JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein gresk tragedie

Robert Emil Berge lukkast med å omsetje greske komediar og tragediar til norsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4893
20181221
4893
20181221

Sakprosa

Evripides:

Hekabe

Gjendikta frå gamalgresk av Robert Emil Berge
Gyldendal

Vi har i alt overlevert 32 greske tragediar, alle er frå 400-talet f.Kr. og alle er av dei tre athenarane Aiskhylos, Sofokles og Euripides. 18 av dei er av Euripides, den mest populære både i oldtida og i dag, men av desse har hittil berre seks vore omsette til norsk. Berges Hekabe vert no den sjuande, som også er den fyrste tragedieomsetjinga i det heile sidan 1987.

Versedrama

Slike omsetjingar er altså sjeldsynte, og det kjem nok av at oppgåva er særs krevjande. Gresk drama er på vers, og desse versa er langt verre å omsetje enn til dømes Homers, både fordi versemålet tillèt mindre variasjon, og fordi teksten er utan språkleg fyllstoff. Homers Iliaden og Odysseen byggjer på ein munnleg improvisasjonsteknikk med faste formlar, her kan ein både leggje til og trekkje ifrå utan at noko vesentleg går tapt. Dramaet, derimot, er ei klassisk kunstform: Her er ikkje noko til overmål.

Dette syner seg ikkje minst i dei lange utvekslingane av enkeltvers, der konfliktane vert utvikla med intellektuell presisjon og språkleg balanse. Gresk tragedie handlar om grufulle hendingar, men replikkane er nøkterne og resonnerande. Dei tragiske heltane vil ikkje berre klage over lagnaden, dei vil forstå kva det er som skjer, og dette syner seg i den språklege forma.

Homer kan ein omsetje til prosa, men tragedie på prosa vert formlaust. Berge gjer difor som forgjengarane og attdiktar til norske vers, og han lukkast vel med dette. Språket er klårt og med god flyt, og det filologiske grunnarbeidet er solid, noko som òg syner seg i ei velskriven og informativ innleiing. Slik var det også i attdiktinga hans av Aristofanes’ komedie Froskane, som kom i 2016. Berge veit kva han gjer, og eg vonar han held fram.

Kvinnene frå Troja

Hekabe er truleg betre kjend for norske lesarar under det latinske namnet Hecuba: «What is Hecuba to him, or he to Hecuba/ That he should weep for her?», spør Hamlet om skodespelaren. Hekabe var dronning av Troja, men byen fall, mannen og alle sønene vart drepne, og sjølv vart ho tatt som slave av grekarane. Dette er også emne for Euripides’ tragedie Trojanarinnene eller Kvinnene fra Troja, der handlinga finn stad dagen etter at byen har falle. Hekabe held fram der Trojanarinnene sluttar, mens grekarane er på veg heim med fangane sine.

Handsaminga av fangar i antikken var ofte på IS-nivå: Drep mennene, valdta kvinnene og sel dei som slavar. Men grekarane hadde ikkje noka heilag skrift som sa at dette var rett og riktig. Tvert om, det vart gjort med dårleg samvit, og i Athen på Euripides’ tid vart spørsmålet fleire gonger handsama i folkeforsamlinga. Her stod politiske omsyn mot dei menneskelege. For grekarane var krigen eit vonde, og som Euripides syner, har han sin eigen dynamikk som også sigerherrane må underkaste seg. Grekarkongen Agamemnon vil gjerne hjelpe Hekabe, men er redd for kva hæren hans vil seie. «Det finnes ingen frie mennesker!», konkluderer Hekabe, og ho vert ikkje motsagd.

Retorikk

Hekabe resonnerer over sin eigen situasjon, men ho søkjer også, til dels med hell, å påverke ved hjelp av det ho enno har i si makt, nemleg talens bruk. Hekabe er ein retorikar, ikkje berre i eigen ordstrid, men òg når ho rådgjev andre. Når ho prøver å vinne Odysseus for seg, seier ho at «ditt ry vil overtale dem, selv når du har/ talt dårlig». Her ber ho han om å stole på eigen autoritet (etos), mens ho sjølv appellerer til kjenslene og sjølvbiletet hans (patos). Også dottera Polyxene, som grekarane vil ofre på Akhilleus’ grav, vert oppmoda til å nytte patos: «Du har et påskudd. Han/ har også barn og vil ha medynk for ditt fall.»

Som Berge påpeiker i innleiinga: Når Hekabe får høyre at dottera er drepen, reagerer ho ikkje med sørgjesong, men med å «flykte inn i en intellektuell spekulasjon om arv og miljø». Når ho diskuterer med Odysseus og Agamemnon, er det ei reieleg, intellektuell utveksling mellom likeverdige partar. I dialogen med den forrædarske barbarkongen Polymestor, derimot, er replikkane kjenneteikna av dramatisk ironi og dobbel botn.

Dimed vert dette også ein tragedie om ordets makt. Hekabe spør seg sjølv:

Vi dødelige, hvorfor sliter vi for å

få annen kunnskap som vi trenger, lærer alt,

heller enn å studere overtalelse

til fulle, det som styrer alt blant mennesker,

betale for å lære det, så det går an

å overtale folk og få det som man vil.

Men som stykket syner, er der grenser for kor stor denne makta eigentleg er, og dei argumenta som vert offentleg framførte, er heller ikkje alltid dei som i røynda avgjer. Også dette kan ein lære om hjå Euripides.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag ved Universitetet i Bergen og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Berge veit kva han gjer, og eg vonar han held fram.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis