Bok
Ein stor fotballidiot
Ingen har vunne så mykje med så lite. Men alkoholen tok han til slutt.
Nottingham Forest etter ha vunne både eitt og hitt.
Foto: Nottingham Forest Official Photo
Eg veit ingenting om data og korleis desse internettselskapa finn ut så mykje om kundane, men det eg veit, er at ingen gjer det betre enn Amazon. Meiner algoritmane til Amazon at eg skal lesa ei bok, så gjev dei seg ikkje før eg har tinga den boka. Eg les ikkje sportsbøker, men for nokre år sidan las eg i Financial Times om ei fotballstatistikkbok der forfattarane meinte å vita at Egil Drillo Olsen tok feil, det var ikkje lurt å satsa på berre tre trekk før avslutning. Eg kjøpte boka. Den eine boka var nok.
I alle åra etterpå har Amazon sendt meg meldingar. Algoritmane har insistert på at eg skal kjøpa denne boka om Brian Clough. No har eg gjeve etter, mellom anna av di den keisame statistikkboka synte at Clough er den manageren i europeisk soge som har vunne mest med minst pengar. Då han var 37, vann han den engelske seriemeisterskapen med ein fattig bakgardsklubb, Derby. Rett etter at han fylte 45, vann han sin andre serievinnarcup, dagens meisterliga, med ein annan bakgardsklubb, Nottingham. Det var andre året på rad han var i den europeiske serievinnarcupen. I 1977 tok han Nottingham opp i fyrste divisjon, som han vann direkte i 1978.
Best i fotball
Clough var ein av ni sysken, fødd inn i ein arbeidarklassefamilie i Middlesbrough. Alle ungane var gåverike, og alle, sett vekk frå ei syster som døydde tidleg, makta den såkalla «11-plus»-prøva, som kvalifiserte dei til realskulen. Sett vekk frå Brian, som strauk. Stryket plaga han resten av livet, skal vi tru den mangeårige assistentmanageren hans, Peter Taylor, som var illojal nok til å skriva ein biografi om sjefen medan han var assistenten hans i Nottingham. Clough var alltid redd for intelligente menneske, særleg dei med utdanning. Difor hata han dei òg.
Men han var god i éin ting, og det var han til gjengjeld hemningslaust god i. I karrieren spelte han spiss for Middlesbrough og Sunderland. Han skåra 251 mål på 274 startar, som gav han ein skåringsrate på 91,6 prosent, den tredje høgste i engelsk soge. Dette skulle sjølvsagt ha gjeve han ei rekkje landskampar; han fekk berre to. Det engelske fotballforbundet (FA) ville ikkje ha sleivkjeften på landslaget. «Alle» visste òg at han var den mest talentfulle manageren i engelsk soge, og at han difor burde ha vorte sjef for England. «Eg ville sjølvsagt ha vunne VM», som han sa sjølv. Men FA ville ikkje ha den fritalande Clough i den rolla heller.
Det siste var i grunnen forståeleg. Då han tok over «Super Leeds», bad han spelaren på det som då truleg var det beste laget i Europa, om å kasta alle medaljar. «De har ikkje fortent ein einaste ein, de har vunne alle ved å juksa.» Leeds-spelarane var fantastiske, men dei var òg det råaste laget i England, og ufine spelarar tolte ikkje Clough. Han vart sparka etter 44 dagar med ein sluttpakke så stor at han vart økonomisk uavhengig resten av livet. Det gjorde at han kunne snakka endå meir fritt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.