JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein våghals med kamera

Historia om Noregs første kvinnelege reiseskribent og fotograf er spennande lesnad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elisabeth Meyer (1899–1968).

Elisabeth Meyer (1899–1968).

Elisabeth Meyer (1899–1968).

Elisabeth Meyer (1899–1968).

5681
20231117
5681
20231117

Sakprosa

Elisabeth Vallevik
Engelstad:

Elisabeth Meyer – reporter i grenseland

Solum Bokvennen

Gjennom to bøker og eit hundretals artiklar inspirerte den første vestlege kvinna som reiste åleine i Persia, dåtidas lesarar frå debuten for nesten 100 år sidan. Konkurransen frå mannlege reiseforfattarar var stor, men Elisabeth Meyer skilde seg ut med ein særeigen stil, fascinerande forteljingar og ei annleis og meir personleg tilnærming enn dei som gjerne fokuserte på sjølvskryt og maskuline bragder.

Gjennom karrieren tok ho nesten 40.000 bilete, og både bøker og artiklar blei rikt illustrerte med eigne foto. I tekstane sine heldt Meyer seg stort sett i bakgrunnen og sette heller søkelyset på dei ho trefte på sine til tider ville ferder. Enkelte av dei ho møtte, som Tyrkias sterke mann Atatürk, kong Feisal av Irak og sjølvaste Mahatma Gandhi, tok det mykje energi å få lov til å treffe og intervjue, men med list, tolmod og tidvis flaks fekk ho innpass i både slott og fengsel.

Autentisk folkeliv

Forfattaren og fotografen kom opphavleg frå ein velståande familie, men pengane tok brått slutt før studietida, og det eventyrlege livet hennar var deretter gjennomsyra av pengesorger. Det gjorde at ho vart tvinga til å bu billig på dei fleste turane sine, noko som hjelpte ho i å kome i kontakt med alle samfunnslag og utvide inntrykksspekteret.

Samstundes var eventyraren vågal, sjølv i periodane med nok pengar i portemoneen ville ho ut av oasane og kjenne på det autentiske folkelivet. Meyer ønskte heile vegen å vere aktiv deltakar der ho reiste, ikkje berre passiv observatør som turistar flest. For utan å kome nært på det eksotiske og ukjende ville det vere umogeleg å skjøne konteksten. Som kvinne blei ho også invitert inn i eksklusive sfærar som omreisande menn aldri får sjå.

I Persia oppdaga ho tehusa der ein kopp kosta usle seks øre, noko som gjorde at både prinsar og tiggarar sat rundt same bordet til langt på natt og anten vitsa eller diskuterte politikk, nyheiter og poesi. I brev heim sat ironien laust, og om båtturen til India la ho ingenting imellom: «fra Port Said var jeg den eneste passasjer og hadde det alt annet enn hyggelig.»

Vel framme trefte ho Rabindranath Tagore, den første ikkje-europeiske nobelprisvinnaren i litteratur. Alt i 1932 diskuterte dei kor katastrofalt det var at 300 millionar menneske levde utan håp og var djupt kunnskapslause på grunn av manglande utdanning – nesten som fangar i bur, avskorne frå resten av samfunnet.

Fotohistorie

Gandhi gjorde eit enormt sterkt inntrykk på nordbuen der dei sat saman på ei lita jernseng i fengselsgarden. Han var rasande på grunn av kastesystemet som frårøva 40 prosent av indarane retten til å leve som menneske.

Den spede mannen tykte at hinduismen heller burde døy ut, enn at det forferdelege systemet skulle få halde fram. Meyer tok nokre av dei første bileta som eksisterer av Gandhi, ho hadde fortent ein meir framskoten plass i fotografihistoria.

Etter bøkene om turane til Persia og i India reiste Meyer mykje i Europa, Nord-Amerika og heile Noreg, då med meir fokus på å fotografere enn på å skrive. Spesielt bileta hennar frå Finnmark er verdifulle, dei viser korleis det nordlegaste fylket vårt såg ut før tyskarane brende ned det meste.

Det er over 200 bilete i boka, som designmessig er vakker bortsett frå seks–sju sider mot slutten der fotografia tilsynelatande har blitt kasta inn. Meyer har sjølv teke dei aller fleste, og lesaren blir vitne til progresjonen som fotograf. Fleire bilete syner kor rå og uredd ho var. Fotoforbod blei til dømes ignorert med vitande og vilje i både Pompeii og Teheran. Ho forklarte sjølv kvifor: «Det er en ualmindelig underholdende sport at fotografere hvor det er forbudt.»

Det er Elisabeth Vallevik Engel­stad som har dykka ned i arkiv, lese hundrevis av personlege brev og saumfare samlingane på Preus museum i Horten, landets nasjonale fotografimuseum. Elisabeth Meyer – reporter i grenseland gjev eit detaljert og godt innblikk i våghalsens produktive liv. Det er ingen tvil om at det har teke tid å setje seg inn i det omfattande stoffet, men boka kunne med fordel ha fokusert endå meir på globetrotteren og reisene hennar. Korleis såg reisemåla ut, kva for eim låg i lufta, korleis var lydbiletet? Her er det ingen overdriven bruk av fargestiftar, unntatt der vi får servert utdrag frå Meyers eigne tekstar, som frå selkolonien på Pribiloføyane i Alaska.

Litt for omstendeleg

Eg saknar ein flygande start, spesielt i dei første kapitla blir det for omstendeleg. Lesaren blir litt for ofte teken med på digresjonar og sideforteljingar som ikkje alltid løftar boka. Og rett som det er, gissar Engelstad kva Meyer «må ha spurt seg selv», «kanskje kjente på» eller «trolig hadde vært». Andre stader har forfattaren drege eigne konklusjonar, noko som gjer språket smidigare og får historia til å fløyme betre.

Utan primærkjelder må forfattaren nødvendigvis spekulere, men etter føreordet burde det ha blitt gjort på ein meir elegant måte. Somme tider er ikkje boka til å leggje frå seg, andre gonger blir språket for krunglete. Den fabelaktige og banebrytande historia om Elisabeth Meyer kunne med fordel ha blitt spissa og stramma opp. Her er det nok energi, dramatikk og spenning til å skape same iver og utolmodigheit som i ein spionthriller i verdsklasse. Den latente kioskveltaren er dessverre litt for omstendeleg. Kanskje burde det ha vore meir plass til Meyer og mindre av alt anna?

Gunnar Garfors

Gunnar Garfors er føredrags­-
haldar og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Meyer hadde fortent ein meir framskoten plass i fotografihistoria.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis