Bok

Dobbeldans i psykosekroken

Martin Tesli skriv underhaldande om historiske fenomen med ein hysterisk vri.

Martin Steen Tensli er lege, spesialist i psykiatri og forskar. Han debuterte som forfattar i 2018.
Martin Steen Tensli er lege, spesialist i psykiatri og forskar. Han debuterte som forfattar i 2018.
Publisert

Tida er til, uhandgripeleg, men målbar, stundom irriterande, og ender og då lækjande. Me reiser alle i tida, men for det meste i same tempo og retning. I den nye boka til Martin Tesli, eit framhald av den gamle, vert det gjort ei slags tidsreise 500 år attover i tid, på ein måte konkret, på ein annan måte abstrakt.

I den førre boka møtte me svograne Leira og Didriksen, som båe sov seg attende frå 2014 til tidleg på 1500-talet, i ein draum eller psykose som var så livleg og utruleg at han berre kunne eksistera i ei bok. Dei delte psykosen, og slik held det fram i den nye boka der dei to kanaljane, som ikkje nett er gode vener, båe hamnar i den eine høge posisjonen etter den andre og vert sentrale i historiske hendingar i Norden, Didriksen mellom anna som livlege for kong Kristian II, og Leira som storinkvisitor, før han ved ei religiøs kuvending vert såkalla superintendent, sjølv om han er meir av en suppegauk enn superintelligent.

Opportunistisk

Leira er opportunistisk av funksjon, men ikkje med ambisjon som tildriv, berre med slik feigskap ein person frå det makelege tjueførste hundreåret vil syna i møte med den brutale røynda for fem hundre år sidan. Og brutalitet er det mykje av, båe dei to tidsreisande kjem tett på groteske hendingar, som massakren i Stockholm i 1520. Her vert i det heile folk torturerte og avretta på grufullt vis, men midt oppe i det heile spring Leira og Didriksen ikring, blandar seg i det historiske og ter seg som teikneseriefigurar, og det mellom andre av same kaliber.

For sjølv om hendingane Tesli skildrar, på underhaldande vis, er historisk korrekte, er personane sjeldan meir enn sjablongar. Dei vonde, som er i fleirtal, er tvers igjennom vonde, nokre gonger er dei endåtil feite, og då veit ein at botnen er nådd når det gjeld moral og humanisme. Samtalane mellom aktørane er tidvis doserande og lite truverdige, dei er mest til for å opplysa lesaren og for å halda liv i ein hjelpemotor i romanmaskina, nemleg påstanden om det dårlege tilhøvet mellom Leira og Didriksen.

Flat struktur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement