JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei minilærebok

Stian Hårstad og Ivar Berg har levert eit solid arbeid om stadnamn langs Orkla.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4356
20220527
4356
20220527

Sakprosa

Stian Hårstad og Ivar Berg:

Namn langs Orkla. Namnehistorie frå Orkelsjøen til Orkedalsøren

Museumsforlaget 2021

Interessa for namn og namnegransking har tradisjonelt vore stor blant både lek og lærd i Noreg, og oppnorskinga av bygdenamn, områdenamn og namn på topografiske kart var ein viktig del av nasjonsbygginga tidleg på 1900-talet. Sjølv om namnefaget no er kraftig nedbygd ved universitet og høgskular, har denne sterke interessa halde seg, og dette kjem til uttrykk på fleire måtar.

Eitt døme er dei mange bokutgjevingane om namn dei siste åra – dei fleste med lokalt tilsnitt. Stadnamna er fyrst og fremst lokale, dei har vakse fram i lokalmiljøet etter kvart som folk har hatt trong til å namngje stadene, og dei er ein viktig del av identiteten til dei som bur der. Dette gjer at bøkene kan ha avgrensa interesse, sjølv om namnetilfanget i dei er spennande nok.

Ei bok som etter mitt syn fortener å nå ut over det lokale, er Namn langs Orkla av Stian Hårstad og Ivar Berg. Begge forfattarane er professorar i nordisk språkvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Hårstad har arbeidd med moderne språk, medan Berg har vore oppteken av eldre språktilhøve, og begge har vakse opp «nokre steinkast frå Orkla», som det står på vaskesetelen.

allmenn interesse

Sjølv om namnetilfanget også i denne boka er henta frå ein liten flik av den store verda, i dette tilfellet Orkladalen, inneheld boka mange opplysningar av allmenn interesse. Dette gjeld for det fyrste innleiingskapittelet «Stadnamn og språkhistorie», som på mange måtar er ei minilærebok i namnegransking. Kapittelet er ei pedagogisk god innføring i namnsetjing generelt, namnetolking og etymologi, dialektkunnskap og korleis norsk heng saman med andre språk, og det utfyller omtalane av einskildnamna.

Men også i omtalen av einskildnamna i hovuddelen blir det fletta inn opplysningar som utvidar perspektivet. Elvenamnet Orkla heng til dømes saman med ord som orke og yrke, som igjen svarar til engelsk work ‘arbeid(e)’. Opphavleg var namnet Ork, som namnet Orkdalen viser, og det blir tolka som ‘elva som arbeider’, anten på grunn av strid straum eller fordi elva endrar landskapet der ho fer fram.

Forfattarane viser til at bortfall av w er ei vanleg endring som skil nordiske språk frå til dømes engelsk og tysk. Difor svarar norsk ord, ulv og orm til engelsk word, wolf og worm, og til tysk Wort, Wolf og Wurm. Gardsnamnet Herrem er sett saman av hei og heim. Begge desse orda har kjende slektningar lenger sør i Europa; hei finn vi att i tysk Heide ‘skogsområde’ og engelsk heath ‘lyngmo utan skog’, og heim i namn som Mannheim i Tyskland og Tottenham i England.

Omtalen av bruksnamnet Smedhaugen har ei lita utgreiing om yrkesnemningar som etternamn, som er lite brukt i Noreg, men vanleg i andre delar av Europa. Såleis tyder etternamnet til den polske skiløparen Justyna Kowalczyk ‘son til smeden’. Slike jamføringar er med på å heva blikket til lesaren.

Solid arbeid

Boka har undertittelen Namnehistorie frå Orkelsjøen til Orkedalsøren, og vi blir med på ei namnevandring frå elveosen i grensetraktene mellom Tynset og Oppdal til elva renn ut i Orkdalsfjorden ved Orkanger. Vi får vita at dette namnet, som kan sjå alderdomleg ut, er ein heller ny konstruksjon laga då kommunen Orkanger vart oppretta i 1920.

Det tradisjonelle namnet på tettstaden var Orkedalsøren i dansk språkdrakt, Orkdalsøra, eller berre Øra blant folk i dalen, noko som nemninga ørbygg om ein person frå Orkanger framleis vitnar om. Somme namn finst fleire stader langs elvefaret, og også andre stader i landet.

For å unngå for mange oppattakingar er dei omtalte éin stad med opplysningar om kvar ein elles finn det, og dei nyttar eit «peiketeikn» når dei viser til hovuddrøftinga. Fordi namneartiklane er ordna geografisk og ikkje alfabetisk, må ein då gå til registeret bak i boka for å finna denne drøftinga. Noko tungvint vil nok somme hevda.

Det er eit solid arbeid Stian Hårstad og Ivar Berg har levert, og namnetolkingane byggjer for det meste på kjende referanseverk. Boka er utstyrt med ei rekkje illustrerande bilete både av gamal og av ny dato. Og her er sjølvsagt både register og ei fyldig litteraturliste.

Terje Larsen

Terje Larsen er norskfilolog og namnegranskar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis