Bok

Ein konservativ pressemann

Kvifor er danske journalistar så mykje meir direkte og brutale enn norske? Kanskje av di dei har ei borgarleg presse.

Publisert

Denne meldinga handlar i grunnen om at underskrivne liker å verta sett, eg er neppe åleine om det. For nokre år sidan skreiv eg ein kort artikkel i ei dansk avis om vindkraft, som danskane har bygd ein del av. Eg stilte meg undrande til denne satsinga og skreiv at «vindmylner er ein så gamaldags teknologi at don Quijote freista å urydda han for 400 år sidan». Kort tid etter sende redaktøren meg ein petit frå Berlingske skriven av ein Claes Kastholm som ut frå profilteikninga såg ut som ein eldre, noko sur mann. Han hadde hengt seg opp i formuleringa mi, som han var særs nøgd med og nytta til å gå til åtak på dansk vindindustri for å øydeleggja dansk kulturlandskap.

Eg var sjølvsagt særs nøgd med rosen og byrja å lesa denne Kastholm, som eg no altså har funne i bokform. Eg oppdaga snart at æra ikkje var så stor, for Kastholm hata verkeleg dansk vindkraft og all moderne arkitektur, som han hevda hadde øydelagt særleg den danske landsbygda. Han hadde nytta teksta mi til å ri ein kjepphest. Karen, synte det seg, var djupt konservativ, men, oppdaga eg òg, ein av dei mest avhaldne danske journalistane. Noko som elles var lett å forstå, mannen skreiv brutalt, noko mange danskar gjer, men han skreiv òg med ein eleganse ein må leita lenge for å finna.

Tekst i samling

Diverre døydde levemannen Kastholm kort tid etter, men straks etter kom ein antologi med nokre av dei beste tekstane hans. Dei er verkeleg gode, berre for å seia det. Men livssoga som Hans Mortensen, som arbeidde saman med Kastholm i Extra Bladet, fortel om i den lange introduksjonen, er òg interessant. Introduksjonen forklarer mykje av det hatet Kastholm sjølv sa han hadde mot «den hylande og kompakte majoriteten». For såg Kastholm så mykje som ein tendens til massehysteri, var han der med ein gong.

Dei siste åra var han særleg irritert på internett og Facebook, og dei stupide og uansvarlege ungdomane som etter hans syn vart resultatet: «Det moderne livet stimulerer trongen til introspeksjon, dette at ein koplar seg frå verda og røyndomen og er eineherskar i si eiga vesle boble» (mi omsetjing). Resultatet: «Fortrenging av dei grunnleggjande vilkåra i livet. Vonbrot eller beint ut sagt raseri om ein ikkje får det som ein vil ha det.» Det er vel berre å sjå på det store krenkjehysteriet som breier om seg i Vesten mellom unge og privilegerte studentar for å forstå kor rett Kastholm fekk.

Tyskarunge

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement