Draumen om eit betre liv
Kniven i ilden dannar grunnmuren i eit større byggverk.
Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for bøkene ho har skrive sidan debuten i 1999.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Roman
Ingeborg Arvola:
Kniven i ilden
Cappelen Damm
For vel førti år sidan blei eg fengsla av romankvartetten til Idar Kristiansen (1932–1985) Kornet og fiskene (1978–1981), om den finske utvandringa til Ruija (Finnmark) på 1850-talet. Etter den tid har eg litt til og frå følgt med på både den samiske og den kvenske litteraturen, med namn som Ailo Gaup (1944–2014), Sigmund Skåden (f. 1976) og Nils-Aslak Valkeapää (1943–2001). Ingeborg Arvola føyer seg inn i denne rekka, for sjølv om ho er norsk og skriv på norsk, har ho kvensk blod i årene og eit hjartespråk med mange finske ord og songstrofer som har følgt henne frå oppveksten i Neiden og i Pasvik.
Ein ny start
Alt dette tar ho ut i Kniven i ilden, som ifølgje forlaget innleier ein trilogi, Ruijan rannalla – Sanger fra Ishavet, om det kvenske miljøet i Aust-Finnmark konsentrert kring Neiden, Bugøynes (Pykeijä) og Vadsø. Romanen er i fire delar, ein for kvart år mellom 1859 og 1862, og kvar del har ei kort historisk innleiing.
Den som fører ordet, er Brita Caisa Seipajærvi, 35 år frå Sodankylä i Nord-Finland. Ho er ugift, men har to søner med forskjellige menn. Ho er stempla som utuktig, og betre blir det ikkje når ho seinare møter Mikko, ein gift mann med eigen gard i Neiden. Ho framstår som ei slags femme fatale.
Men før det kjem dit, har ho gitt seg i veg med sønene Aleksi og Heikki med Bugøynes som mål, der det er både finske fastbuande og sesongarbeidarar. Det er mange hinder undervegs, men Brita Caisa er både praktisk og handlekraftig, og sidan ho også har greie på enkel folkemedisin og «har et eget lag med alle Guds skapninger», vinn ho tillit hos folk ho møter.
Det som driv henne, er draumen om eit betre liv, å finne ein mann å gifte seg med, å komme seg bort frå fattigdom, skam og fornedring, å starte på nytt med blanke ark: «Jeg ser ikke bakover. Jeg ser framover. Den veien, videre.» Samtidig er ho prisgitt styresmaktene, med prest og lensmann, og dei er harde i klypa når det skal statuerast eksempel.
Fargerikt miljø
Arvola viser fram eit fargerikt miljø i møtet mellom ulike folkeslag der synet på eigedomsrett ofte fører til konfliktar og rettssaker, bøter og sakskostnader, ja, det kan også ende med fengsel og tukthus. Men det er folkelivet i kvardag og fest som står i sentrum, saman med ei kjærleikshistorie som berre må ende tragisk for alle partar, men «hjerter er hjerter», og Arvola skriv fram forholdet mellom Brita Caisa og den gifte Mikko på vakkert vis.
På 1860-talet sat overtrua enno djupt i folk, og det som i dag har rasjonelle forklaringar, blei den gongen forklart ut frå at det var dei underjordiske, småfolket, som dreiv med all slags fanteri. Ganding var også ein del av folketrua, og hos Arvola er alt dette til stades som realitetar i folks medvit saman med alle slags skrøner og overdrivingar som kjem på bordet i godt lag med god drikke til. Og ein gjekk heller ikkje av vegen for ein slåstkamp når namn og ære stod på spel.
Idar Kristiansen blei i 1981 nominert til Nordisk råds litteraturpris for romankvartetten Kornet og fiskene. Ingeborg Arvola kan vel også håpe på ein slik nominasjon om nokre år når alt er på plass.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er folkelivet i kvardag og fest som står i sentrum.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.