Bok

Ei veslesøster

Guri pønskar på måtar å bli kvitt veslesøstera på.
Guri pønskar på måtar å bli kvitt veslesøstera på.

Biletbok

Veronika Erstad og Ella K. Okstad (ill.):

Korleis bli kvitt ei veslesøster

Cappelen Damm

Pendelen svingar i barnelitteraturen, mellom idyllisering og realisme, mellom kunst og pedagogikk. Biletboka Kunsten å bli kvitt ei veslesøster finn seg ein farbar middelveg.

Guri ynskjer seg ei storesøster, men no skal ho bli storesøster sjølv. Veslesøstera viser seg å vere ei plage. Guri lagar ei liste over korleis ho kan bli kvitt henne: Skylje henne ned i do, legge henne ut på Finn.no, gje henne til bestemor og bestefar og så vidare.

Boka er ei veslesøster i seg sjølv. Storebrødrene har «Roald Dahl» prenta på bokryggen. Dei kvittar seg med brysame bestemødrer og dumme foreldre på same måte: med herleg humor, fantasifulle overdrivingar og eit forteljarperspektiv som usvikeleg er på barnet si side.

Der Georg både kokar og serverer sin magiske medisin, er denne forteljinga likevel meir realistisk. Punkt for punkt må Guri innsjå at lista ikkje lèt seg gjennomføre.

Illustrasjonane minner også om klassikarar i barnebokhylla, særleg om den leikne, barnlege streken i bøkene om eit anna, kjent og kjært søskenpar: Laban og Labolina av Inger og Lasse Sandberg.

I ein rørande, men i overkant pedagogisk landingsmanøver lagar Guri ei ny liste. Korleis kan ho sjølv vere den storesøstera ho har drøymt om å få? Løysinga blir i snillaste laget etter den rampete opptakten.