JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Drabantbyen i bøkene

Det er kjenslevart å vere frå ein stad aust i byen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nye drabantbyen Lambertseter tok form i 1950-åra.

Foto: Billedsentralen / NTB

4180
20210212
4180
20210212

Essay

Leif Bull:

Ganske følsom til å være fra østkanten. Et essay

Cappelen Damm

Leif Bulls bok Ganske følsom til å være fra østkanten er eit essay på om lag 200 sider som presenterer drabantbyen i norsk litteratur frå slutten av 1950-åra til i dag. Utvalet er subjektivt, analysen skarp og innfallsrik. Bull flettar også inn morosame glimt frå sin eigen oppvekst.

Han voks opp i Prinsdal, gjekk på Hauketo ungdomsskole, brukte biblioteket på Holmlia og flytte som vaksen med familie attende til opphavsgrenda. Han kastar blikk attende, fortel om innvandring og rasisme, om vald og utstøyting. Sjølv voks han opp i ein ressursrik heim med hytte ved sjøen og på fjellet og ovmykje bøker i hyllene, men slike levde ein også i drabantbyen.

Bull presenterer Eva Ramms roman Støv på hjernen frå 1958, held fram med Guro Sandsdalens Dagbok frå ein drabantby frå 1972, Per Pettersons debutsamling frå 1987 Aske i munnen, sand i skoa, Seierherrene av Roy Jacobsen frå 1991, og så følgjer på rekkje og rad glimt frå romanuniversa til Axel Jensen, Dag Solstad, Tove Nilsen og fleire andre.

Eit nidportrett

Støv på hjernen skildrar kvardagen til husmora på 1950-talet som ein slags konsentrasjonsleir. Husmora er ringa inn av nådelause krav om å vaske golv og tøy, tørke støv og sylv, pusse vindauge, halde reint, lage dei beste middagane og kle ungane med kjolar og bukser som naboane kan ovundre. Og helst sy kleda sjølv og elles te seg og kle seg som dei andre. Avvik blir slått hardt ned på. Miljøet er klaustrofobisk, eit kikkarsamfunn, boka er ein visjon om eit normpress, men også eit kritisk, overstadig og underhaldande nidportrett.

Den kalde, sjellause, monotone og anonyme atmosfæren i drabantkulturen går att i mykje etterkrigslitteratur, skriv Bull, men draumen om det frie livet utanfor blokka, i skogen, i marka og på landsbygda, lever også som ein draum for dei som ønskjer seg ut av bygatene. I 1950 hadde likevel fleire forfattarar, fremst av dei Tor Jonsson, synt at grågrenda, bygdedyra og kulden langs landevegen var like nådelaus som det kvelande konformitetspresset i drabantbyen.

Sjølv om mange forfattarar teikna dystre bilete av drabantbylivet, er det klårt at moderne bustader med wc, bad og nye tekniske hjelpemiddel også reflekterte eit tryggare, betre tilvære for hundretusenvis av nordmenn. Roy Jacobsen legg ikkje skjul på dette. «Vi gjorde som alle andre her i landet, vi fikk det betre», skriv han i romanen Seierherrene. Gjennom ei forteljing om bydelen Grorud speglar romanen korleis arbeidarklassen i Noreg endra vilkåra sine. Bull kallar romanen hans eit sosialdemokratisk epos. Og drabantbyen er hovudscena, der innflyttarane kan leve eit ryddig, ordentleg og tryggare liv, som truleg også skapar lykkelegare sjeler.

Eventyrstøv

I framtidsromanen Epp frå 1965 teikna Axel Jensen eit heilt anna bilete av livet i dei høge blokkane. Her er all individualitet knust og feia vekk, det same er samkjensla og samhaldet. Også Christopher Nilsens teikneseriar gjev eit slikt marerittbilete, sjølv om det her handlar om ungdom som drikk uhemma, som rusar seg, røykjer hasj, driv hærverk og har laussleppt sex. Bull kallar Nilsen for Østensjøbyens Jane Austen, og diktaren veit å banne meir uhemma og gulpande frodig enn nokon annan norskkunnig forfattar, sjølvsagt med drabantbysjargongen som kjelde.

Dag Solstad tek også ein sentral posisjon som drabantbyskildrar, og heller ikkje han har sans for dei verdiane i kulturen som ovrar seg i blokkane. Det har derimot Anne-Cath. Vestly i sin fiksjon om bydelen Tiriltoppen, ein moderne versjon av eit Noreg i endring.

Forfattaren av Ganske følsom til å være fra østkanten identifiserer seg elles med pappaen til Aurora frå Tiriltoppen, fordi han som Auroras pappa også smør matpakker, lagar middag, hentar og leverer barna i barnehagen og er heimepappa. Og sjølv om han har valt ut bøker der dei mørke og triste fargane dominerer, strør han også eventyrstøv over blokkane i drabantbyen sin og trivst der. Heldigvis.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Utvalet er subjektivt, analysen skarp og innfallsrik.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis