JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit folk i verda

Samenes historie fram til 1750 er ei velskriven og lærerik innføring i samisk historie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein av amtmann Hans Lilienskiolds akvarellar frå ca. 1700.

Foto: Hans Hansen / Finnmark fylkesbibliotek

5103
20220826
5103
20220826

Sakprosa

Lars Ivar Hansen og Bjørnar Olsen:

Samenes historie fram til 1750, 2. utgave

Cappelen Damm Akademisk

Det akademiske studiet av samisk språk og kultur er gamalt. Dei første etnografiske skildringane er frå 1600-talet, og på same tid vart dei første bøkene trykte på samisk, til bruk for misjonen.

Samisk historie er derimot eit nytt fagfelt. Lenge vart samane rekna som ein rest av ein primitiv kultur som hadde overlevd isolert og uendra frå urgamal tid. Det innebar til dømes at når samane i historisk tid ikkje dreiv med helleristningar, kunne forhistoriske helleristningar heller ikkje vere laga av samar. Samane var utan evne til omstilling og framsteg, og difor eit folk utan historie.

Sidan 1970-åra har forskinga gjeve eit heilt anna bilete. Bakgrunnen for at samisk historie vart eit forskingsfelt, var både politisk og akademisk, men også institusjonell: Opprettinga av universiteta i Umeå, Tromsø og Rovaniemi skapte fagmiljø som retta interessa mot sine eigne nærområde og bidrog til utviklinga av samisk arkeologi.

Samenes historie fram til 1750 vart først publisert i 2004 og er no komen i ny og oppdatert utgåve. Ein merkar at forfattarane kjenner stoffet, for framstillinga er klår, presis og tillitvekkande. Boka syner dei faglege diskusjonane og lèt andre forskarar kome til orde, men utan å miste framdrifta i forteljinga. Illustrasjonane er gode, med mange kart som er laga spesielt for boka. Dette er ei bok for alle historieinteresserte.

Kven var først?

Fram til 1800-talet var det vanleg å hevde at samane var dei opphavlege innbyggjarane i Skandinavia. Seinare heitte det tvert imot at dei var seine innvandrarar frå aust. Hansen og Olsen finn at lite tyder på slike store migrasjonar i gamal tid. Samstundes syner språkforskinga at både samisk og germansk språk er komne til Skandinavia lenge etter at landet først vart busett.

Forklaringa er at dei opphavlege folkegruppene har tatt til seg eit framandt språk, og med det ein større økonomisk og kulturell pakke. I hundreåra omkring Kristi fødsel spreidde det samiske språket seg mellom grupper som heldt fram med ein fangstbasert økonomi, samstundes som språket letta samhandlinga mellom desse gruppene og finsktalande bønder. Dette vil likevel ikkje seie at samisk etnisitet ikkje fanst før utbreiinga av det samiske språket. Som forfattarane nemner, er etnisitet ikkje det same som språk, og kan overleve eit språkskifte. Kulturelt og genetisk er samane etterkomarar av folk som snakka eitt eller fleire andre språk.

Slik er det også med nordmennene. Det germanske språket spreidde seg nordover på same tid som det samiske, saman med jordbruk og gardsdrift: Germanarar dyrkar korn og drikk øl. Den rituelle og sosiale verdien av øl kan ha vore vel så viktig som den næringa korndyrkinga gav, og det kulturelle og språklege fellesskapet letta handelssamkvemmet sørover.

Eksport og import

Arkeologien syner spor av dette varebytet, både importvarer og restar av eksportretta verksemd som hellegroper for tranproduksjon. Vi kan også sjå av funna at både handelsvegane og vareutvalet har endra seg, og at samane var i stand til å omstille produksjonen.

I tidleg mellomalder var nordområda viktige som eksportørar av ettertrakta luksusvarar som kvalrosstann, pelsverk og jaktfalkar. Norrøne kjelder framstiller dette som at dei nordnorske høvdingane kravde «finnskatt» frå samane, men dette er truleg meir skryt enn uttrykk for realitetar.

Høvdingane ville gjerne framstå som imperialistiske utbytarar, men tendensen i nyare forsking er å sjå dette som eit varebyte mellom relativt likeverdige partar, for «bråkende militær makt mot en mobil fangstbefolkning med inngående kjennskap til terrenget var en lite hensiktsmessig strategi».

Kolonisering

Frå høgmellomalderen av kan vi derimot tale om ulike former for kolonisering, i hard konkurranse mellom Noreg, Sverige og Novgorod. Det har vore hevda at Noreg aldri har vore i krig med Russland, men i denne tida finn vi mange væpna konfrontasjonar i nord, med eit høgdepunkt i 1320, då den norske riksrådsleiarens setegard Bjarkøy vart brend av russarane. I hundreåra som følgde, handla det om å skape realitetar på bakken som grunnlag for den endelege delinga. For alle tre partar gjaldt det om å syne statleg og kyrkjeleg nærvær og å integrere samane i sin eigen økonomi.

Boka endar med fastsetjinga av grensa mellom Noreg og Sverige i 1751, etter lange forhandlingar der folkerettslege prinsipp skulle omsetjast i praktisk politikk, også med omsyn til samanes særskilde rettar. Den juridiske diskusjonen om samiske rettar «til lands og til vanns» er ikkje ny, skriv forfattarane, men fire hundre år gamal.

Der er mykje å lære av denne boka, ikkje berre om samisk historie, men også om nordisk historie i det heile.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den juridiske diskusjonen om samiske rettar «til lands og
til vanns» er ikkje ny, skriv forfattarane, men fire hundre år gamal.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis