Bok
Ei livsreise
Petter Brevik debuterer med ein formsterk roman om tidspunkt i livet ein må områ seg.
Petter Brevik debuterte skjønnlitterært med ein tekst i antologien Signaler i 2017.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbluss
Kva gjer ein når ein får beskjed om at ein har ein alvorleg genetisk sjukdom? Ein går vidare, forslagsvis. Men korleis? Anders Vedal, den unge hovudpersonen i Petter Breviks debutroman Over veien, gjer det på ruslemåten: Han tar tinga som dei kjem. Og tar inn tinga på sin veg. Men ikkje utan refleksjon.
Språkets roman
Han snakkar med familielegen David om far sin, som hadde same sjukdommen. Han snakkar med psykologen, der Anders lett avvisande til opplegget, lett imøtekommande, mest får henne til å le. Han omgåst venner, kjende, søster si, mor si, han tar ein tur til Bergen og oppsøker søster til faren, han gjer seg sine tankar om framtid og fortid, mens notida står på.
Dette er handlinga språket kretsar rundt, vel eg å seie. For dette er i første rekke språkets roman. Det er korleis alt er skrive, som gir oss kjensla av kva som eigentleg skjer, på ulike nivå. Og det er ikkje så lett å klippe ut eit kort eksempel for å vise det, det er ein tone som utviklar seg over tid. Dessutan speler konteksten heile tida ei rolle for korleis vi skal forstå ytringane. Av og til blir det både vakre og talande bilde av det, og dei kan givast att, som her, då Anders sit hos psykologen og ser forbi henne og ut av vindauget: «Trær avgrenset parken. Noe ved dem – hvordan de svaiet ute av takt, eller fargene som plutselig var falmet – ga meg inntrykk av å være vitne til en forvandling.»
Undersøkande ferd
Romanen er delt inn i akter, og forteljemåten kan òg minne om dramatikk, der han av og til grensar til scenetilvisingar eller sceneskisseringar. Særleg mot slutten av boka der ei samtalegruppe med personar med ymse psykologiske utfordringar kjem til orde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.