Bok

Eit geografisk, mentalt og litterært utskjer

Romanen kan lesast som ein samfunns- og samtidskritikk: korleis den moderne verda verkar inn på den mentale og psykiske helsa vår.

Bergsveinn Birgisson er nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger.
Bergsveinn Birgisson er nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger.
Publisert

Islendingen Bergsveinn Birigisson er komen med ein ny roman kalla Kolbeinsøy. Handlinga er kort fortalt at forteljaren, hovudpersonen i boka, ein akademikar som underviser ved ein høgre utdanningsinstitusjon, vitjar venen som er lagd inn på ei psykiatrisk avdeling på grunn av depresjon.

Samtalane mellom dei to fører til personleg sjelelege granskingar for begge, og etter kvart vert forteljaren òg råka av alvorlege mentale og sjelelege kvalar. Ein beinhard kvinneleg sjukepleiar passar på den innlagde venen, slik at hovudpersonen ikkje skal koma til å skipla det psykiatriske opphaldet. Venen får difor besøksforbod. Etter kvart vert opphaldet så utoleleg for begge dei nære venene at hovudpersonen røvar pasienten med seg, med sjukepleiaren stendig i hælane.

Sivilisasjonsflukt

Røvartokta resulterer i ein skikkeleg road movie-tur rundt omkring på Island med uventa hendingar rundt neste sving. Turen kan lesast som ei flukt frå sivilisasjonen – ei reise som vert meir og meir utfordrande med den aggressive sjukepleiaren på jakt etter dei to flyktningane.

Reisa vert avslutta heilt nord på Kolbeinsøy, ei ugjestmild og gradvis eroderande øy som har vorte til ved tidlegare vulkanutbrot. I dag er det knapt nok råd å koma seg i land der på skapleg vis, og langt mindre er det mogeleg for nokon å verta verande. I romanen vert øya kalla for eit skjer.

Som fleire av dei andre bøkene til Bergsveinn kan også Kolbeinsøy tolkast på ulike måtar. Boka kan lesast som ein rein action-roman. Frå byrjing til slutt utgjer den ytre forteljinga ein spenningsroman i fire kapittel, der det finst særleg mykje ytre action i dei tre siste kapitla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement