Dødsdans i Deep South
Lina Wolffs beksvarte kjærleikssoge engasjerer ikkje.
Lina Wolff har skrive bøker i ulike sjangar og fått mange litterære prisar sidan bokdebuten i 2009.
Foto: Gustav Bergman
Roman
Lina Wolff:
Djevelgrepet
Omsett av Bodil Engen
Oktober
Litt over midtvegs i Djevelgrepet flyr hovudpersonen frå Europa til det sørlege USA. På veg ned mot landjorda brettar sumplandskapet seg ut rundt byen ho rømmer til for å kome unna den brutale elskaren sin. Ein medpassasjer fortel henne at New Orleans er ein valdeleg by, ein av dei verste i USA: «Folk blir gale, de orker ikke mer, de går ut og dreper, for det er slik mennesker fungerer når de blir stresset, de går ut og sloss og dreper.» Lesaren får eit tydeleg hint om at reisa kjem til å gå frå oska til elden.
Kanskje er sitatet over også meint å seie noko om temaet, men som så mykje anna i denne boka blir det berre ein påstand og ikkje noko lesaren får høve til å leve med i. Lesaren blir aldri sleppt tilstrekkeleg inn i personar eller situasjonar til å få grep om dei underliggande årsakene til alt det ubehagelege som hender gjennom dei drygt 250 sidene.
Når vi over halvvegs i romanen enno ikkje har kome på innsida, greier vi ikkje å bli engasjerte i den siste delen heller. For meg var Djevelgrepet eit skuffande første møte med Lina Wolff, ein forfattar som har fått fleire prisar for tidlegare bøker.
Minnie og Mickey
Ei språkmektig svensk kvinne på 32 år er nyleg komen til Firenze for å bu saman med den italienske mannen ho har forelska seg i. Slik byrjar romanen, vi kjem rett inn i handlinga. Det kan vere vel og bra, men lesaren forventar gjerne at meir informasjon snart vil kome for å fylle ut biletet. Dette vil ikkje Wolff gi oss, og det blir eit frustrerande brot på lesarkontrakten.
Vi får aldri høve til å forstå kvifor ei godt utdanna kvinne frå det likestillingsprega Norden held ut og held fram i det som snart viser seg som ein destruktiv relasjon. Kvifor finn ho seg i å vere med ein mann som har verken utsjånaden eller noko særleg anna med seg, og som trekkjer henne med seg i ein regelrett dødsdans av brutalitet og mishandling? Han gir henne attpåtil namnet «Minnie Mouse», ho skal reduserast til ei teikneseriefigur utan eigen identitet eller vilje.
Ein skjønar at det må handle om sterke sjølvdestruktive trekk, men får ikkje innsikt i kvifor og korleis. Det blir sagt mange gonger at det er den intense sexen som klistrar dei til kvarandre, men vi får ikkje noka kjensle av dette. Dei kulturelle ulikskapane mellom dei to i paret, blir heller ikkje utdjupa på nokon interessant måte, framstillinga av den latinske mannen ligg tett på klisjeen.
Det er jo eit tragisk faktum at tematikken ikkje er røyndomsfjern. Mange kvinner lever i tilsvarande kjærleiksforhold som øydelegg dei. Men for å utleggje eit slikt alvorleg tema, synest eg ein forfattar skuldar lesarane å forsøke å forklare kva for psykologiske kompleks som er i sving når ein presumptivt oppegåande kvinne beveger seg så langt ut mot avgrunnen.
Demonar
Ettersom det «djevelske» grepet frå partnaren kveler det som har vore friskt og sunt, sklir hovudpersonen ut i galskapen. Ein fantasi som stammar frå eit grotesk barndomsminne (omtrent alt vi får vite om fortida), veks til noko ho faktisk trur på: at både ho og partnaren er besette av demonar. Det er vanskeleg å vite korleis ein skal oppfatte dette. Å lese Djevelgrepet blir som å sjå ein dårleg krim der grufulle hendingar rullar fram framfor auga, utan djupare hensikt eller logikk. Wolff målar ikkje ut valdshendingane og gir oss helst skildringar av følgjene, blåmerke og hevingar, men dette forsterkar kjensla av å ikkje bli sleppt inn i handlinga.
Omsetjinga av Bodil Engen kan eg ikkje finne manglar ved. Språket i romanen er det lite å seie om, det er på det jamne og det er neppe Engens feil.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.