JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei heltesoge

Sjangermessig har Ivo de Figueiredo landa på ein hagiografi. Historia om han som er utvald.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar og historikar Ivo de Figueiredo.

Foto: Gitte Johannessen / NTB

6899
20231208
6899
20231208

Sakprosa

Ivo de Figueiredo:

Stormen. En biografi om Edvard Munch. Bind 1

Aschehoug

Ein forfattar som tør gje seg i kast med oppgåva å skrive biografi om Edvard Munch, fortenar beundring, nær sagt utan omsyn til kva resultatet blir. Etter bøker om Ibsen og Wergeland møter Ivo de Figueiredo vel budd til oppgåva med å trenge gjennom tusenvis av skriftlege kjelder, mengder av notat og brev frå hovudpersonen sjølv, tallause bøker og artiklar skrivne om mannen og ikkje minst det kolossale materialet som han etterlét seg i kunstverka. Korleis skal vi seie det gjekk?

Forfattaren har valt ei strengt kronologisk disponert framstilling. I fyrste bandet som no ligg føre, fylgjer vi Edvard Munch tett på, månad for månad, nokre gonger dag for dag, frå fødselen til han er 39 år, med peik attende til foreldra og mange implisitte frampeik til det som kjem etterpå, i eit seinare band to.

Fenomenet Munch

Hadde han døydd av pistolskotet som skadde ein finger, og som avsluttar fyrste bandet, kunne ikkje boka ha vore skriven slik som ho er. Difor er det på sett og vis ikkje livet hans vi fylgjer, men noko anna. Forfattaren plukkar opp det han finn undervegs, som skal forklåre noko som eigentleg fyrst kjem seinare. Det han vil forklåre, er korleis Edvard Munch vart MUNCH.

Fenomenet MUNCH er meir enn kunstnaren og livet hans. Det handlar om resepsjon, anerkjenning frå ekspertar og lekfolk og, ikkje minst, frå kunstmarknaden – mykje av dette hendingar som har funne stad lenge etter at kunstnaren sjølv var daud.

I slutten av boka kom­-
menterer forfattaren korleis «mannen, tiden og kunsten utgjør et mønster så sammenvevet at dersom vi trekker i trådene, er det fare for at hele stasen rakner». (Stasen? Ja, han skriv så.) Boka er ein freistnad på å dekkje alt dette – livet, tida, kunsten og litt meir attåt.

Staden spelar ei stor rolle i de Figueiredos tolkingsskjema. Kristiania, Berlin, Paris spelar hovudroller, om det no er som varp eller renning i vevnaden. Byane fangar tida. Vi høyrer mykje om «overgangsbyen» Kristiania, om metropolane Berlin og Paris og samverknad mellom periferi og sentrum.

Vi fylgjer Munch i freistnaden på å nå fram til det kunstnariske målet som han sett seg, og som etter kvart blir tydelegare: å få fram ein måte å måle kjensler på, på ein måte som kjem nærast kjensleinntrykket sjølv.

Vegen dit går gjennom læreår og hardt arbeid med teknikk og uttrykk. Men òg gjennom filosofisk refleksjon og stor appetitt på å få med seg det som rørte seg i tida av vitskapleg forståing av psykiske og fysiske fenomen, som noko vi ikkje kan sjå. Og ikkje minst refleksjon rundt kunstnaren og kunstnarrolla.

Ikkje overtydande

Det ville vere umogleg for nokon å kunne fanga alle desse trådane i ein vevnad, og det ville vere overdrive å seie at de Figueiredo har lukkast meir enn måteleg. Det er for mykje som har motarbeidd han i denne boka. Han har lese seg opp og presenterer teoretisk stoff frå kulturgeografi og kulturhistorie, frå kunstfilosofi og idé- og litteraturhistorie. Men han har ikkje fått plass til det i teksta.

