JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei stinkbombe for etterkomarane

Eg vil ikkje gjere som forgjengaren min og trø i vegen for den nye leiaren i Framstegspartiet, skriv Siv Jensen i memoarboka si. Og så legg ho att ei stinkbombe som partileiar Sylvi Listhaug og partiets stortingsgruppe må leve med i minst fire år framover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Boka til Siv Jensen vart lansert på Kagge Forlag onsdag denne veka. Ho er skriven i samarbeid med journalist og forfattar Gunnar Ringheim.

Foto: Heiko Junge / NTB

6244
20211112
6244
20211112

Sakprosa

Siv Jensen:

Siv. Med egne ord

Kagge Forlag

Den nyvalde representanten frå Oppland Carl I. Hagen får ei handsaming i boka som berre kan kallast eit karakterdrap. Klagar over «nedrige angrep» frå Carl – og Eli – som gjorde livet surt for Jensen i hennar formannstid, fyller mange sider. Ho legg ikkje band på ordbruken der ho tek att. «Hans evige historieforfalskninger» er ho lei av, og «sikre kilder» fortel at Hagen no vil gjere livet surt for Listhaug på same måte.

Alt med hjarteleg helsing til partifellane i Oppland som mobiliserte røystene for å få Hagen inn på tinget i det som elles vart eit katastrofeval i 2021 for partiet som låg djupt nede då Jensen trekte seg som leiar året før.

Konflikt og skandale

Siv Jensen skriv rett fram og lettlesen prosa utan mange nyansar og atterhald. Boka gjev oss ein katalog over konfliktar og skandalar internt i Framstegspartiet frå det fyrste landsmøtet Jensen tok del i, «Dolkesjømøtet» i 1993, med særleg vekt på dei folka Jensen kasta ut av partiet i dei 15 åra ho var leiar.

Namnelista er lang. Dei fleste har måtta trekkje seg frå Stortinget og partiet for uryddige – og ofte ulovlege – seksuelle aktivitetar. Om dei ikkje vart dømde til fengsel for å svindle til seg pengar frå staten.

Målet for partileiinga då Jensen tok over i 2009, var å gjere Framstegspartiet til eit truverdig regjeringsparti, skriv ho. No gjer ho sitt beste for å sikre at tida 2013–20 vert eineståande i partihistoria. Kven i andre parti vil ynskje å ha med slike folk i ansvarlege posisjonar etter å ha lese Siv Jensens bok?

Rett skal vere rett. Jensen takkar Carl I. Hagen for at han skauv henne fram i partiet og sette henne inn som etterfølgjar. Ho har sett opp til han og lært mykje av han. Ein av dei tinga ho har lært, er å skuve skulda over på andre. Det som har gått bra, tek partileiar og finansminister gjerne ansvaret for. Det som gjekk gale, er det helst andre som har skuld i. Framstegspartiet er eit demokratisk parti. Det er ikkje som i Høgre, der «den store gudinnen Erna» får det som ho vil. Jensen måtte streve med å få fleirtalet på si side og lukkast langt frå kvar gong, etter det ho seier.

Nokre eigne feilgrep vedgår og angrar ho. «Morn’a, Jens» på TV valnatta 2013 er eitt av dei. Det må vere det fyrste dømet i norsk historie på at ein politikar har orsaka seg med at ho var alkoholpåverka då hendinga fann stad.

Familie og oppvekst

Det mest interessante i boka er det Jensen skriv om familien, om foreldra og syskena, og oppveksten på Majorstua i Oslo, der faren dreiv skobutikk og familien budde i etasjen over. Det var ikkje noko luksustilvære.

Siv lærte seg tidleg arbeidsmoral og ansvar. Ho vart, slik ho sjølv skriv, «en flink pike». Skvær og grei, påliteleg og effektiv. Ei som ventar seg det same frå andre. Etter at Terje Søviknes hadde øydelagt for seg i ei hotellseng med ei 16-årig jente, var det «den flinke piken» Siv som måtte overta som partileiar i 2009. Fire år seinare vart ho landets finansminister.

Det må kallast ein prestasjon at ei som har leia Finansdepartementet gjennom sju år, ikkje nemner Oljefondet med eit ord i memoarane. Skal staten leggje fingrane sine i alt, spurde dei seg i Framstegspartiet. Svaret vert ja, om vi ser på kva som hende i dei åra Jensen var finansminister. Offentleg konsum i prosent av BNP vaks for kvart år. Og kvifor ikkje? Partiet hadde gått til val på rause lovnader som skulle verte innfridde, og med oljepengar på bok var det ikkje så vanskeleg.

Klimakrisa får tre små avsnitt. Jensen tykkjer i ettertid at det var litt kleint at partiet var seint ute med å ta dette på alvor. Sjølvsagt var det ikkje hennar skuld. Så mykje om det som mange meiner er vår tids største globale utfordring.

I partiet til Jensen er dei opptekne av anna. «Snikislamisering» angrar Jensen ikkje på, og leiaren for eit liberalt parti har sjølvsagt ikkje noko imot at staten legg ned forbod mot å kle ungane slik foreldra ynskjer. Ho veit godt at det er innvandringsmotstanden som sikrar partiet dei 11 prosentane med veljarane som dei no sit att med, etter at 270.000 vende partiet ryggen gjennom Siv Jensens leiartid.

Personleg og privat

Med slike resultat er det kan hende ikkje overraskande at boka mest held seg på det personlege og private planet. Det vert brukt mange sider på å avsanne rykte om at ho ikkje er heterofil, og at ho kunne ha ynskt seg ein Sindre, som Erna. Heile avsnitt kunne ha vore saksa frå Dagbladets «Noen som passer for meg»-spalte. Vi ynskjer forfattaren lykke til.

Forfattaren er på førenamn med leiarane i alle partia og personleg ven med dei fleste (minus Carl I. Hagen og Knut Arild Hareide), og «personkjemi» er viktig i politikken, får vi høyre. Det må jo ha streifa Jensen at dei andre ikkje alltid meiner det same som Framstegspartiet. Men spørsmålet om kvifor og korleis folk kan vere usamde med Jensen og partiet hennar, synest å liggje utanfor forfattarens horisont. Dei står jo berre for sunt folkevett.

Journalisten som har hjelpt til med boka, har kanskje meint at det er best for Jensen å stå fram som så ureflektert. Men det verker overtydande. Lesaren får ei kjensle av å verte forsøkt trekt inn i eit «vi» som alltid har rett, fordi vi meiner det same. Og då trengst det ikkje meir.

Etter å ha kasta Per Sandberg ut av regjeringa ynskte Jensen å syne partiveteranen respekt og baud han og den iranske kjærasten inn til landsmøtemiddag i 2019. Gjestane synte lite takksemd, skriv Jensen. Bahare Letnes sa til media etterpå at ho ikkje hadde trivest der, og at det var siste gong ho ville vitje eit Frp-landsmøte.

Etter å ha lese denne boka forstår eg henne vel. Det kjennest ikkje godt å verte invitert inn i eit stort «vi» der du veit at du ikkje vert respektert.

John Peter Collett

John Peter Collett er professor i historie ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Journalisten som har hjelpt til med boka, har kanskje meint at det er best for Jensen å stå fram som så ureflektert.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis