Ein sosialdemokrat i medvind
Med høgresving på innvandringspolitikken og venstresving på andre område kan leiar for det danske sosialdemokratiske partiet Mette Frederiksen bli ny statsminister i juni.
Sakprosa
Thomas
Larsen:
Mette Frederiksen. Et politisk portræt
Gyldendal Forlag (Danmark)
– Sosialdemokratiet har tapt tillit og truverde hos mange menneske, og den må ein arbeide hardt for å få attende, seier Fredriksen i den ferske boka Mette Frederiksen. Et politisk portrett av Thomas Larsen, forfattar av fleire politiske bøker og til dagleg kommentator i avisa Berlingske. Frederiksen kan bli Danmarks yngste statsminister, men ho har lang røynsle frå politikken. Mellom anna har ho vore både arbeidsminister og justisminister.
Ta frykta på alvor
41-årige Frederiksen overtok som leiar i 2015 og har brukt dei fire åra i opposisjon på å få det ho kallar samfunnskontrakten med veljarane på plass igjen. «Men folks frustrationer og frykt – hva enten den er amerikansk, britisk eller dansk – skal saftsuseme tages alvorligt», seier ho.
Under Frederiksen har dei danske sosialdemokratane løfta fram si eiga historie. Sjølv syng ho entusiastisk arbeidarsongar som «Når jeg ser et rødt flagg smelle». Ho kjem då også frå ein familie med sterkt truande sosialdemokratar i fleire generasjonar bakover. Indignasjonen over urettferd og at somme er blinde for klasseskilnader og medfødde privilegium, blir karakterisert som ekte og basert på eigne røynsler. Som ho sa 1. mai: «Som nedslitt lønnmodtager er det rigtig godt at have en socialdemokrat med seg.»
Frederiksen liker heller ikkje tanken på at innbyggjarar i Danmark skal gå på stønad i staden for arbeid. Plikt kjem før rett. Og for dei som skal vere med på det politiske laget hennar, er det politisk flid, orden og ansvar som gjeld.
Verdikonservativ
Men om historia blir dyrka, har Frederiksen vore opptatt av å utvikle ny politikk og reorientere partiet. Mest oppsikt har den verdikonservative vendinga i innvandringspolitikken og eit tett samarbeid med Dansk Folkeparti (DF) vekt. At den tidlegare sosialdemokratiske leiaren Poul Nyrup Rasmussen ein gong sa at Framstegspartiets søsterparti aldri ville bli stovereine, har ikkje plaga Frederiksen. Kjemien ho har med DF-leiaren Kristian Thulesen Dahl, skal vere god. Sjølv er ho villig til å ofre regjeringsmakt, viss slikt står i vegen for ein stram nok innvandringspolitikk.
Ambisjonen er uansett å regjere åleine. Røynslene frå koalisjonen med Radikale Venstre (søsterpartiet til Venstre) og to andre parti frå regjeringstida i åra fram til 2015 skremmer.
Frederiksen vil sjå begge vegar. Ho trur partia til venstre blir lokka av ein meir radikal politikk innan økonomi og fordeling, oppgjer med sentraliseringsreformer og kontroll- og styringsregimet. Det hjelper sikkert også at ho skriv kronikkar med titlar som «Den syke kapitalismen» og held 1. mai-talar som kjem ungdom som krev klimahandling i møte.
Energisk
Frederiksen kan minne om den energiske og maktklare Gro Harlem Brundtland som tok over som statsminister i 1981. Også ho var i byrjinga av 40-åra. Begge er openberre leiarar med vekt på systematisk og analytisk arbeid, lagkjensle og lojalitet. Begge er blitt kjende for å vere uredde og ha temperament, men også vere i stand til å balansere prinsipp med pragmatiske løysingar.
– Politikarar som berre er pragmatiske, er uinteressante, og folk som berre har haldningar, kjem ingen stader, seier Frederiksen.
Men der Brundtland måtta ta styringa i eit parti som var øydelagt av maktkamp og vanta nytenking i møte med høyrebølgja, overtok Frederiksen eit parti der maktkampane var over. Og no har ho hatt fire år på å førebu seg.
Den politiske tilnærminga og analysen hennar minner ein del om det Trond Giske har teke til orde for her heime: skjerpa innvandringspolitikk, ein meir radikal fordelingspolitikk og å vere kritisk til reformer og sentralisering.
Portrettboka om Frederiksen er best der ho fortel om bakgrunnen sin og dei politiske kampane ho har vore gjennom eller vitne til. Dei siste kapitla blir for ein stor del ein gjennomgang av kva politikk ho vil føre viss ho kjem i posisjon. Det interessante med dette er at Frederiksen byggjer opp forventningane. Ho tek jamvel ikkje sigeren på førehand. «Det er mange ubekendte i den ligning, men så længe vi er det store parti som de fleste mennesker orienterer sig efter, er vi ikke i krise.»
Fråvær av krise er då noko i eit sosialdemokratisk parti som snuser på 30 prosent i meiningsmålingane.
Agnar Kaarbø
Agnar Kaarbø er konsulent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Plikt kjem før rett. Og for dei som skal vere med på laget hennar, er det politisk flid, orden og ansvar som gjeld.
Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.