Ei ferd gjennom vestlandshus
Fortida møter framtida i boka om våningshus frå Jæren til Sunnmøre.
Garden Trong på Hjelmeland.
Alle foto: Oddleiv Apneseth
Sakprosa
Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth:
Vestlandshus. Våningshus frå Jæren til Sunnmøre
Skald forlag
Boka Vestlandshus med tekst av Eva Røyrane og foto av Oddleiv Apneseth, handlar om lemstovene. Frå mellomalderen av budde vestlendingane i røykstover i klyngjetun, så flytte dei frå desse små landsbyane på 1800-talet, tok med seg ei røykstove og ei bu, sette dei inntil kvarandre og bygde ein gang i reisverk imellom. Samstundes kom det skorsteinar, røyken innomhus forsvann og det vart mogleg å byggje i to høgder, med eit nytt øvre golv, kalla lemmen, som gjekk frå rom til rom i dei samanbygde husa, som då vart heitande for lemstover. Det er desse husa som no, ifølgje denne praktboka, har hamna på raudlista over utryddingstruga kulturminne.
Eva Røyrane voks sjølv opp i ei lemstove frå 1800-talet og opplevde korleis familien lengta etter noko større og betre. I 1968 greidde faren å realisere husdraumen. «Mamma gledde seg særleg over å ha fått bad, vaskerom og eige arbeidsrom. Bror min og eg fekk kvart vårt rom. Farmor flytta saman med oss, ingen lengta opp att til gamlehuset.» Det same hende på gard etter gard: Lemstovene vart rivne eller ståande til nedfalls og folk levde lykkeleg i dei nye moderne husa. Men så byrjar Eva Røyrane å skrive om livet til tidlegare generasjonar i gamlestova, og vidare attende til forfaderen Ingemar som bygde bua i huset på 1700-talet, så vakkert at eg nesten får tårer i augo, og eg skjøner at no lengtar Eva attende til lemstova.
Kime til konflikt
Lengtinga attende til dei gamle ubrukelege husa er eit særkjenne for vår tid. Hjå dei styrande kreftene vert det ikkje sjeldan tolka som eit brotsverk om du riv ei gamal lemstove. Det hjelper ikkje at ho er så kald og trong at du ikkje orkar å bu der. Her ligg det ein kime til konflikt mellom gamalt og nytt, og det er denne kimen Røyrane og Apneseth ynskjer å stogge gjennom foto og forteljingar om det lykkelege livet til moderne menneske i dei gamle stovene, der restaureringar og nye tilbygg gjev plass til både gamal prakt og store kjøken, vaskerom og eigne rom til borna.
Det handlar om å få folk til å sjå dei gamle stovene med nye auge, om korleis lemstovene bind oss til historia, samstundes som dei kan vere med på å auke livskvaliteten inn i framtida. Denne misjonsverksemda har eg tru på: Ikkje få kjem til å taste inn «lemstove» på Finn.no etter å ha lese boka.
Fleire av bileta til Oddleiv Apneseth fungerer som ei oppdagingsferd der eg ser innanfrå ei ombygd røykstove, med omn, møbler og detaljar i golvstrukturen, vidare til mellomgangen, der reisverket møter veggen til den gamle bua, før eg gløttar mot stolane i stova lengst vekke. Fleire hundreår med tradisjonar og ombyggingar kjem til syne i eit einaste fotografi.
Etter kvart får eg eit ritual med denne boka. Eg står opp tidleg, lagar meg kaffi og så les eg ein av dei korte tekstane til Røyrane, ofte ei blanding av «hjemme hos»-reportasjar og kulturhistorie, vakkert sett opp av Silje Nes som har formgjeve boka. Etterpå granskar eg fotografia. Noko av det fine med utomhusbileta er at dei òg gjev eit mektig inntrykk av omgjevnadene husa kviler i. Her reiser eg langsamt frå Jæren i sør til dei indre bygdene på Sunnmøre i nord.
Krattskog av namn
Men om lag midtveges på ferda byrjar ein irritasjon å gnage i meg. Stadig oftare forvandlar teksten og dei tilhøyrande bileta seg til ein krattskog av namn og gardar. Til dømes i kapitelet der eg fyrst les om ekteparet Halvorsen/Lekve Eide på garden Syse. Eg blar vidare og nyt fotografia frå garden til familien Syse/Halvorsen. Kva? Eg les vidare, og kjem heim til ekteparet Silje Syse og Øystein Borge som ikkje bur på Syse, medan bileta til høgre for teksten er frå garden Ljono til Sondre Syse og Jenny Johnsen. Tredje tekstsida handlar om garden Oppheim med familien Opheim, med foto av husa til Silje Syse og Øystein Borge, og Gud veit kva gard dei bur på, det handlar om born, yrke, restaurering og korleis dei forskjellige romma ligg under, over og ved sida av kvarandre, heilt til eg går i surr og må lese ein gong til, og så endå ein gong, Gud hjelpe meg til saman fem gonger, før eg trur eg skjøner kvar alle namna og bileta høyrer heime.
I denne boka kjem det diverre litt for mange slike kapittel der namn og gardar vert pakka oppå kvarandre på ein måte som berre skapar forvirring. At ein redaktør ikkje har hjelpt til betre her, er eit mysterium.
Øystein Morten
Øystein Morten er forfattar og tidlegare distriktskonservator i Vest-Telemark.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire hundreår med tradisjonar og ombyggingar kjem til syne i eit einaste fotografi.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?