JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit minnesmerke over bonden Inga

Det er kvinna på bokomslaget eg vil høyre om: Inga Selsjord, fødd Eide, i kvardagsbunad, med bestemt hoftefeste og smil i augo.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6848
20220121
6848
20220121

Sakprosa

Knut Selsjord:

Gudbrandsdøler. Fortellinger om jord, penger og kjerringbragder

OlaBMX

Inga er bonden på Selsjord like sør for Otta, ho levde frå 1884 til 1971 og er hovudpersonen i Knut Selsjords lokalhistorie frå Nord-Gudbrandsdalen – Sel, Nord-Fron og Ottadalen. Vi møter svært mange andre som levde i denne delen av landet på 1800–1900-talet, men det er eit godt grep å skape spesiell interesse for eitt livsløp og éi slekt, i dette tilfellet forfattarens eige.

Ein vårdag i 2016 ryddar Knut Selsjord på loftet. I ei skipskiste finn han ein bunke av farmoras brev frå kjærastar, slekt og venner. Som journalist slår det han at her er ei historie. Breva er inspirasjonen, og han teiknar eit detaljrikt kart av bygdesamfunn på 1800–1900-talet, inkludert eit rikt fotomateriale.

Samstundes streifar han langt og vidt, til nasjonen, verda, den økonomiske og teknologiske utviklinga. Det var eit storhende da jernbana kom til Otta i 1896, ho vart ynskt velkomen av dei fleste. Men Ivar Kleiven, ein av dei fremste pionerane blant bygdebokforfattarane, og som også får sin plass i boka, skreiv om «denne fordømte by- og banekulturen».

Samstundes dreiv han turisme på setra si i Ottadalen og måtte vedgå at det var takk vera det nye togsambandet. Men at Gudbrandsdalen nå er blitt eit moderne industrisamfunn, slik vaskesetelen hevdar, er neppe tilfelle, dersom du da ikkje reknar turisme som industri.

Utvandring

Selsjord skriv medrivande om utvandringa til Amerika, som var spesielt stor frå norddalsbygdene. Vågå, Sel og Heidal hadde 7659 innbyggjarar i 1865, og ein meiner at rundt 4000 reiste til Amerika dei neste 40 åra. Det er mange ulike lagnader, han følgjer dei over havet, enkelte tilbake til Sel, andre som aldri meir spurdest.

Det siste skjedde med to av brørne til Fredrik Selsjord, ektemannen til Inga Eide Selsjord. Som forfattaren skriv: «Dimensjonene i dette, og effektene på folks sinn, er vanskelig å fatte i dag.» Peter Brende, «Ingas sjels elskede», skreiv varme brev ho tok vare på livet ut, og kom aldri attende.

Andre reiste på noregsferie – eg er frå Lesja lengst nord i dalen og har eit personleg minne: Bror til farfar min vart præriebonde i Montana. Etter krigen kom han heim med ny Ford og køyrde æresrundar på jordet. Kona lakkerte neglene mine raude. På fotballkamp på Bjorli mælte eit kvinnfolk: «Ka te mor ha den stakkars jentungjin?» Det gjekk hardt inn på mor.

Tidleg enkje

I 1912 gifter Inga Eide seg med Fredrik, ein av sønene på garden Selsjord i Bredebygden rett sør for Otta. Han døyr tidleg, alt i 1919, ho er 35 år og står att med tre søner og ei dotter, fire barn på under sju år. Det var harde tider i åra etter første verdskrigen, men Inga Selsjord driv garden vidare og giftar seg aldri igjen.

Mange enkjer gjorde det same. Årsaker var mogleg ugreie med pengar og arv, kanskje motstand frå mannens slekt. Vi må også tru det var eit ynske om sjølvstende. Dessutan var dei ikkje så åleine som dagens kvinnebonde ville blitt. Det var fleire folk på gardane, tenestefolk, kårfolk og husmannsfolk til litt utpå 1900-talet.

Inga Selsjord vart neppe kalla bonde i si levetid. Det var nok heller kjerring, bondekjerring, som nordafjells var eit nøytralt ord for ektefelle. Kjerring er ikkje eit heidersord i alle delar av landet, og kanskje har ordet kjerringbragder i boktittelen nå fått ein bismak også i Nord-Gudbrandsdalen. Språk er makt, det minner professor emeritus Rolv Mikkel Blakar oss om i Syn og Segn i 2021.

Utdanning

Selsjord skriv at Gudbrandsdalen tidleg var eit kjerneområde for utdanning, og der var folkehøgskulen viktig: Den første var Sagatun på Hamar i 1864, men alt i 1867 vart det starta folkehøgskule på Sel, først for gutar, i 1869 også med sommarkurs for jenter.

I 1903 gjekk Inga Eide på vinterkurs, det gjorde ho også i 1905–06. Grundtvigs samfunnssyn – for folkestyre og kvinnefrigjering, mot puggeskulen og kristeleg trongsyn – påverka særleg dei unge, og impulsar derifrå var medverkande til at Sel Ungdomslag vart starta i 1888.

Laget gav ut det handskrivne bladet Dølagjenta, som skulle arbeide «for kvinden for deres frihed og mod deres unoder». Signaturen Brynhild skriv:

Du kvinde

Riv baandene itu og vær dig selv! At Norge skal kaldes et frit land er forunderligt naar kvinderne skal være behandlede som en art slaver; der skal tjene sine herrer uden den mindste gny. (…) Du ædle kvinde, ryst de gamle fordomme af, som du er oppdraget i.

Gina Krog, leiar av Norsk Kvinnesaksforening, starta ein underskriftsaksjon i 1890 for kvinners stemmerett. Knut Selsjord undrast: Heile 33 kvinner frå vesle Bredebygden i Sel skreiv under! Igjen trekkjer han tråden til folkehøgskulen – ein skule med sprengkraft.

Vidt kjeldemateriale

Gudbrandsdøler er i slekt med dei verdifulle bygdebøkene, dei er også del av det vidfemnande kjeldematerialet Knut Selsjord har arbeidd seg gjennom. Det er klokt å gje seg god tid med denne boka. Inga Selsjord deler plassen med mange andre, kanskje for mange, på desse 400 sidene. Ein leitar etter neste møte med henne.

Men forfattaren vel ikkje Edvard Hoem-sporet, han tillèt seg ikkje å dikte. Eit forsiktig sidesteg er dette: Han ser for seg Inga Selsjord åleine på garden ein vinterdag, når ho tidleg om morgonen set føtene på iskaldt golv, og ein lang arbeidsdag ligg framfor henne. I ei tid med magre inntekter og før det fanst studielån, var ho fast bestemt på at barna skulle få utdanning. Ho meinte det var beste forsikrings mot å vera avhengig og fattig.

Inga Selsjord døyr i 1971, 87 år gamal. Da er forfattaren av Gudbrandsdøler 22 år. Men kva gjer barnebarnet Knut? Han droppar ut av universitetet etter nokre få semester. Farmor hans er død, men far hans har ikkje gløymt arven frå mora, og blir rasande. Knut ser ikkje foreldra på to år. Og det er ikkje Knut, men ein annan som tar over garden – son til Inga Selsjords dotter Marit, Rune Solhjem, «gir seg i kast med å bygge opp Selsjord til et mønsterbruk i en postmoderne verden».

Minnesmerke

Kva betre kunne Knut Selsjord så gjera enn å skrive denne boka og reise eit minnesmerke over Inga Selsjord, og ikkje minst fylle ut tomme felt i bildet av bygdesamfunn langt nord i Gudbrandsdalen på 1800–1900-talet: for blikket hans søkjer ikkje berre menn, slik tilfellet altfor ofte har vore i historiske skrift. Han leitar fram jentene og kvinnene, inspirert av farmoras brev og liv.

«Skriv. Så vi ikke glemmer.

Skriv. Så vi ikke blir glemt.

Skriv. For døden er bare et annet navn på det å bli glemt.»

(Frå Jón Kalman Stefánsson: Ditt fravær er mørke)

Astrid Brekken

Astrid Brekken har vore programleiar i NRK og var med på å stifte feministbladet Sirene.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er klokt å gje seg god tid med denne boka.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis