Bok
Ein seigliva, livleg og sentral kulturaktør
Erik Rudeng har skrive ei spennande soge om ei avis som endra Noreg.
Avisbod klare til å levere siste utgåva av Morgenbladet ein dag i 1909.
Foto frå boka
Morgenbladet har overlevd sidan 1819, ofte med naud og neppe. Likevel har A.O. Vinje fått rett i profetien sin frå 1858, då han skreiv: «det digre, trillande, ronde og blomstrande Morgenblad, som vist liver lenger enn nokon av os».
Rudeng klarar kunststykket å skrive ei jamt over fengslande tekstkulturhistorie. Han syner korleis Morgenbladet er med på endringane i samfunnet, sett innanfrå prosessane i avisa. Dette er ikkje endå ei av desse organisasjonshistoriene om indre liv og ytre konfliktar. Vi lærer faktisk nytt om kulturendringane og debattklimaet dei siste 200 åra.
Morgenbladet påverka frå fyrste stund norsk kulturdebatt og politikk, og har alltid gjort det, om enn med noko vekslande målsetjingar. Avisa har anten vore pådrivar for modernisering eller vaktar av konservative tradisjonar. Somme tider har ho plassert seg midt imellom og vurdert for og imot, såleis då avisa fremja nye tankar om filosofi og vitskap på 1960-talet.
Det nasjonale
Gründerpresten Niels Wulfsberg (redaktør til 1821) førte vidare det forsvaret av den norske Grunnlova som han hadde stått for i avisa Tiden 1813–14, og etterfylgjaren Rasmus Hviid (1821–31) stod imot dei mange freistnadene frå kong Karl Johan på å avgrense rekkjevidda av lova og det norske styret, såleis ytringsfridomen. Det vart tidleg sett ein standard der det nasjonale vart sterkt framheva, Wergeland vart dyrka, 17. mai som ein dag å feire vart framheva alt i 1829, og Bjørnson hadde lenge frirom og vart hylla for «Ja, vi elsker».
Sterke kvinner spela ei viktig rolle dei fyrste tiåra i soga om Morgenbladet. Såleis Else Marie Hviid, som alt før ho vart enkje etter redaktør Rasmus Hviid, hadde mykje å seie for økonomien og drifta til avisa. Ho heldt fram med det i om lag 40 år, til ho døydde, sameleis dotter hennar, Catherina Maria de Besche, aktiv også ho i mange år. Så skulle det gå eit hundreår før kvinnene igjen rykte inn i ansvarlege posisjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.