Ei gåve å lese høgt frå
Juletre knyter saman barndommen før og no.
Julehefte
Nana Rise-
Lynum (red.):
Juletre
Norsk
Barneblad
I barndommen var julestemninga til å lite på. Når ein jaktar den gode julekjensla i vaksen alder, er det lett å komme på villspor. Trass i snø og songar, gåver og granbar kjenner vi ofte på at noko manglar. Kanskje vil årets praktutgåve av Juletre kunne bøte på denne kjensla for mange lesarar. Heftet gjev eit etterlengta gjensyn med vår barndoms jul. Slik såg jula ut i femti-, seksti- og syttiåra.
Sjølv om det tradisjonsrike heftet skriv seg heilt tilbake til 1898, er det frå desse tiåra dei fleste forteljingane i heftet er henta. Dei er skrivne av Ragnvald Vaage, Mikkjel Fønhus, Halldis Moren Vesaas, Jan Magnus Bruheim, Halvor J. Sandsdalen, Åsta Holth og endå fleire. Ein kjem ikkje utanom metaforen «skattkiste» i møte med dette rikhaldige utvalet. Først og sist er det illustrasjonane til Solveig Muren Sanden som opnar dørene inn til jula, slik mange av oss hugsar henne.
Spørsmålet er om forteljingane høyrer heime i ei tid som er forbi, og om verdien av heftet dermed avgrensar seg til å vere ei nostalgisk minnebok for ein aldrande generasjon lesarar. Det kan sjå slik ut frå utsida. Nokre av dei religiøse korttekstane og dikta har ei formanande og framand form som tilfører lite anna. Rikdommen i forteljekunsten til forfattarane elles er derimot overveldande. Innhaldet er uvant, og utfallet er ofte uventa, men historiene kan knyte band mellom barndommen før og no, om dei vert lesne høgt av nokon som hugsar, for nokon som vil lytte.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Julehefte
Nana Rise-
Lynum (red.):
Juletre
Norsk
Barneblad
I barndommen var julestemninga til å lite på. Når ein jaktar den gode julekjensla i vaksen alder, er det lett å komme på villspor. Trass i snø og songar, gåver og granbar kjenner vi ofte på at noko manglar. Kanskje vil årets praktutgåve av Juletre kunne bøte på denne kjensla for mange lesarar. Heftet gjev eit etterlengta gjensyn med vår barndoms jul. Slik såg jula ut i femti-, seksti- og syttiåra.
Sjølv om det tradisjonsrike heftet skriv seg heilt tilbake til 1898, er det frå desse tiåra dei fleste forteljingane i heftet er henta. Dei er skrivne av Ragnvald Vaage, Mikkjel Fønhus, Halldis Moren Vesaas, Jan Magnus Bruheim, Halvor J. Sandsdalen, Åsta Holth og endå fleire. Ein kjem ikkje utanom metaforen «skattkiste» i møte med dette rikhaldige utvalet. Først og sist er det illustrasjonane til Solveig Muren Sanden som opnar dørene inn til jula, slik mange av oss hugsar henne.
Spørsmålet er om forteljingane høyrer heime i ei tid som er forbi, og om verdien av heftet dermed avgrensar seg til å vere ei nostalgisk minnebok for ein aldrande generasjon lesarar. Det kan sjå slik ut frå utsida. Nokre av dei religiøse korttekstane og dikta har ei formanande og framand form som tilfører lite anna. Rikdommen i forteljekunsten til forfattarane elles er derimot overveldande. Innhaldet er uvant, og utfallet er ofte uventa, men historiene kan knyte band mellom barndommen før og no, om dei vert lesne høgt av nokon som hugsar, for nokon som vil lytte.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.