Du skal få ein dag, Ilmorog
Blodige kronblad er ein stor roman om makta, korrupsjonen og den einskilde.
Ngugi wa Thiong’o er forfattar og professor i engelsk. I 2010 var han på kortlista til Nobelprisen i litteratur.
Foto: Daniel A. Anderson
Roman
Ngugi wa Thiong’o:
Blodige kronblad
Omsett av Reidulf Molvær
Solum Bokvennen
Det er ikkje lett å halda tritt med utviklinga, men så skjer det noko uventa, og nett no gjer pandemien mange av oss til troglodyttar, altså holebuarar. Tida går seinare, og utviklinga liknar avvikling. Då er det lurt å lesa bøker, heller enn å øydeleggja sinnet på stadige oppdateringar om stoda. Ja, om ein kan få fatt i bøkene, då. Kan ein det, er det mellom anna ein god idé å gje seg i kast med romanen Blodige kronblad av den kenyanske litteraturens kronjuvel, Ngugi wa Thiong’o, ikkje minst av di boka er så tjukk at ein vert distrahert frå nedslåande helsenytt ei god stund.
Politisk intrige
Sentralt i boka står den vesle landsbyen Ilmorog, der ein Godfrey Munira ein dag kjem for å byrja som lærar på den lokale skulen. Etter mykje motstand får han sving på undervisinga, og litt etter litt vert han ven med fleire av dei lokale. Så kjem det ein øydeleggjande turke i Ilmorog, nauda står for døra, og folket tek ei stor avgjerd, dei vil gå heilt til Nairobi, hovudstaden, og leggja problemet sitt fram for ein viss Nderi wa Riera, parlamentsmedlem frå valdistriktet dei høyrer til. Tanken er at Ilmorog aldri har fått anna enn tomme ord frå styresmaktene, og at dei berre vil be om slikt dei meiner dei har rett på. Turen til fots, men også med ei eselkjerre, vert strabasiøs, og undervegs får dei sjå kor lite hjelp det er å få. Då dei endeleg får den mektige Nderi i tale, har han ikkje anna enn svada å komma med, medan han gruvlar over kva for ein politisk rival det kan vera som står bak dette. Fanga i det politiske intrigespelet, der makta er ein funksjon av korrupsjon, kan han ikkje tenkja på anna enn intrigar sjølv.
Nderi er noko av ein karikatur, og han har det sams med somme andre i denne romanen at han først og fremst representerer, at han er ein type, meir enn ein truverdig og sannsynleg mann. Den eigentlege personen i boka er læraren Munira, og me ser han frå mange sider. For romanen tek til med at han vert arrestert, og litt etter litt, i ein tekst som skifter perspektiv og tid i eino, forstår ein at eit politisk trippelmord har skjedd, og at Munira er mellom dei mistenkte.
Omstilling
Romanen kom ut i 1977, og det meste av handlinga går føre seg etter at Kenya vart sjølvstendig i 1963, men med glimt og tablå frå eldre tider, slik at ein forstår kor stor omstillinga var for folk i ein landsby som Ilmorog, der eventyr og legender vart til berre tre generasjonar attende, og der innbyggjarane sjølve prøvde å orientera seg i ei verd av reklame, skytevåpen og telefonar berre ein mannsalder etter at den første syklisten på dei kantar gjorde godtfolk fælne. No skal nye institusjonar fyllast, det er ei tid for kometkarrierar, men også for undergang. Landsbyen Ilmorog vert til byen Nye Ilmorog, ein by som har fått si store tid, men den tida har gått ifrå dei gamle, eller dei som har vorte gamle før tida, som Munira.
Boka sympatiserer ikkje med nokon av karakterane, men syner korleis mennesket prøver å klara seg i omskiftelege tider, der somme veit å utnytta endringane til eigen føremon, medan andre, som alltid, lyt bukka under. Her er mykje kulturell koloritt, men ikkje meir enn at ein kjenner att det menneskelege, diverre både på godt og vondt, slik at romanen til sjuande og sist ikkje handlar om Kenya åleine, men om mennesket, makta og hjelpeløysa.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her er mykje kulturell koloritt, men ikkje meir enn at ein kjenner att det menneskelege.
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.