Bok

Ei elskarinne for far

Somme bøker les ein forbitra og med gråten i halsen. Dette er ei av dei.

Kjønnsforskar Eva Lundgren etter å ha vorte frikjend for mistanken om uheiderleg forsking. No har ho skrive ein roman om eit overgrep.
Kjønnsforskar Eva Lundgren etter å ha vorte frikjend for mistanken om uheiderleg forsking. No har ho skrive ein roman om eit overgrep.
Publisert

Skrivemåten i Livsarven kan liknast med skalpellen inn i ein verkebyll som har fått vekse til smertestillande piller berre gjer skade. Det som renn ut, er uhugleg å sjå.

Forfattaren er notorisk utskjelt for bøker om religiøse, psykiske og seksuelle overgrep. Eva Lundgren har alltid vore i kamp. Ho har oppsøkt, grave fram eller fått materiale ho har publisert og drøfta. Like frå starten vart ho møtt med grov æreskjelling og mistenkjeleggjering. Det kom bakpå henne for vel ti års tid sidan, då det vart hevda at ho, professor ved velærverdige Universitetet i Uppsala, skulle ha dikta opp materiale, blant anna om satanistsekter som ofra born. Stormen stod inntil universitetet hennar fekk granska saka. Dei forvrengde påstandane om kva ho hadde skrive og gjort, vart avsanna, ho fekk oppreisning og skadeserstatning.

Knust barndom

Denne soga er ikkje uvedkomande her; «the shaming» gjev rammeforteljinga om kvifor og korleis Lundgren tok opp soga som er lagd fram i Livsarven. Vi ser fylgjene av det sosiale fallet, men òg korleis ho i trua på det ho gjer, arbeider seg opp att. Ho konstruerer nye framgangsmåtar, hentar opp andre ressursar. Dei skaper ny forståing av sjølvet og av andre at ho må streve slik med å finne måten å skildre den knuste barndommen til «Emma» på, kvinna som alltid har levd med fylgjene av å ha vore elskarinna til faren – i eit miljø av omsynslause humanistar.

Ramma lèt oss òg sjå korleis dei det gjeld, er anonymiserte, ein prosess nøye fylgd av ho som er utgangspunktet for «Emma» og forlaget. Eit gammalt triks er brukt: Skildringa tek feste i antipodar, altså reine motsetningar, i ombytingar av nord og sør, fagdisiplinar, språk og så bortetter, men topologien flyttar ikkje frå Bergen. For mange som var nye i Bergen for om lag 40 år sidan, er det eitt og anna den gong uforståeleg som fell på plass – og som gjer at vi grøssar.

Incest

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement