Bok

Ein murstein under Vinje

I 24 kapittel kjem vi tett på både livet og forfattarskapen til Aasmund O. Vinje.

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) – norsk forfattar, journalist og språkpioner.
Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) – norsk forfattar, journalist og språkpioner.
Publisert Sist oppdatert

I fjor opna Vinjesenteret. Og i fjor kom det også ut ein murstein av ei bok om Aasmund Olavsson Vinje. Boka med tittelen Tvisyn, innsyn, utsyn. Nærblikk på A.O. Vinje inneheld 24 artiklar av 25 forfattarar.

Det skal format til for å kunne gi namn til eit senter, like mykje som det skal format til for å bere ei bok på 641 sider. A.O. Vinje har dette formatet. Slik sett er denne mursteinen av ei bok henta ut frå den kulturelle grunnmuren som Vinjesenteret er bygt på.

Vinjes tvisyn er framheva alt i tittelen, og det med rette. Vinje kom inn som eit flogvit frå periferien og representerte ein motkultur. Samstundes kunne han vere regjeringsvennleg og stod i mangt nærare danomanen Welhaven enn den patriotiske Wergeland.

Kritikk

«Der fann eg dei beste», lyder Vinjes helsing til hovudstaden i Ferdaminne. Og «der lærde eg mest». Samstundes var han ein tydeleg kritikar av danninga ovanfrå. Dei organiserte skulane «klemmer de Unge ind i sin Jernsko; de ere Maskiner, som have dræbt flere Talenter, end de engelske Fabriker have gjort Krøblinger», siterer Hallvard Kjelen i kapitlet «Geitas didaktikk». Det er eit memento til mange av oss som utdannar lærarar, og som stundom finn impulsane frå OECD og Utdanningsdirektoratet noko hardhendte.

Men det er ikkje heilt enkelt å finne fast grunn for kritikk av rådande kunnskap. «Det er en motsetning mellom Vinjes kritikk av boklærdommen og hans egen lærdom», skriv Thomas Seiler i eitt av høgdepunkta i boka. Vinje var noko slikt som ein lærd populist, med stor tiltru til krafta i enkeltmennesket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement