Bok
Ein dødsspiral
Erlend Skjetne skildrar ein dysfunksjonell familie med humor og stort alvor.
Erlend Skjetne debuterte med ei diktsamling i 2019 som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris.
Foto: Leikny Havik Skjærseth
I Melhus kyrkje heng eit portrett av diktarpresten Petter Dass, det einaste som finst, og kanskje er det ikkje eingong Petter Dass. Men nærare den nasjonale litteraturskatten kom ikkje Melhus før Erlend Skjetne (f. 1988) no er ute med den andre boka si. For diktdebuten Skare (2019) var han innstilt til Vesaasprisen; romanen Kleda er gjennomvåte er også ein sikker priskandidat.
Velkomponert
Det er ein uvanleg sterk og velkomponert roman som tematiserer sjølvmordet og kva det drar etter seg for dei næraste. Samtidig er det ein oppvekstroman der forteljaren Daniel prøver å forstå seg sjølv og den familien han vaks opp i med ein ustabil far og ei like ustabil stemor frå Romania. Broren Isak og halvsøstera Ester er også med. Handlinga pendlar mellom Melhus og Trondheim, ukronologisk, men også loggført gjennom politirapportar, journalutskrifter og obduksjonsrapportar, og slik gir Skjetne rom for saklege og usentimentale sidekommentarar til hovudhandlinga.
Romanen kan også lesast som ein nekrolog og ein biografi der målet er å vise nyansane i eit livsløp som fort blir definert ut frå sjølvmordet. Dermed får faren Øyvind stor plass i Daniels framstilling, og han tar lesaren med på ei reise inn i pinserørsla, inn i filantropisk hjelpearbeid, inn i det rastlaust nevrotiske og inn i eit samliv og eit familieliv som går i stå og etter kvart over styr med stadige innleggingar og tung medisinering, ein dødsspiral som endar med at både faren og stemora tar livet av seg, han først, ho eit halvt år seinare.
Balansert alvor
Å vekse opp under slike vilkår vil sjølvsagt sette spor hos barna, som anten må bli i det eller komme seg unna. Daniel tyr til vegane i Melhus, Isak held seg på rommet, Ester hamnar hos den eine fosterfamilien etter den andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.