Han har måtta putta det inn i sluttnotar, som små leksikonartiklar. Der kan vi lese om avantgardisme, om omgrep som «dannet barbar», «Munch og det primitive» og meir. Anna viktig stoff har ikkje fått notar eingong. Symbolisme vart openbert viktig for Munch, men dette vert det ikkje plass til å utdjupe. Vi høyrer meir om katta til Mallarmé enn om kva denne karen har skrive, og kva det har kunna hatt å seia for Munch.

Det er som vi ikkje har tid til meir. Forfattaren haster vidare. Alt skal inn på mindre enn 300 sider. Hastverket tek frå forfattaren noko viktig. Ved at det teoretiske grunnlaget for omgrepa vert utelate, blir forfattaren fråteke den autoriteten han elles kunne hatt.

Der han kjem med forklåringar og syntetiserande sveip, vert det uklårt kva han seier, fleire stader. Det blir antydande og ikkje overtydande. Her og der tillèt forfattaren seg små førelesingar, men lange periodar med vanskelege ord og mange komma er ikkje alltid tilstrekkeleg til å få fram klår meining, når grunnlaget ikkje er solid på plass.

Ein utvald

Forfattaren motarbeider seg sjølv på eit anna vis òg. Han trivst godt med å skrive om drama i kvardagen. Altfor godt. Om atelierfestar. Fyllekuler. Gjerne noko grotesk. Strindberg og polakken Przybyszewski (mannen til Dagny Juel) bidreg viljug med stoff av det slaget.

Relevansen til Munch eller MUNCH kan bli uklår. Som til dømes den tragiske livssoga til systera Laura, inn og ut av sinnssjukehus. Kvifor bruke sider på dette når forfattaren har så få til disposisjon? Anna enn å presentere ei grotesk historie? Munchs meining om dette, at systera Laura ikkje var sinnssjuk, vert gøymt bort i ein sluttnote.

Trass i desse innvendingane har de Figueiredo skrive ei bok om Munch som er vel verd å lese. Det er mykje å glede seg over i teksta. Men kva får vi med oss, eigentleg? Sjangermessig har forfattaren landa på ein hagiografi. Eit helgenvita. Historia om han som er utvald.

Vi får med oss teikna på det undervegs, og fyrste bandet endar med at hovudpersonen sjølv har kome til erkjenning. Han ofrar seg for det han er kalla til. Munch ofrar seg for kunsten. Han må gje avkall på det meste anna i livet. Som det mest dramatiske: forpliktande kjærleik til ei kvinne er det umogleg å sameine med livet for kunsten.

At dette er noko som går opp for Munch så seint som i 1902, kan vere ein overraskande konklusjon på det forfattaren skriv før i boka. Handlar ikkje dette stort sett om ein ung mann som seier nei takk til det meste (utan ein dram) for å kunne konsentrere seg heilt og udelt om kunsten? Som aldri er viljug til å kompromissa, om han treng pengar aldri så mykje? Og som dreg seg unna – nokre gonger lange vegar unna – kvinner som forelskar seg i han?

Gjennombrottet

Vi lærer noko anna i tillegg. Munch fekk ikkje noko gjennombrott i Paris og Berlin, som han hadde vona. Gjennombrottet kom i Noreg, og det vert forklart med «den norske kulturmodellen» som forfattaren har frå Dag Solhjell. I Noreg er det staten som avgjer kva for kunstnarar som får ein sjanse – i samhandling med progressive kunstnarar som dei statlege organa høyrer på.

Korleis forfattaren kjem seg frå denne innsikta og til fenomenet MUNCH, må vi vente til neste band med å få vita.

Diverre har forlaget ikkje berre motarbeidd forfattaren med restriksjonar på sidetal. Presentasjonen av biletmaterialet er ein katastrofe. Måleri og fotografi kjem i frimerkestorleik inne i teksta, trykte på matt papir som absorberer nyansar, sjølv der forfattaren i teksta nauder oss til å studere nettopp desse nyansane. Kven i all verda kan ha kome med ei slik idé? Ei bok om ein målar, med så dårleg biletmateriale?

John Peter Collett

John Peter Collett er professor emeritus i historie og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis