JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei springande soge om ytringsfridom

Boka om Fritt Ord er grundig og imponerande, men har visse utfordringar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gunn Hilde Slottemo er professor ved avdelinga til Nord universitet i Levanger. Ho er særleg oppteken av arbeidarhistorie, kjønnshistorie og historisk teori og metode.

Foto: Nord universitet

6974
20240823
6974
20240823

Sakprosa

Hilde Gunn Slottemo:

Et fritt ord. Stiftelse og samfunn 1974–2024

Aschehoug

Stiftinga Fritt Ord har skubba på og prega norsk offentleg debatt gjennom arbeidet for kultivert ytringsfridom i 50 år. Boka siktar mot innsyn i den rolla Fritt Ord har spelt og spelar. For straks å seie det: Teksten er ikkje utan langhalm, tema utbroderte i lengste laget. Her er òg døme som ikkje alltid gjev mønster for å skjøne emnet, dette kalla Ivar Aasen «lettekonn», «korn med liden eller ufuldkommen Kjerne». Men vi skal vere glade for at boka finst. Ho stør oppunder nye drøftingar om vilkåra for ytringsfridomen.

Slottemo har tråla tusenvis av dokument for å grave fram og presentere oppfatningar, haldningar og til dels verknader av ordskifte sidan starten av 1970-talet, då Jens Christian Hauge, Jens Henrik Nordlie – båe krigsheltar – og Finn Skedsmo, ein mindre offentleg person, meinte det trongst eit initiativ for å få betre debattkultur, og Narvesen og NSB tok ansvaret.

«Frå å starte som verksemdshistorie sklir framstillinga over i noko som liknar på bygdekultursoge.»

Pristildelingar

Visse saker er framheva, der vert døma godt utarbeidde og tydeleggjerande. Det gjeld særleg kjønnspolitikk og kjønnsidentitet, frå Kim Frieles tid (pris 1978) og fleire gonger sidan, irekna den kontroversielle prisen til Nina Karin Monsen (2009), som førte til at Friele returnerte sin pris.

Fritt Ords Honnør, ei påskjønning ved sida av hovudprisen kvart år sidan 1979, gjekk i år til ei gruppe lærarar som forsvarte retten til å diskutere materiale som mange finn krenkande, fordi det er læring i å skjøne endring, noko Fritt Ord alltid har vore merksam på.

Slottemo gjev fine, avklårande framstillingar av tidlegare tildelingar. Fritt Ord har òg støtta internasjonale aktørar sidan Solsjenitsyn, og nokre døme syner at Fritt Ord-styret også har tenkt på korleis omverda påverkar vår eigen situasjon.

Ein god del einskilddøme er klårgjerande framstilte, såleis den for mange sjokkerande avgjerda i 2013 om å gje utgjevarstøtte til ei bok av psevdonymet Fjordman. Han hadde halde seg innafor lovlege grenser i ytringane sine, og dermed vart denne saka ei presisering av dei same grensene.

Manglande kronologi

Ikkje alle prisvinnarar er drøfta særskilt (ei liste over alle er med). Det er godt skjønleg ut frå disposisjonsprinsippet i boka. Etter ei lengre utgreiing om oppstart og tidlege økonomiske vilkår, der skrivemåten liknar på verksemdshistorier, går framstillinga over på tematiske og politiske tilhøve omkring utdelingane, til dels med einskilddøme frå interne drøftingar. Då må utvalet verte nokså stramt; kostnaden er at forståinga av heilskapen lir noko.

Det hadde vore lettare å lese alt dette, med ganske så fengslande stoff mot slutten (om lag siste 100 sidene), om vi hadde fått ei periodisk framstilling av direktør- og/eller styreleiarperiodar, der dei einskilde tema, prisvinnarar og andre aktivitetar var innorganiserte, sameleis den stadig attendevendande økonomiske situasjonen og skiftande prinsipielle vurderingar og satsingar opp imot den. Økonomien får stort sett liggje etter oppstarten og heilt framimot slutten.

Då fyrst ser vi verkeleg korleis Erik Rudeng og især Francis Sejersted resonnerte om slike utfordringar som finanskrisa i 2008, noko som er klårt og greitt og interessant framstilt. Dei fleste andre emne tvinnar seg ut og inn av framstillinga, ikkje utan oppattakingar. Trass i samanlikningar mellom statusar i tid må vi sjølve skape kronologien når vi baksar oss gjennom stoffet.

Fritt Ord-styret var på studiereise til Volda, Bergen og Stavanger i dagane 29. oktober til 2. november 2003. Her er Francis Sejersted og Erik Rudeng på stranda ved Hå Gamle Prestegard.

Foto: Elin Lutnæs for Fritt Ord

Ein kan sakne grep om utviklinga frå periode til periode. Stort sett bygde vel kvart styre på arbeidet til forgjengarane? Men der er døme på endringar i tenkjemåten – så som spørsmålet om kvifor det tidlegare omgrepet «ytringsansvar» vart erstatta med «ytringsfridomens etiske grenser» frå tida til førebels siste styreleiar, Grete Brochmann. Andre døme på konfliktar er ikkje like lette å gripe poenget med.

Det ter seg som mystisk å framheve ein diskusjon i styret der nokre ville gje pris til Marte Michelet og andre til Lars Gule og Kjetil Rolness. Slike diskusjonar skal ikkje offentleggjerast. Det svekkjer både prisen og den som til slutt fekk prisen det året.

Heller då drøfte meir korleis Fritt Ord fungerer som eit privat alternativ til Kulturdepartementet. Emnet kunne med føremon vore lyfta fram tidleg for å forfylgje tanken om korleis ei liberal, drøftande ålmente, dels frisett frå staten, bør fungere.

I staden får vi ei mistydd attgjeving av Hans Skjervheims liberale dilemma. Poenget hans var ikkje at liberalarar er naive, men at total liberalitet fører til illiberalitet om maktbrynde får armslag. Dette er kopla til tanken om å gjere menneske til instrument for seg for å vinne fram med eigne prosjekt.

Just no for tida ville dette vore eit interessant poeng å dyrke opp mot statleg politikk for kulturliv, helse og arbeidsliv. Fritt Ord-tenkinga om liberalitet møter vi her knapt flekkvis, trass i at den vanskelege balansegangen vert understreka igjen og igjen, men utan utarbeiding av prinsippa.

Frå å starte som verksemdshistorie sklir framstillinga over i noko som liknar på bygdekultursoge. Hundrevis av namn er nemnde, men ein må vere inne i lokalkulturen for å vite kven alle er, for presentasjonar er det lite av. Så mykje di meir som styret er sjølvrekrutterande og jamnast forsyner seg frå det nære omland.

Verdfullt tilskot

Mangelen på open systematikk går ut over hovudaktørane, og for ikkje å nemne dei alle så ville eg då gjerne visst meir om profilen til direktørane. Særleg gjeld det Erik Rudeng, som hadde ei så avgjerande rolle for ei omdanning av verksemda, såleis «litteraturhusrevolusjonen», og for å takle økonomien.

Det gjeld òg Knut Olav Åmås, med sin filosofiske og kulturanalytiske bakgrunn og sitt tydelege arbeid for liberalitet. Ei meir systematisk framstilling ville eg òg gjerne sett om styreleiarane, især då Francis Sejersted og Grete Brochmann.

Endeleg kan nemnast at forfattaren har oversett slike analysar som medievitaren Magne Lindholm har gjort av måten prisutdelingar er med på å fastsetje verdien på dei som deler ut prisane, samstundes med at ein etablerer og kontrollerer ein standard. Med eit slikt blikk ville verknadshistoria vore lettare å integrere; no verkar bruken av mediestoff til slik innsikt noko tilfeldig.

Jau, boka er eit verdfullt tilskot til kulturhistoria vår. Ho vil bli brukt som oppslagsbok og referanse for ordskifte. Medan verksemda til Fritt Ord fortener å verte kjend og godt forstått av mange, er nok boka best for spesielt interesserte og for det indre liv i stiftinga. Det er greitt, vi treng slike bøker, ikkje minst om dei vekkjer nyfikna hjå glupske lesarar som vil granske særskilde emne vidare.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Martin Baldysz debuterte i 2013 og er no ute med roman nummer tre.

Foto: Helle Frogner

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Tronge sinn ved det vide havet

Martin Baldysz skriv seg inn i eit fortidig ungjentesinn.

Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Slaktetid

Så er det offisielt: Kvalitetssjekken på slakteria er ikkje anna enn eit volummål.

Skodespelarane er plasserte i ein kvit kube.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Den vanskelege, men nødvendige venskapen

I vårt sted byr på fint samspel i ein rik og lågmælt tekst, som kunne tent på å bli kutta litt.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis