Ein nykonservativ ser seg ettertenksamt attende
Torbjørn Røe Isaksens nye bok er mollstemd.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i Stortingets munnlege spørjetime i 2019.
Foto: Kagge forlag
Sakprosa
Torbjørn Røe Isaksen
Ingen tror på nåtiden
Kagge forlag
I etterkrigstida var dei politiske partia i Europa stort sett arrangerte på ei line mellom ein raud pol til venstre og ein blå pol til høgre. Den viktigaste skilnaden på dei to polane var synet på statens storleik – raude parti ville ha ein stor stat, medan dei blå ville ha ein som var liten og veik. Dette enkle, ideologiske spekteret endra seg med høgrebølgja som vaska over Vesten på 1980-tallet, skriv Torbjørn Røe Isaksen i innleiinga til boka si.
Og han legg til: I utgangspunktet var dei raude opptatt av framtida, medan dei blå ville halde på fortida. Men då marknadsliberale doktrinar frå Storbritannia og USA skylde over Europa, blei partia på høgresida òg interessert i framtida: Dei såg at det var naudsynt med reformer som redusere staten til eit minimum, for dette ville skapa vekst, fred og ei betre verd.
Då Sovjetunionen kollapsa i 1991, skaut endringa fart. Raude parti tok òg om bord liberale idear, medan dei kaste etterkrigstidas marxistiske doktrinar på båten. Etterkrigstidas enkle, ideologiske spektrum blei sprengt.
Boka til Isaksen byrjar med ei entusiastisk skildring av sprengkrafta i høgrebølgja. Ho held fram med ein pessimistisk presentasjon av verdspolitikkens utvikling på 2000-talet. Til slutt serverer ho ei handfull kapittel som tar føre seg sosiale endringar generelt og samtidas politiske utfordringar – dei som politikkens ideologiar bryr seg lite om, om vi skal tru Isaksen. Det vil han gjere noko med.
Ingen tror på nåtiden er inga djup analyse. Men i løpet av 14 kapittel gir ho ei fin og lettlese oversikt over korleis verda, Vesten og høgresida har utvikla seg sidan Thatcher og Reagan og Gorbatsjovs tid. Og kvifor vi står der vi står i dag, andsynes ulikskap, krig og klimakrise.
Personleg skildring
Dette er ei personleg skildring frå politikkens innside. Isaksen var ein engasjert tenåring i Porsgrunn då høgrebølgja vaska over Vesten. Han blei ein effektiv talsmann i Unge Høgre for dei nye ideane. Han studerte idéhistorie og skreiv ei masteravhandling om Friedrich Hayek – den austerriksk-britisk liberalisten og kritikaren av etterkrigstidas keynesianske modell. Sidan var Isaksen med på fleire bøker om konservatismen som politisk ideologi – mellom anna Høyre om! (2008), Konservatisme (2011) og Hva er konservatisme (2021).
Desse tidlege bøkene er optimistiske. Dei blei skrivne på ei tid då handelshinder blei fjerna, økonomiar vaks, diktatur bukka under og demokrati blomstra. Historia var slutt, som Francis Fukuyama famøst uttrykte det den gongen.
Isaksens nye bok er mollstemd. Ingen tror på nåtiden spring ut av ei bekymring for framtida. Liksom det gamle raud-blå spekteret gjekk i knas rundt 1990 og blei avløyst av ein konsensus om liberale verdiar, gjekk denne liberale konsensusen opp i liminga om lag 25 år seinare. Nokre utfordingar kom som sjokk, som covidpandemien og Russlands invasjon av Ukraina. Andre har kome umerkeleg snikande som ubehagelege overraskingar – som når global arbeidsdeling og handel førte til eksport av vestleg tungindustri, vekst i aust, aukande import av asiatiske konsumvarer, transport, forureining og klimakrise.
Nykonservatismen såg ikkje desse utfordringane tidsnok. Han var abstrakt, urealistisk og blinda av sin eigen «liberale utviklingsoptimisme».
Nye plattformer
Det var ikkje berre dei nykonservative høgrepartia som vikla seg inn i vanskar. Då kommunismen kollapsa, kasta raude venstreparti marxistiske førestillingar om solidaritet med ein utbytt arbeidarklasse på båten; dei tok om bord eit liberalt omgrep om rettar og glei inn i ein identitetspolitikk som preika om solidaritet med undertrykte minoritetar. Dette dreiv gamle veljarar til høgre og førte til fragmentering og svekking blant dei som blei att.
Men det er utviklinga på politikkens høgreside som boka er mest opptatt av: av høgrepartia som la bort Edmund Burke og Joseph de Maistre, og omfamna Friedrich Hayeks sosialfilosofi og Milton Friedmans marknadsøkonomiske doktrinar. Desse partia bygde heilt nye ideologiske plattformer. Men dei kvitta seg med klassikarane og tømde konservatismens skepsis og pessimisme ut med badevatnet. Dei blei ståande igjen med ei rein, men enkel og godtruande oppskrift på sosial reform og ei trygg og demokratisk framtid.
Boka viser til storpolitiske hendingar og til viktige vendepunkt i samtidshistoria. Men det er dei politiske ideane ho er mest opptatt av. Isaksen ser politiske idear som historias drivkrefter, ikkje som rasjonaliseringar av økonomiske interesser eller som refleksar av materielle bindingar eller sosiale relasjonar.
Isaksen er særleg opptatt av tre idear: at kvart individ er født med naturlege og umisselege rettar, at statens fremste oppgåve er å verne om desse rettane, og at når fornuftige og frie individ får styre sitt eige liv, så veks det fram eit samfunn med effektiv arbeidsdeling, økonomisk vekst og fridom for alle. Dette er dei viktigaste bjelkane i nykonservatismens plattform. Saman dannar dei ei førestilling om at alle gode ting går naturleg hand i hand.
Politikk i praksis
Men Isaksen er òg ein røynd og praktisk politikar. Den liberalistiske doktrinens skarpaste kantar har blitt slipte runde av politisk erfaring, mellom anna som representant i Porsgrunn bystyre, som Stortingsrepresentant for Telemark og som statsråd i tre forskjellige departement i Erna Solbergs regjering.
Isaksen har vore klar over at i politisk praksis har ein moderne stat fleire oppgåver enn berre å verne om dei grunnleggjande rettane til borgarane. Her har han vore einig med Adam Smith i at staten òg må undervise dei unge, ta seg av gamle, sjuke og uføre, byggje vegar og kanalar – det vi i dag kallar infrastruktur for kommunikasjon og samferdsel – og vedlikehalde organ for sosial orden og nasjonal tryggleik.
I den nye boka si legg Isaksen stor vekt på det siste. Han innrømmer at oppgåvelista til Smith er for stutt – at nykonservatismen undervurderte staten si rolle og må revurdere balansen mellom politikk og økonomi, mellom stat og marknad.
I kapittel 8 trekker han på eigne erfaringar frå 2019, då Solberg-regjeringa stengde Noreg for å stogge spreiinga av covid 19, koordinerte vaksinekampanjar for å førebyggje smittebølgjer og pøse ut økonomisk støtte til næringslivet for å holde nasjonens økonomiske hjul i gang. Isaksen innser at klimakrisa ikkje kan løysast utan statlege inngrep, og at Russlands invasjon av Ukraina presenterer problem som Noreg må møte med ein sterk stat og ein samla nasjon.
Når store utfordringar kjem utanfrå, har eit land bruk for ein sterk stat. Og her peikar boka på ein akilleshæl hjå liberalismen: Han skil dårleg mellom politikk inne i land og politikk mellom land. Han tar lite omsyn til verdas geografiske og antropologiske mangfald, men nyttar dei same omgrepa på å skildre innanrikspolitikk som utanrikspolitikk og internasjonale forhold. Men Isaksen gjer det klart at i praktisk politikk kan innanrikspolitikken råkast av utfordringar som kjem utanfrå. Og for små land som Noreg er det ofte desse utfordringane som er dei vanskelegaste, for politikarane har ikkje herredøme over dei.
Skiljet
Isaksen peikar òg på ein annan veikskap hos liberalismen: Han trekker eit skilje mellom politikk og økonomi. Det er eit viktig poeng. Og det freistande å leggje til at her er det nyttig å skilje mellom liberal og liberalistisk, for det er hos liberalistane dette problemet er størst. Ein liberalar har ein politisk ideologi som legg vekt på menneskerettar og individuell fridom, mens ein liberalist òg har klokkartru på ein økonomisk doktrine om marknadens sjølvbalanserande eigenskapar.
Liberalisten trur at den frie marknaden lyder naturlege lover og regulerer seg sjølv, og at han held økonomien i likevekt. Politikken, derimot, er ifylgje liberalisten lovlaus: Politikk dreier seg om aktørar som berre søkjer å kare til seg mest mogleg makt. Dersom staten, som ein dominerande politisk aktør, byrjar blande seg inn i økonomien for å fremme eigne interesser, blir marknadens naturlege prosessar øydelagde. Resultatet er et økonomien mister likevekta og glir inn i kriser.
Til sjuande og sist er det hendingar i internasjonal politikk og samfunnet av statar som legg torpedoar under nykonservatismens ark. Det er vanskeleg å tolke Isaksen annleis, når han skriv om vår store nabo i aust. I 1991, då Sovjetunionen klappa saman, blei både verda og dei politiske ideologiane med eitt annleis. Og etter Russlands invasjon av Ukraina i 2022 vil verda aldri bli den same.
«Det finnes ingen vei tilbake til en verden før Russlands invasjon av Ukraina», skriv Isaksen. Og han legg til: «Det finnes ingen fremtid hvor Kina ikke vil ønske seg en plass i solen».
Endringar i styrkeforhold mellom stormaktene og deira omsyn til eigne interesser har hatt for liten plass i nykonservatismen. Isaksen tar dei med. Han tar for seg Kinas vekst og USAs svekking, rivaliseringa mellom Kina og Vesten om utviklinga av digital teknologi og usikkerheitene som knyter seg til stabiliteten i det amerikanske samfunnet og framtida til dei USA-leia organisasjonane som har etablert køyrereglane for verdssamfunnet sidan andre verdskrigen.
Isaksen skriv at han driv i retning av pessimismen. Men kan det òg tenkjast at han driv bort frå dei liberalistiske utopiane og inn blant konservatismen klassikarar, og der vil finne ein realistisk politisk teori av god, gamaldags type?
Torbjørn L. Knutsen
Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved NTNU
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den liberalistiske doktrinens skarpaste kantar har blitt slipte runde av politisk erfaring.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement