Bok
Ei hyllest til kreativiteten og mennesket
Østby skriv forfriskande sakprosa om hjernen, korleis idear blir til, og kva som forstyrrar tenking.
Eit slag mot hovudet gav Hilde Østby støyten til å skrive ei bok om kreativitet.
Foto: Anna Julia Granberg
Hilde Østby er idéhistorikar og forfattar. Ho har lenge vore oppteken av hjernen, korleis minne blir til og lagrar seg. I årets bok er det forsking og kunnskap om kreative prosessar ho formidlar. Då ho skada hovudet under ein sykkeltur i 2016, fekk ho ei kraftig hjerneskaking. I tida etter opplevde ho ein straum av tankar og idear, noko som fekk henne til å undre seg over kvar idear eigentleg kjem frå, og kva det er som bremsar oss i å vere kreative.
Drivkreftene i oss
Østby legg ikkje skjul på at ho er lidenskapeleg oppteken av Lewis Carrolls klassiske barneforteljing Alice i eventyrland. I boka hennar kjem dette til syne gjennom bruk av sitat og illustrasjonar, til dømes i innleiingane til kvart kapittel. Slike verkemiddel syner at Østby har ein frodig, fantasifull og leiken måte å formidle fagstoffet sitt på. Det er særleg tre av karakterane frå Alice-universet som er viktige i Kreativitet. Den kvite kaninen representerer nyfikne og filurkatten aha-opplevingar og idear, medan den raude dronninga er den indre kritikaren.
I dagdrøymarmodus er hjernen ikkje stressa. Han er klar for fantasi, leik og nye idear. Han er i flyt og full av nyfikne, pågangsmot, inspirasjon og assosiasjonar. Samstundes er han open for det uventa og tilfeldige. Og eventyrlege. Men om ein kreativ prosess skal leie fram til noko som gir meining, må det vere retning i mylderet av tankar og idear.
Kvalitetstid med eigen hjerne og eigne tankar er viktig. Hjernen lyt få fritt spelerom til fantasering og kreative krumspring, men òg få lov til å vere langsam og stille. Å vere i eller nær vatn er éin metode Hilde Østby nemner. Lykkekjensle og kreativitet heng nøye saman.
Den nyfikne stiller seg spørsmålet: Kva om? Kva skjer rundt neste sving om eg diktar slik, eller kanskje slik? Østby er talsperson for kunsten å gå seg vill for å finne fram til nye og spennande indre landskap. Slik har dei store oppfinningane blitt til og dei store nyskapande tankane funne dagens lys. Boka er spekka av både kjende og, hittil, meir ukjende døme på dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.