei følgde opp frå politiet si side. Tabbane er mange, og forfattaren legg ut om dei. Kva underleg rolle hadde til dømes dåverande Frp-politikar Jan Simonsen, som var venn av ein av dei som blei sikta tidleg?

Samstundes evnar Isungset å sette saka inn i eit større perspektiv. Som lesar følgjer vi Isungsets arbeid med saka fram til i dag, med tallause krav om innsyn og funn av nye spor. Han møtte mykje motstand, også frå kollegaer i pressa, men han gav seg aldri. Det er denne kampen som gjer boka til spennande lesing.

Krav om drap

På valentinsdagen i 1989 blei kjærleiken markert over heile den vestlege verda. Samstundes kom det ei melding frå iranske ayatolla Khomeini som rima dårleg med denne kjærlege tradisjonen. Då kom den berømte fatwaen, eller dødsdommen, mot Salman Rushdie og forleggjarar som gav ut boka, og omsetjarane deira.

I Noreg gjekk 3000 muslimar i tog med krav om at boka skulle stansast. Eg dekte sjølv hendinga for NTB og blei som alle andre sjokkert når kjende muslimske politikarar slutta opp om fatwaen. Då boka kom ut i Noreg, vart det sett fyr på ein bokhandel i Bærum og ein i Oslo.

Då Nygaard blei angripen fire år seinare, hadde alt den japanske omsetjaren av Sataniske vers blitt drepen. Berre hell gjorde at den italienske kollegaen hans greidde seg etter åtak med kniv. I Tyrkia mista 37 menneske livet då demonstrantar mot boka Sataniske vers sette fyr på eit hotell. Der hadde ein av bebuarane trykt utdrag frå boka i eit tidsskrift.

Dette var alvor, og Isungset er innom dei fleste kjende sakene internasjonalt.

Alle tiders tabbar

Isungset går djupare i alt kjende spor rundt attentatet i boka. Han problematiser framleis at ein av dei sikta i saka blei sleppt fri frå varetekt av dåverande kriminalsjef Roger Andresen. Det skjedde dagen før etterforskarane skulle avhøyre den sikta i samband til nye, viktige opplysningar gitt av eit vitne som risikerte mykje. Det blei seinare opna etterforsking mot Andresen, men saka blei lagd bort.

Ei veke etter at den sikta slapp fri frå varetekt, sende politietterforskarane i saka eit brev til leiinga i Oslo-politiet. Her var det sterke ord og klar kritikk. Mellom anna gjaldt det spørsmål som ikkje hadde fått svar. Delar av brevet er gjengitt i boka:

«I anstendighetens navn bør vi kunne få en ærlig og ryddig forklaring. Det kan oppfattes som et hån mot etterforskere å avbryte og overstyre en så alvorlig sak uten å gi til kjenne hva fakta er eller burde ha vært. Motivasjon og følelse av ryddighet er på mange måter ikke tatt hensyn til her.»

Isungset er også kritisk til at politiet ikkje med ein gong etterforska attentatet mot Nygaard knytt til fatwaen. Han meiner det var større interesse for Nygaards privatliv i starten. Deretter kom tabbane tett. Dokument forsvann, og forfattaren viser klart korleis Oslo-politiet brukte færre og færre ressursar på denne saka, inntil ho blei lagd vekk i løynd i 2007. Isungset spør om dette hadde diplomatiske årsaker, men kan ikkje gi sikre svar på akkurat det. Sjølv om ikkje alt i denne boka er nytt, er det mange nye detaljar.

Nyttar kontrastar

Boka er fortald kronologisk, og historia vekslar mellom etterforskinga av skota mot Nygaard, den internasjonale stoda og livet til William Nygaard og Salman Rushdie under trugsmålet om å bli drepne. Dette gir ei framstilling fylt med kontrastar. Nygaard måtte leve med strenge sikringstiltak i lange periodar. Rushdie måtte gå under jorda, og han opplevde stadig at invitasjonar vart avlyste av omsyn til tryggleiken. Samstundes med den svake etterforskinga i Noreg.

Framleis er to namngitte personar sikta i samband med attentatet mot Nygaard etter at saka blei tatt opp att av Kripos i 2009. Den eine er i Libanon etter å ha blitt utvist frå Noreg av heilt andre årsaker, og den andre er ein iransk diplomat. Siktinga kom rett før saka vart forelda.

Sidan har det skjedd lite. Tabbane gjentar seg. Viktige vitne som kan fortelje om staten Irans ansvar, blir ikkje kontakta av norsk politi, understrekar Isungset. Han kjem med nye, utfyllande opplysningar om begge dei to sikta. Kvifor er dei ikkje internasjonalt ettersøkte, spør forfattaren.

Minnet vårt er kort. Dei dramatiske hendingane knytte til fatwaen og det uoppklara attentatet mot Nygaard blir borte når nye hendingar tar over. Isungset sørgjer for at vi ikkje gløymer dette i si oppsummering 30 år etter. Knut Olav Åmås i Fritt Ord blir sitert i boka på at saka er den største politiskandalen etter krigen. Etter å ha lese Isungsets bok er det ikkje vanskeleg å seie seg samd i den utsegna.

Einar Haakaas

Einar Haakaas er journalist og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis