Bok

Ein fuglekikar blir til

Med lett penn dukkar Brit Bildøen djupt i livet til trekkfuglane.

Publisert

Forfattaren saknar å vere meir ute, nærare naturen. Kan det gå an å oppleve verda meir slik som då ho var lita, då faren tok ho med på tur og ho sprang over havmyrene med mose under føtene og måse over hovudet?

Svaret vert å gi seg sjølv eit år til å få skikkeleg taket på fuglane, spesielt trekkfuglane. Kven er dei? Kor fer dei? Korleis i all verda finn dei fram? Bildøen brukar tida godt. Fugleferda hennar går ut til nokre av dei beste fuglelokalitetane våre og inn i forskingslitteraturen.

Boka skil seg frå mykje av det som elles er skrive for fugleinteresserte. Her er det ikkje ein enkelt art eller ei gruppe artar som vert skildra. Ikkje dreier det seg om korleis ein fôrar fuglar i hagen eller tek fuglebilde. Vitsen er heller ikkje å legge fram kva artar ein kan rekne med å finne i bestemte område eller naturtypar.

Eit fugleliv

Nei, boka er ei forteljing om det å bruke tid på å undrast over og bli kjent med fuglane, lære å kjenne dei att, forstå kva dei driv med. Eller – for å nytte eit ord forfattaren brukar på uvant vis – å skaffe seg eit fugleliv.

Bildøen erfarer at eit slikt liv har mange sider: undring, yr glede, leiting, famling. Både kuriositetar (sjeldne fuglar på noregsbesøk, såkalla bomber) og djupe samanhengar (kva vi veit om korleis fuglane veit kor dei skal) pregar dagane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement