JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Du finn ikkje noko betre

Verdas beste fotballbok nærmar seg 50 år. Framleis vert ho trykt i nye opplag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vinnarlaget Tottenham etter sesongen 1960–61 med manager Bill Nicholson i midten på bakarste rekkje.

Foto: Bob Thomas / Wikipedia

5544
20201023
5544
20201023

Sakprosa

Hunter Davies:

The Glory Game

Mainstream Publishing
Edinburgh og London, 1972

Geir Lundestad, ein av få nordmenn, som meistrar spiss­-
formuleringar på lik line med britane, sa ein gong: «Når ein har lese nok sakprosa, treng ein i grunnen ikkje lesa meir enn føreordet. Det einaste nye ein forfattar kan tilby etter at kjeldene er kjende, er ei uventa vinkling.»

Ja, det er arrogant sagt, men vi forstår kva han meiner. Eg har levd av å skriva i 20 år, og i 45 år har eg nytta det meste av tida eg er vaken, til å lesa. Ein vert litt skadd av slikt. Gleda ved lesing vert borte når ein gjer det til arbeid. Det meste av profesjonell lesing og skriving handlar til slutt om å sjå etter feil.

Men av og til, ein sjeldan gong, kjem du over noko som er heilt ekte nytt, boka du berre ikkje kan leggja frå deg. Du stiller deg spørsmålet: Korleis går det an å skriva så godt? The Glory Game, som – ukjent for meg – vart gjeven ut i norsk omsetjing av arbeidarforlaget Tiden så tidleg som i 1973, er ei slik oppleving. Boka er rein og skjer leseglede. Nei, eg vart ikkje tilrådd boka av ein ven eller ein fotballelskar eller noko slikt. Eg har ikkje nokon å takka. Eg fekk e-post frå ein Amazon-algoritme, noko som meir enn det meste vitnar om kva von- og gledelaus tid vi lever i.

Vi lever i ei tid som til og med har teke frå oss gleda ved å gå i ein skikkeleg bokhandel på leiting etter noko som kan forføra oss i desse få timane vi har fått på jorda. Dessutan lever vi i ei tid der vi ikkje lenger ser fram til å kjøpa billett til ein fotballkamp der laget vi heier på, skal møta Brattvåg i femtedivisjon. Ingen gutunge drøymer i dag om ein dag som vaksen å få spela på Volda.

Beatles

Hunter Davies – ja, det er han som skreiv den offisielle Beatles-biografien – skriv om ei tid som er borte, men han skriv òg om noko som aldri vert uaktuelt: Han skriv om kva det er å vera menneske. Ei bok som The Glory Game, vedgår han heilt ope i eit nytt føreord frå 2001, er umogleg for nokon å skriva i dag. Det er heilt utenkjeleg at ein forfattar no skal få total tilgang til eit godt og populært profesjonelt lag i fotball. Det finst ikkje lenger nokon god fotballspelar eller trenar som ikkje har ein pressetalsmann eller agent som vaktar kvart eit ord. Moderne proffar er ufrie menneske. Dei veit at éi feil melding på Twitter øydelegg millionar i inntekt. Maradona er i dag utenkjeleg. Dag Solstads setning om at vi burde vera glade for at narkomane vil spela fotball, er i vår tid totalt absurd.

Ikkje for det, alt i 1971–1972 var det Davies fekk høve til nokså utenkjeleg. Han lurer sjølv på, i det nye føreordet korleis han fekk det til. Svaret han gjev var at korkje spelarane eller leiinga i Tottenham viste kven han var, og det sjølv om han alt då var ein nokså kjend forfattar. Fotballfolket les ikkje bøker.

Men heldigvis for han hadde han aldri skrive om fotball, for alt då hata alle i fotballen journalistar, og alt då hadde fotballen byrja å minna om det sirkuset vi alle kjenner. Nei, løningane var ikkje høge, den best betalte fotballspelaren var Bobby Charlton, som i toppåret, då han vann serievinnarcupen i 1968, tente 15.000 pund. Men det var 20 gonger så mykje som dei beste tente i 1950-åra. I dag er det mange spelarar som tener meir på éin dag enn Charlton gjorde på eitt år.

Total tilgang

Men Davies fekk altså total tilgang til heile Tottenham og den legendariske trenaren, Bill Nicholson, som gav klubben den no så gløymde dobbeltriumfen i 1961. Han fekk til og med vera med gamlingen, som hadde betre kondisjon enn alle spelarane og fekk avkutta karrieren med seks år på grunn av krigen, heim og overnatta i det vesle rekkehuset ved White Hart Lane. Ikkje berre fekk han prata med konene og kjærastane til spelarane og trenarane, han var faktisk med på treningane òg. Han var i såpass god form at det gjekk greitt. Samtalane han gjev att frå treningsfeltet, er, for å seia det slik, ikkje samtalar som hadde passert på Twitter i dag.

Men det som gjer boka stor, er ikkje at Davies fekk unik tilgang til eit fotballag, det er heller ikkje det at Davies verkeleg kan fotball, og det kan han. Nei, det som gjer boka god, er at Davies maktar å formidla kva vi menneske er. Tak dette med reservar: Dei fleste av oss er ikkje særmerkt gode, og vi veit det.

Det verste med å vera reserve, er at du ikkje vert sett. Vi menneske vil så gjerne verta sette. Men det vert vi stort sett ikkje, av andre enn mor. Og vert vi sette, er det dei få gongane vi verkeleg får høve til å gjera noko stort – og ikkje maktar det. Elles er det mødrene og kvinnene som er dei heroiske i denne soga. Du og du kor glade alle desse beinharde, men likevel så skrøpelege mennene er i det motsette kjønnet. Dei er den einaste trøysta dei har kvar gong dei feilar. Og det gjer dei støtt.

Ja, boka er om fotball, men ho er likevel ikkje om fotball. Nokre få dagar i oktober fekk eg attende kjensla frå barndomen. Eg fekk på ny oppleva ekte leseglede. Eg vart lei meg då eg er var ferdig. The Glory Game er ei av dei beste bøkene nokon gong er skriven, og alt eg har å takka for lesetipset, er ein algoritme. Satellittfjernsyn og internett er satans tarmsaft. Elles kjem det tydeleg fram i boka at det aldri har eksistert eit så godt og skremmande lag som Super Leeds. Boka er altså tvers gjennom ærleg og rett.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det som gjer boka god, er at Davies maktar å formidla kva vi menneske er.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

Jan H. Landro

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis