JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Eg var vel klok som fann deg»

Sitatet kunne ha vore ein treffande tittel på denne brevsamlinga, som er historia om ein uvanleg tett og givande, men ikkje uproblematisk venskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Astrid Lindgren og Louise Hartung møttest ofte på reiser. I 1966 opna Astrid Lindgren ein barneskule som var kalla opp etter henne, i Berlin.

Foto: Edwin Reichert / NTB scanpix

4849
20190308
4849
20190308

Brev

Jette Glargaard og Jens Andersen (redaksjon og utval):

Astrid Lindgren-Louise Hartung: Jeg har også levet! En brevveksling

Omsett frå svensk av Jette
Glargaard og Kina Bodenhoff
Gyldendal, København 2018

«Ich war wohl klug, dass ich Dich fand» er tittelen på korrespondansen mellom Heinrich Christian Boies og Louise Mejer i åra 1877–1885, ei bok som den tyske kvinna Louise Hartung tykte mykje om og sende til Astrid Lindgren i fleire utgåver. Astrid refererte ofte til tittelen i breva til Louise, som eit teikn på kor klok – eller heldig – ho hadde vore som hadde funne denne jamgamle veninna midt i livet.

Astrid og «Louisechen meinchen», som Astrid kalla Louise i breva, trefte kvarandre i november 1953, då Louise Hartung hadde invitert Astrid til Berlin for å snakke om bøkene sine. Louise arbeidde i Berlins Jugendamt (barne- og ungdomsforsorga), som tok seg av kriseråka, traumatiserte tyske born etter verdskrigen, og som mellom anna skulle freiste å «av-nazifisere» dei og gje dei sunne, demokratiske idear som det unge Etterkrigs-Tyskland kunne byggje på. Louise Hartung meinte at Astrid Lindgrens bøker måtte vere som skapte for dette føremålet.

Møtet i Berlin blei byrjinga ikkje berre på eit fagleg samarbeid, men på ein livslang venskap, som stort sett måtte falde seg ut per brev. Dei såg kvarandre knapt ein gong i året, på korte bilturar i Tyskland, i Berlin, på Ibiza, der Louise kjøpte eit hus, eller i Stockholm. Begge var fullt opptekne av arbeidet sitt og hadde stramme timeplanar. I åra fram til Louise Hartung døydde i februar 1965, skreiv dei til kvarandre to–tre gonger i månaden, over 600 brev, som no er redigerte og utgjevne.

Politikk og kjærleik

Brevvekslinga er både eit til tider hudlaust, personleg dokument om to sterke, intelligente kvinner, ei politisk, sosial og kulturell krønike frå den nære fortida vår, og historia om to kvinner der den eine ynskte eit lidenskapeleg kjærleikstilhøve, medan den andre var avgjort heterofil. Konflikten mellom dei på dette punktet er ein av dei såre undertonane i breva, og noko dei stadig vende attende til.

Av dei interessante emna dei elles diskuterer, er den tyske sensurens syn på Astrid Lindgrens bøker. Somme meinte at det var for mykje vald i Pippi Langstrømpe-bøkene, og at skapnadene i Mio min Mio (1954) var skremmande for tyske barn som hadde opplevd krig og terror. Louise forsvarer bøkene med at dei framfor alt handlar om kjærleik. Ho er òg sterkt oppteken av tysk lovgjeving, som gjer at mødrer til barn fødde utanfor ekteskap ikkje er verje for sin eigne ungar, og at borna heller ikkje arvar faren.

Dei storpolitiske hendingane i tida opptok òg dei to kvinnene. Louise, som hadde opplevd Berlins fall og sjølv vorte utsett for valdtekt av russiske soldatar, var pessimistisk med omsyn til Tysklands framtid og fortvila over bygginga av Berlinmuren i 1961. Mordet på John F. Kennedy i 1963 skaka dei båe.

Fleire meldarar har trekt fram at denne brevvekslinga syner ei politisk og sosialt engasjert side ved Astrid Lindgren som ikkje har vore så kjend. Men slike aspekt er vel tydeleg til stades i forteljingane hennar? Dagboka ho skreiv under krigen, og som kom på svensk og norsk i 2015 som Krigsdagböcker 1939–1945, syner at ho følgde godt med i krigens gang, og at ho framfor alt var oppteken av den menneskelege lidinga krigen førte med seg.

Om noko overraskar ved det portrettet ein indirekte får av Astrid Lindgren her, må det vere den djupe melankolien ho stundom vert råka av, og ei ulyst ved livet, trass i litterær suksess, sterke naturopplevingar og glede over barn og barnebarn. Behovet for einsemd var enormt, og tanken på døden aldri langt unna, korkje hos henne eller hos Louise.

Ein kulturimpuls

Begge kvinnene står lys levande for oss, ikkje minst Louise, som gjennom desse breva verkar meir interessant og allsidig enn veninna. Venskapen med denne eksepsjonelt intelligente, kultiverte, fantasirike kvinna med stor lesnad og stort engasjement må ha opna portar til Tysklands kulturliv for «bondejenta frå Vimmerby». Ikkje berre var Louise ekspert på tysk litteratur og musikk, med si fortid som konsertsongar, ho hadde òg god greie på politikk, vin og filateli (sic).

Ho skriv råkande om gamle brevvekslingar, som ho elska å lese meir enn noko anna (her i dansk omsetjing): «Jeg kan nemt forestille mig brevskriverne og rekonstruere deres liv og deres måde at tænke på ud fra de hverdagssorger, de skildrer.» Det gjeld òg denne brevsamlinga, som er ein pageturner til å bli klok av – og som kan lesast på dansk eller (helst) svensk.

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emeritus i nordisk litteraturvitskap og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis