Bok
Ei anna mor
Levi Henriksen går seg litt vill i sin eigen tekst.
Levi Henriksen gir ut bok nr. 29 i år.
Foto: Nils K. Johansen
Levi Henriksens litterære og musikalske univers er Kongsvinger og grensetraktene mot Sverige, der han sjølv har vakse opp og framleis held til på den eksentriske adressa Elvis Presleys Boulevard. Han er svært produktiv i fleire sjangrar, årets bok er nummer 29 sidan debuten i 1999. Det han meistrar best, er novella, men han er òg ein habil, folkeleg og folkekjær romanforfattar.
I Tolv ord fra Oskar Maier grip han tilbake i si eiga familiehistorie til året då mora var 17 og arbeidde på storgarden Skinnarbøl rett aust for Kongsvinger. Der var det også tyske gartnarlærlingar, og Thea Thorsen forelskar seg djupt og inderleg i Oskar Maier. Våren og sommaren 1939 blir dei eit par, før Oskar må reise heim og etter kvart blir send til austfronten. Han overlever krigen og russisk krigsfangenskap, og i 1948 vender han heim til Straubing i Bayern, der han lever som gartnar resten av livet.
Gamle brev
Alt dette får forteljaren greie på når han blir oppsøkt av dottera til Otto Maier. Ho overleverer fleire brev skrivne frå Thea til Otto hausten 1939 og fram til 2. april 1940, og ut frå desse breva ser forteljaren ei anna side ved mora enn den strengt religiøse han kjende frå oppveksten i pinserørsla.
Denne ungdommelege romansen dannar fortidsplanet i teksten; på notidsplanet førebur forteljaren, som er ein aldrande musikar, ei togreise gjennom Sverige for å få inspirasjon til ei plate som skal avslutte karrieren. Reisa blir stadig forskyvd når han tar til å grave i fortida til mora, ikkje berre gjennom dei seks breva han får overlevert, men også gjennom mikrofilm av Kongsvinger Arbeiderblad (i dag Glåmdalen) i 1939, gjennom googlesøk kring Kongsvingers historie frå langt tilbake, med krigen mot Sverige i 1808 og krigshandlingar knytte til den tyske okkupasjonen, gjennom gamle familiebilde og gjennom stadige litterære og musikalske referansar. «Å gå seg vill ble en annen måte å komme fram på», heiter det ein stad, og vidare «å være på vei så mange steder på en gang at jeg ikke kommer meg av flekken».
Utflytande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.