Bok
Eit hus av melodrama
Det er lite magi igjen i Isabel Allendes realisme.
Chilenske Isabel Allende er verdas mest lesne nolevande spanskspråklege forfattar, skriv Gyldendal.
Foto: Gyldendal
Isabel Allendes Åndenes hus frå 1982 bergtok lesarar over heile verda. Saman med særleg Gabriel García Márquez hadde latinamerikanske forfattarar enorm suksess med romanar som fekk merkelappen magisk realisme: Fargerike historier frå ei (for europearar og nordamerikanarar) eksotisk røynd, med forførande innslag av det overnaturlege og eventyrlege.
Allende er omsett til over 40 språk og har fått endå fleire litterære prisar. I mange år har bøkene hennar likevel vore mindre interessante. Berre i små glimt skin det fascinerande og dragande som prega tidlegare utgivingar gjennom i Violeta. Romanen er som ein hollywoodfilm, tidvis underhaldande, men med forterpa grep og klisjéprega karakterar. Det er som om heile soga er fortald på ein slags autopilot utan noko større engasjement.
Kjærleik og skugge
Violeta blir fødd i 1920 (Allende nektar seg ikkje klisjeen at denne dagen var «stormfull») og veks opp i ein borgarleg familie i det spansktalande Amerika i eit land som ikkje blir nemnt med namn. Det liknar svært på Chile, både geografisk, demografisk og politisk.
Her er innvandrarar frå mange land i Europa og eit urfolk som blir undertrykt og utnytta. Særleg kjenner vi att det chilenske i at mange tyskarar busette seg i landet, også krigsforbrytarar frå den andre verdskrigen. Fleire tiår seinare gjennomgår landet eit blodig statskupp og får eit brutalt diktatur. Ingen tvil: Det er Chile.
Violetas familie er full av vakre og oppofrande kvinner, lojale tenarar og svikefulle elskarar. Det er ikkje ulikt andre Allende-forteljingar, og forfattaren nyttar dessutan gjenbruk av eit par episodar frå nettopp Åndenes hus. Nytt er det kanskje at ho har gitt plass til eit lesbisk forhold. Dette gjeld ikkje hovudpersonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.