Bok

Ein sårbar og stor diktar

Med denne boka står Per Sivle tydelegare fram som livsfilosof, naturdiktar og fridomskjempar.

Publisert

Ei innbydande bok av ein stor diktar ligg framfor meg. Om stordomen til Per Sivle (1857–1904) rår ingen tvil. Mange av dikta hans er del av den kulturelle skulesekken vår. Han kunne skrive framifrå dansk, men saman med Aasen, Garborg og Blix fekk han fram dei særeigne lyriske kvalitetane i landsmålet. Sjølv dikta på vossamålet blei høgakta i Kristiania og Bergen. Sivle var òg pioner som arbeidardiktar.

Fridomsdiktaren

Med romanen Streik (1891) skapte han ein ny sjanger i Noreg. Endå viktigare blei kampen for norsk sjølvstende. Frå han som 37 åring i 1894 gav ut Noreg. Nasjonale dikt og fram til 1905, var han saman med Garborg den viktigaste fridomsdiktaren vår – nett i dei åra mange tykte Bjørnson sveik den djerve nasjonale visjonen.

Ei ny utgåve av dikta til Sivle er difor ei viktig hending. Sivle sjølv gav ut fem diktbøker, som saman med Lause dikt blei utgjevne i Skrifter frå 1909. Knut Johansen tok i Per Sivle. Dikt i samling (1978) med 13 ikkje-publiserte dikt (henta frå Bjarte Birkeland og Geir Berdahl). Vi ventar enno på ei stor, vitskapeleg utgåve av dikta til Sivle – med innleiing og kommentarar til dei einskilde dikta. Då ville òg tilhøvet til Ivar Aasen og Garborg (diktarkarrierane deira gjekk heilt parallelt) kome betre til sin rett.

Oppgåva til Gjerdåker og Grenasberg er annleis. Dei vil gje eit utval av Sivle-dikta, og dei har ein moderne lesar i tankane. Difor vert rettskrivinga noko modernisert, og dei gjev ei radikal forkorting av dei fleste av dei seks diktsamlingane til Sivle. Redigeringa er moderat og rett. «Den fyrste song», det eldste publiserte diktet frå 1877, blir med rette eit programdikt. Dette diktet og det aller siste «Gløym meg mor» (1904) gir samlinga ei god innramming av eit sårbart diktarliv.

Dublettane fjerna

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement