JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dyster forteljing
om mannen

En sånn jente er ei forferdeleg skremmande bok. Men eg saknar eit breiare perspektiv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3480
20171027
3480
20171027

SAKPROSA

Monica Flatabø:

En sånn jente. En dokumentar om voldtekt

Vigmostad & Bjørke

Monica Flatabø har møtt eit knippe valdtekne kvinner, særleg to av dei tek mykje plass i denne boka: Marthe Stavrum var sambuar med serievaldtektsmannen Julio Kopseng. Andrea Voll Voldum vart valdteken av tre menn i ei campingvogn i Hemsedal etter at dei dopa henne ned. Alle tre vart fritekne. Tilbake sit ei ung kvinne som vart svikta to gongar. Fyrst av dei tre mennene som utnytta henne, så av det norske rettsvesenet.

Størsteparten av boka rekonstruerer Marthe Stavrum livet sitt som Kopsengs sambuar. Det er ei vond forteljing om vald, tortur og seksuelle overgrep.

Grenselaus kultur

Flatabø har òg gått tett på eit ungdomsmiljø på Austlandet der fleire av jentene har vore utsette for valdtekt. Overgriparane er gutar dei har kjent heile livet. Flatabø får godt fram korleis mange av jentene bagatelliserer overgrepa. Dei trur valdtekt er eit valdeleg overfall med tiltvinga samleie og veit ikkje at valdtekta famnar langt meir. Flatabø får skildra godt kva grenselaus kultur og praksis som finst, nett no, i ein seksualisert norsk ungdomskultur som ser ut til å ha gått heilt av skaftet. Innimellom reflekterer forfattaren saman med juristar eller forskarar om norsk rettsvern, seinskadar og traume hos den valdtekne.

Sjølv om historiene til dei to kvinnene er sterke å lese, meiner eg at Flatabø lovar for mykje når ho kallar boka ein dokumentar om valdtekt. Detaljerte skildringar frå Stavrums samliv med Kopseng tek for mykje plass. Flatabø burde ha heva blikket. Eg seier slett ikkje at det ikkje er viktig for Stavrum å fortelje om livet saman med ein psykopat så grufull at eg mest ikkje har høyrt verre. Eg seier heller ikkje at eg ikkje er takksam for at Stavrum eller Voldum har opna opp: Som lesar sit ein att og ynskjer dei begge alt godt i livet. Men eg seier at ein dokumentar om valdtekt òg burde ha løfta opp mannen som valdtek. For kor mykje fortel Kopseng oss eigentleg om gutane som ikkje tek eit nei for eit nei og skadar unge jenter på fest, ofte for resten av livet?

Manneperspektiv

Eg søkte svar då eg starta å lese: Kvifor er valdtekt framleis eit samfunnsproblem i eit likestilt Noreg? Kva rutinar har politiet når dei får inn ei melding om seksuelt overgrep? Kva er grunnen til at så utruleg mange saker vert lagde bort? Og kor kjem det frå, kvinnesynet som ligg bak ei valdtekt, eller når vanlege menneske bagatelliserer valdtekta og skuldar på kvinna sjølv? Kva er det med den mannlege seksualiteten som gjer at menn valdtek? Handlar det mest om makt eller sex? Korleis vil skulepolitikarar arbeide for å opplyse ungdomen om seksuelle grenser? Det er gutar som valdtek. Kvifor har ikkje Flatabø oppsøkt fleire gutar og fått dei til å fortelje frå miljøa dei kjem frå, om korleis dei tenkjer om jenter, grenser og sex, om dei er påverka av pornografi eller ikkje?

Det som står i denne boka er godt nok. Det er alt det som ikkje står her, som gjer boka svakare enn ho burde vore. Eg vona at valdtekta skulle analyserast og drøftast ved hjelp av forskarar og andre som kunne fortelje oss meir om kva som gjer at ein mann valdtek. Utan at vi veit det, vert det vanskeleg å førebyggje valdtekter.

Eskil Skjeldal

Eskil Skjeldal er forfattar, teolog og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein dokumentar om valdtekt burde òg ha løfta opp mannen som valdtek.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis