JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein lytefri landsfader

«Kongens person er heilag; han kan ikkje lastast eller skuldast for noko», heitte det i Grunnlova. Stortinget strauk fyrste leddet i 2018, men forfattarane av haustens to kongebøker held seg til det gamle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Harald spelar yatzy saman med barneborn om bord i kongeskipet.

Foto: Dronning Sonja / Kagge forlag

5375
20201204
5375
20201204

Sakprosa

Harald Stanghelle:

Kongen forteller

Kagge Forlag

Sakprosa

Christian Borch:

Konge for sin tid

Cappelen Damm

Christian Borch leverer eit forsvarsskrift for kongen, der problem rett nok ikkje vert skuva under teppet, men som Grunnlova fastset vidare: Ansvaret vert lagt på hans råd. Dårlege rådgjevarar og sure kritikarar får det glatte lag. Fram stig Harald i skinande blank rustning, ein riddar og landsfader utan lyte.

Harald Stanghelles bok utgjer seg ikkje for anna enn å sleppe kongen sjølv til orde med hans «egen fortelling og refleksjoner om dagens Norge». Rett nok er det mykje av Stanghelle der òg. Men alt som heiter kritisk journalistikk, er lagt på hylla. Kongen vert skildra som i eventyret: trygg og god i hagen til kongsgarden. Den beste mannen i landet.

Merkeleg institusjon

Stanghelle har gjort kong Harald ei bjørneteneste. Ingen ville ha venta eit revolverintervju, men når det ikkje vert stilt gode spørsmål, blir heller ikkje svara gode. Resultatet er skuffande. Stanghelle hjelper ikkje kongen med å få fram refleksjonar som kunne ha lært oss meir både om personen og institusjonen.

Borch har gjort ein betre journalistjobb. Han har skrive ei bok som tek sikte på å trengje djupare inn i den merkelege institusjonen som kongemakta er: Noko heilt anakronistisk som heng att i Noreg, sjølv lenge etter at kongens konstitusjonelle rolle mest har falle bort.

Firedobla apanasje

Kva er det som gjer at kongen er ein viktig person for nordmenn? Og mykje viktigare i 2020 enn då kong Harald kom på trona i 1991, om vi ser på kva Stortinget løyver til kongehuset. I statsbudsjettet for 1991 vart det løyvd 47 millionar kroner. I framlegget for 2021 er summen 335 millionar. Det vert ei firedobling om vi ser på realauken, og i dei same åra har det vore brukt hundretals millionar på kongebustadene. Vi set pris på kongen her i landet. Høg pris.

Korleis kan det ha seg at Stanghelle, som har fått privilegiet å ha lange samtalar med kongen, ikkje har bede majesteten om å reflektere over denne ressursauken og kva det kjem av? Det ville ha vore det fyrste ein røynd journalist ville ha konfrontert leiaren av ein annan budsjettvinnande statsetat med. I det minste: Kva vert desse midlane frå skatteytarane brukte til? Når spørsmålet ikkje vert stilt, får vi heller ikkje noko svar.

Når kongen er viktig for oss, er det fordi han gjev noko viktig attende, skriv Borch. Kongen står for ein moralsk leiarskap. Han «skaper en moralsk ramme for Norge som det politiske lederskap ikke lenger har kraft til å formulere». Den tidlegare Morgenblad-journalisten Borch skriv ei forfallshistorie om fedrelandet. Politikarane har gjeve tapt for marknadskreftene og annan styggedom. Det liknar på Morgenbladet før 1884: Berre kongen har kraft til å stå mot dei øydeleggjande kreftene som trugar samfunnet. Vi veit korleis det gjekk den gongen. Bernadottane vara i 90 år. Går det same veg med dynastiet frå 1905?

Opplyst optimist

I motsetnad til den sju år yngre Borch syner ikkje 83-årige kong Harald seg som nokon nostalgikar eller bekymra mann, korkje i den eine eller andre boka. Tvert om. Her stig det fram ein opplyst optimist med tru på framtida. Med stor tillit til ungdomen. Med realistisk haldning til at vi alle er i same båt her i landet, og at vi kan skape ei god framtid saman. Kongen er oppteken av historie, men har forstått at det historia lærer oss, er at alt blir endra. Skal ein ha noko å seie, må ein vite kva tid ein lever i.

Kor stor makt har kongen? Og kvar går grensa for kva ein konge kan seie og ikkje seie eller gjere, så lenge «ansvaret ligg på hans råd»? Stanghelle lokkar knapt kongen utpå til å kommentere. Borch nøyer seg med å peike på dilemmaet – ein «knivsegg» som kongen balanserer på.

Omsutsfull landsfader

Forfattarane bryr seg lite om Grunnlova. Dei finn det heilt greitt at kongen, mot ynsket til rådgjevarane, hindra at seinare kongar og dronningar kan få melde seg ut av den evangelisk-lutherske kyrkja. Ikkje synest dei å sjå nokon motstrid til kong Haralds eigen kamp for å få gifte seg med den han ville. Private forhold i familien får kongen rå over sjølv. Men Grunnlova er ikkje noka privatsak. Det er ho som gjev kongen makta hans. Ville nokon elles ha ansa ein aldrande seglar frå Oslo vest, enn om han snakka både klokt og vel?

Borch peiker på faren for at nokon kan utnytte kongemakta for eiga vinning. Han er ikkje nådig mot kronprinsesse Mette-Marit (eller rettare: dårlege rådgjevarar) for at ho ikkje sa nei då Jeffrey Epstein, den sexdømde milliardæren, ynskte å sole seg i kongeleg glans. Det kan gå den andre vegen òg: Kongefamiliens posisjon gjev makt til å fordele gode og heider og meir til, men bøkene gjer oss ikkje mykje klokare på kva som avgjer korleis denne makta vert nytta.

Forfattarane gjev begge eit overtydande bilete av kong Harald som ein sympatisk mann, ein omsutsfull landsfader og familiefar. Mykje meir er det ikkje å få ut av bøkene.

John Peter Collett

John Peter Collett er professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Stanghelle har gjort kong Harald ei bjørneteneste. Borch har gjort ein betre journalistjobb.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis