Ei smertefull tvillingsoge
Agota Kristofs trilogi toler relansering. Det er meisterleg litteratur.
Roman
Agota Kristof:
Den tredje løgnen
Omsett av Willy Flock
Cappelen
Agota Kristofs trilogi om tvillingane Claus og Lucas kom ut mellom 1986 og 1991 og blei raskt fanga opp på norsk ved Willy Flock. No blir bøkene relanserte over heile Europa og inkluderte i ein kanon over nyare europeisk litteratur der ein ungarar som skreiv på fransk og var busett i Sveits, får sin renessanse.
Agota Kristof (1935–2011) blei fødd i den vesle ungarske landsbyen Csikvánd med rundt 500 innbyggjarar, men voks opp i Szombathely, ein større by i nærleiken, heilt på grensa til Austerrike. Etter folkeopprøret i 1956 flykta ho med mann og barn og slo seg ned i Sveits, der ho tileigna seg fransk og etter kvart begynte å skrive. I den korte sjølvbiografien Analfabeten gjer ho greie for denne prosessen og det smertelege oppbrotet frå broren som blei igjen i Ungarn, og det er fullt mogleg å lese tvillingtrilogien (Tvillingenes dagbok, Beviset og Den tredje løgnen) i lys av det sjølvbiografiske.
Samtidig blir det sjølvbiografiske undergrave ved at alt blir vridd og vrengt frå ulike vinklar, slik at det lesaren trur etter å ha lese opninga med Tvillingenes dagbok, slett ikkje stemmer etter lesinga av Den tredje løgnen, for løgn og sanning er relative storleiker i dette universet, som gestaltar ein barndom og oppvekst under ekstreme vilkår med krig, okkupasjon, undertrykking og flukt.
På eiga hand
Frå starten er Claus og Lucas saman, plasserte hos bestemora, der dei veks opp og må greie seg sjølve og lære alt på eiga hand, sidan dei aldri går på skule eller blir innvigde i normale menneskelege relasjonar, dei må prøve det ut i all sin perversitet og råskap, slik at dei blir herda for vaksenlivet. Samtidig skriv dei, og desse dagboknotata dannar ein grunnmur i livet deira og i teksten som heilskap.
Tvillingenes dagbok sluttar med at Lucas som 15-åring på dramatisk vis flyktar over grensa og lar Claus bli igjen i heimlandet. Han blir registrert som papirlaus flyktning, og han lyg på alderen. Dermed blir han ikkje berre fysisk skild frå broren, men også i alder, og når han etter rundt 50 år i utlandet vender tilbake på turistvisum for å finne broren, blir dette brukt imot han.
Han vender tilbake til dei stadene han kjende som barn, og han kjem med ein ny versjon av det som hendte, og som skilde han frå broren og foreldra. Alt blir forskyvd og flytta på i «historier som ikke er virkelige, men som kunne ha vært det».
Smertefullt
Han finn omsider broren, som er ein kjend forfattar under psevdonymet Klaus Lukas, men broren fornektar han, og sidan visumet har gått ut for lenge sidan og han er under arrest og i varetekt i ambassaden før han skal deporterast, vel han å ta sitt eige liv.
Det går ei djup eksistensiell smerte gjennom heile trilogien, ein lengt etter noko som kanskje ikkje finst, for undervegs glir Claus og Lucas over i kvarandre som éin person, og denne lengten etter å finne seg sjølv i den andre er kanskje noko Agota Kristof sjølv kjende på og skreiv ut i denne heilt spesielle og djupt fascinerande trilogien.
Oddmund Hagen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det går ei djup eksistensiell smerte gjennom heile trilogien, ein lengt etter noko som kanskje ikkje finst.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.